Det vart skote mot to kyrkjer. Vekst i hatprat og truslar i Tyrkia - Stefanusalliansen
Lokalt i Antalya opplever den evangeliske kyrkja godt samarbeid med styresmakter. Men også der kjem det stygge trugsmål over telefon og i sosiale media.

Lokalt i Antalya opplever den evangeliske kyrkja godt samarbeid med styresmakter. Men også der kjem det stygge trugsmål over telefon og i sosiale media.  

Tyrkia   

To protestantiske kyrkjelydar i Tyrkia opplevde sjokket i fjor: Det vart skote mot bygga deira. Det var vekst i hatefulle verbale angrep.

Det går fram av ein årsrapport frå Alliansen av protestantiske kyrkjer i Tyrkia (TEK).

Rapporten summerer opp brot på menneskerettane for dei 214 små og store protestantiske kristne kyrkjene i landet. Dei aller fleste som er med i desse, er «nye kristne» – det vil seia konvertittar frå muslimsk bakgrunn.

Det protestantiske kyrkjefellesskapet er i vekst. Nye menneske søkjer kyrkjene, og det skjer stadig dåp. Men kyrkjene opplever motstand, ikkje minst frå ytterleggåande muslimar.

Skot mot kyrkjer
Den 20. januar i fjor vart det losna skot mot ei kyrkje i byen Eskisehir, mellom Istanbul og hovudstaden Ankara. Skytinga skjedde om kvelden. Bygget var tomt, ingen vart skadde. Politiet har ikkje vilja etterforska. Denne skyteepisoden kom i skuggen av ein meir alvorleg skyteepisode mot ei katolsk kyrkje i Istanbul der ein vart drepen.

På nyttårskvelden vart det skote frå ein bil mot eit kyrkjebygg i Cekmekoy aust for Istanbul. Mannen som skaut, gjekk etterpå verbalt til angrep på kristne som feira nyttår. Han påstod at dei «hjernevaska den muslimske ungdommen vår». Mannen brølte at dei kristne var «vantruande» og «ville hamna i helvete».

Tre andre  kyrkjer opplevde innbrotsforsøk eller andre fysiske angrep i 2024: Eit nytestamente vart sett fyr på, og eit bygg som dreiv matutdeling, vart påført skader.

«Religiøs plikt å drepa»
Fleire kyrkjelydar og enkeltmenneske opplevde grove, hatefulle trugsmål – både ansikt til ansikt og over telefon. Den 28. november dukka to menn opp ved ein bokstand utanfor ei kyrkje i storbyen Izmir. Dei fornærma kyrkjefolka, og ein av dei sa rett ut: «Kvifor vert de ikkje drepne av lokale muslimar?»

Sidan 2019 har svært mange utanlandske kristne blitt kasta ut av Tyrkia. Fram til sommaren 2025 er det kjent at kring 170 har fått slike N82-kodar. Ved utgangen av 2024 var det 132.

Ni som gjekk til Konstitusjonsdomstolen for å få koden N82 omgjort, vart etterpå truga på livet. Då domstolen den 8. juni i fjor avviste sakene deira, vart nemleg namna deira offentleggjorde . I ulike mediekanalar vart dei ni skulda for å vera «misjonærar» og «fiendar av staten». I sosiale media var det somme som kravde dødsstraff, andre skreiv at det var ei religiøs plikt å drepa dei ni.

 

I sosiale media var det somme som kravde dødsstraff, andre skreiv at det var ei religiøs plikt å drepa dei ni.

 

«Sjokkpolitikken må ta slutt»
Utkastinga av utanlandske kristne heldt fram i 2024 og skapte store problem både for kyrkjer som treng innsatsen deira, og for dei ramma familiane.

– Sjokkpolitikken mot utanlandske medlemmer av det protestantiske samfunnet, ved brått å forby dei opphald i landet, må endrast. Dei har aldri vore tiltalte for noko kriminelt og lid eine og åleine på grunn av trua si, heiter det i rapporten.
 

Hatprat i sosiale media
Det største omfanget av hatprat og trugsmål kjem via sosiale media. I nokre tilfelle fører hatprat til fysiske angrep, konstater TEK-rapporten.

– Vi har sett ein vekst i hatprat retta mot kristne i 2024 samanlikna med året før, både skriftleg og munnleg. Målet er å provosera fram hat i opinionen. Sjølv om saker vert registrerte hos politiet, slepp dei ansvarlege unna utan straff, seier TEK.

Angrep på kristne og andre minoritetsgrupper skaper uro, heiter det.

Også i gjor opplevde ei protestantisk forsamling – i Malatya denne gongen – forsøk på å verva kristne som spionar. Dei fekk tilbod om ein stor pengesum mot å bli informantar som kunne fortelja det hemmelege politiet om kva som skjer i kyrkja deira. Dei avslo.

Antalya Evangelical Church opplever god kontakt med lokale styresmakter i turistbyen ved Middelhavet. Foto: Antalya Evangelical Church

 

Blir ikkje invitert
TEK er kritisk til at det protestantiske samfunnet aldri vert invitert  til dialogmøte som dei nasjonale styresmaktene arrangerer med ulike religiøse organisasjonar. TEK meiner dette viser at protestantane blir ignorerte. Det er betre med dialog enn å prøva å verva informantar, heiter det i rapporten.

Også i 2024 hadde fleire kyrkjer god kommunikasjon og godt samarbeid med lokale styresmakter. Det gjeld til dømes Antalya Evangelical Church som Stefanusalliansen i ei årrekkje har støtta i den store byen ved Middelhavet. Men TEK etterlyser god dialog og kommunikasjon på alle nivå med det offentlege Tyrkia.

Manglar eige gudshus
Majoriteten av dei 214 kristne fellesskapa finn vi i den største byen Istanbul, i hovudstaden Ankara og i storbyen  Izmir på vestkysten.

12 av desse har gudstenester i historiske kyrkjebygg. Over halvparten – 123 – møtest i leigde lokale. 57 har eigne bygg, og 22 møtest i private heimar. Det å ha ein eigen stad for samlingar er svært viktig for tyrkiske kristne.

Høg inflasjon og med det høgare leigeprisar har gjort det verre for alle i Tyrkia. Men fleire kyrkjer fekk  skrudd opp leiga langt over inflasjonen då utleigaren såg at det var ei kyrkje som skulle leiga.

Kütaya-kyrkja, sør for Istanbul, vart tvinga ut av lokala dei leigde. Ingen ville leiga ut lokale til dei. Ein utleigar bad  kristne spurde om lokale, forsvinna frå kontoret hans. «Eg er ein muslim. Det ville ikkje vera rett av meg å gje dykk lokale. Eksistensen dykkar er ein trussel.»

 

Prosjekt