Kristent ektepar kasta ut av Tyrkia etter nesten 35 år - Stefanusalliansen
James og Renata Bultema kom til Tyrkia i 1990. No er dei kasta ut av landet, utan grunngjeving.

James og Renata Bultema kom til Tyrkia i 1990. No er dei kasta ut av landet, utan grunngjeving.  

Tyrkia   

I nesten 35 år hadde det kristne ekteparet budd og arbeidd i Tyrkia. Så ein dag kom det brev frå Innanriksdepartementet. 

Sjokkmeldinga kom 14. mars: James og Renata Bultema hadde begge fått koden N-82. Dei er erklærte uønskte – stempla som «trussel mot offentleg tryggleik». 

– Det var eit sjokk å få beskjed om at vi aldri meir kan dra til Tyrkia, seier ekteparet som oppheld seg  i Tyskland. Dei er dei siste av nær 175 utanlandske kristne som sidan 2019 har fått koden N-82. 

«Dette er heimen vår» 
Dei tre barna til Bultema har vakse opp i Tyrkia. Saman med ektefellar kom dei tre «heim til Tyrkia» også sist jul. 

Renata var i USA for å besøkja det yngste barnebarnet då beskjeden kom. Ho vart nekta å reisa tilbake til Tyrkia. 

– Det er vondt å vita at det vi så lenge har kalla heimen vår, brått vart teken frå oss. Vi er fordrivne, seier Renata. 

James var i Tyrkia og kunne ta hand om ei rad saker før også han måtte setja seg på flyet i april i år. Dottera Talya kom frå Nederland saman med ei veninne frå Istanbul for å «pakka ned vårt nesten 35 år lange tyrkiske liv», som Renata formulerer det. 

Mykje er gitt bort til ein kyrkjeleg loppemarknad. Eit flyttelass står på lager til paret finn ut kvar dei skal slå seg ned.  Huset og bilane må vener selja for dei. Paret vart fråteke ID-nummer og skattenummer. Bankkontoane er stengde.  

«Det er som om alt vi eig er låst inne i Tyrkia, medan vi er låste ute», som James Bultema skriv i eit brev til president Recep Tayyip Erdogan. 

Bygde kultursenter 
James og Renata kom til Tyrkia i september 1990. Dei seks første åra var James pastor i ei internasjonal kyrkje i Istanbul. I 1996 flytta dei til turistbyen Antalya ved Middelhavskysten. Den internasjonale kyrkja der møttest på eit hotell. Ein dag varsla politisjefen James om at dei kunne halda fram, men ikkje på eit hotell. 

 

Det er som om alt vi eig er låst inne i Tyrkia, medan vi er låste ute. 

Bultema i brev til president Erdogan 

 
Dei valde å byggja eit kultursenter, som har juridisk status, i staden for eit kyrkjebygg. Då St. Paul Cultural Center (SPCC) opna i 1999, fekk også Antalya Evangelical Church, leia av Ramazan Arkan, rom der. Dette er kyrkja Stefanusalliansen støttar. Dei hadde 10-12 medlemmer. Raskt vart dei kring 70. 

Bultema har seinare bygt endå eit nytt kultursenter, Mozaic, vest i storbyen. Antalya Evangelical Church leiger rom også der, i det som er blitt den tredje lokasjonen. 

Gudsteneste i den internasjonale kyrkjelyden i Antalya. Foto: Renata Bultema

Ferieleirar 
I 27 år har ekteparet Bultema også arrangert ferieleirar for barn frå Tyrkia og andre land. Etter at dei blei kasta ut, valde dei å avlysa leiren i år, for ikkje å risikera at endå fleire fekk kodar og ordre om å reisa frå landet. 

– Dei to kultursentera har også ført til fleire «spin-off-kyrkjer».  Kanskje er det store avtrykket årsaka til at vi er blitt deporterte, undrast James Bultema. 

Han legg vekt på at dei to kultursentera har vore bygde «for Antalyas beste og for Guds ære». I St Paul-senteret er det øvingsrom for kor. Organisjonar som Anonyme Alkoholikarar og Anonyme Gamblarar har og lokale der. 

I det nyaste kultursenteret, Mozaic, er det også idrettstilbod som klatreveggar. Folk kan leiga ein arbeidsplass i eit kontorfellesskap. 

– Mozaic skal også ha kommersielle aktivitetar for å skapa inntekter som kan dekkja utgiftene der og for St Paul-senteret. Vi er ikkje der enno, framleis treng vi gåver. Dette er krevjande. Når vi no er kasta ut av Tyrkia, vert det endå vanskelegare, seier James Bultema. Dei to kultursentera er juridisk flytta over på andre. 

Godt samarbeid med styresmaktene
– Har de hatt problem med styresmaktene? 

– Nei, aldri. Tvert imot har vi hatt gode relasjonar til alle ordførarane i Antalya. Vi har fått god hjelp i arbeidet med kultursentera. Vi tok initiativet til at Antalya fekk venskapsby med min heimby i Michigan i USA. Ordføraren, ein muslim, fekk tala til ei kyrkje i Denver i Colorado. Han takka hjarteleg for mottakinga. Beskjeden om at vi var kasta ut av landet kom frå hovudstaden Ankara, utan forklaring. Det var eit sjokk, seier James Bultema. 

– Kva tenkjer du om politisk press mot Tyrkia i saka dykkar? 

– Det er vanskeleg. Dersom USA skulle engasjera seg, ville Tyrkia kunna svara med å visa til at USA sjølv kastar ut utlendingar. Med god advokathjelp har vi reist søksmål i Tyrkia og er villige til – om naudsynt - å gå heilt til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. 

 

Dersom USA skulle engasjera seg, ville Tyrkia kunna svara med å visa til at USA sjølv kastar ut utlendingar.

James Bultema

 

Brev til Erdogan 
I brevet til president Erdogan ber Bultema om at kodane vert fjerna. Dei minner om den grunnlovsfesta trusfridommen og skriv at dei alltid har trudd at Tyrkia, med eit muslimsk fleirtal, tok godt imot kristne som bur og tilber Gud i Tyrkia og gjestar det vakre landet.  

Dei takkar for rike år og velsignar både Erdogan, folk og land. 

–  Når vi vert kasta ut av Tyrkia, er det lett å forbanna, men framleis skal vi velsigna, seier James Bultema. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 4-2025

• LES OGSÅ: Jeg er ikke lenger velkommen i Tyrkia. Fordi jeg er kristen

Prosjekt