Hadde Nazila Ghanea budd i fødelandet Iran, ville ho aldri blitt professor. Og ho kunne blitt drepen som bahai.

Hadde Nazila Ghanea budd i fødelandet Iran, ville ho aldri blitt professor. Og ho kunne blitt drepen som bahai.  


Då Nazila Ghanea var 11 år, vart ei 16 år gammal jente drepen i byen Shiraz i Iran der Ghanea sjølv blei fødd. Ungjenta vart drepen fordi ho var bahai. Ghanea er bahai sjølv, men familien hadde flytta til Qatar, på motsett side av Golfen.

– Drapet gjorde djupt inntrykk på meg, sjølv om det ikkje der og då avgjorde livskursen min. Men då eg skreiv doktoravhandlinga mi, handla den om menneskerettssituasjonen for bahaiane i Iran. Den drepne jenta kunne vore meg, seier Ghanea til Magasinet Stefanus.

– Eg har levd som religiøs minoritet heile livet. Eg har ikkje lidd så mykje som mange andre. Men eg har alltid vore klar over kva rettar eg nyt godt av, men som mange er frårøva.

Sidan slutten av tenåra har Ghanea budd i Storbritannia der ho er professor og ein av verdas fremste ekspertar på trusfridom. Hadde Ghanea budd i Iran, ville ho aldri kunna ta ei slik utdanning eller fått ei akademisk karriere. Sidan den islamske revolusjonen i 1979 har det vore forbode for bahaiar å ta høgare utdanning, for ikkje å seia bli professorar. Og det er mange restriksjonar, basert på religion, som diskriminerer religiøse minoritetar og kvinner.

Frontkollisjon?

Ho stod i fjor haust bak rapporten «Women and religious freedom. Synergies and opportunities», utgitt av US Commission on International Religious Freedom».Rapport om kvinners trosfrihet, med et bilde av kjempende kvinner. Omtalt i intervju med Nazila Ghanea i magasinet til Stefanusalliansen.

– Rapporten har vekt mykje større interesse enn eg venta.

Trusfridom og kvinners rettar er, skriv Ghanea, nøye integrert i internasjonale normer. Men normer er éin ting. Mange land og grupper har inngrodde oppfatningar av at trusfridom og kvinners rettar frontkolliderer.

Ei rekkje land har reservert seg mot viktige paragrafar i konvensjonen om fjerning av diskriminering av kvinner (CEDAW). Dei har reservert seg med basis i ein «statsreligion» eller i religiøse lover.

Algerie vil verna si eiga familielov. Egypt set islamsk sharia over kvinners rettar. Det same gjer Saudi-Arabia. Hindu-dominerte India vil berre gripa inn mot diskriminering som rammar kvinner dersom kvar enkelt gruppe i Iandet godtek dette, og India som stat vil ikkje gjera nok for å endra på dette. Også Israel og katolsk-prega Irland har reservasjonar.

Alvorlege brot
– Mange kvinner er utsette for alvorlege rettsbrot i namnet til ein religiøs tradisjon. Mange statar godkjenner slike overgrep, eller dei overser dei og gjer ikkje noko for å stoppa dei. Slike reservasjonar avgrensar ikkje berre kvinners rettar, men også trusfridommen og særleg kvinners rett til trusfridom, seier Ghanea og legg til:

– Trusfridommen vernar ikkje ein religion – tradisjonar, verdiar, identitetar eller dogme. Trusfridommen skal gje kvart enkelt menneske – og grupper av menneske som vil praktisere tru saman – styrke til å velja tru, forstå trua si og leva i samsvar med forståinga.

Ghanea nemner korleis «ei katolsk kvinne, eit muslimsk par, ein skilt jøde eller eit kristent barn» får viktige sider ved sin status avgjort av religiøst prega lovverk, uavhengig av si eiga personlege tru.

Lang veg

Rapporten listar opp farlege og helseskadelege praksisar som rammar kvinner, som omskjering, barneekteskap, tvangsekteskap, polygami og brotsverk for å redda familiens ære.

I India er millionar av jenter aborterte. Jentespedbarn blir drepne i kulturar der familiar vil ha gutar. Kvinner er den svake parten i mange land ved ekteskap og skilsmisse.

I fleire land rammar straffelover kvinner hardare enn menn. I somme land vert enker brende og kvinner blir steina. Slaveri, menneskehandel og tvangsprostitusjon høyrer til på ei lang liste.

I tillegg kjem så grufulle overgrep utført av ekstremistgrupper som IS, Boko Haram, Al Shabab, Al Qaida og andre: systematiske massevaldtekter, kvinner i slaveri og tvangskonvertering og tvangsgifting.

Vi må også få det patriarkalske samfunnet som står bak diskrimineringa, i tale.

Nazila Ghanea

Godt med religion

– Men konklusjonen er ikkje at kvinner og jenter – eller samfunnet – har det betre utan religion. Det er verken mogeleg eller ønskjeleg å vaska vekk religion. Religion kan gje motivasjon. Der religion er ein del av problemet, er religion også ein del av løysinga.

Ghanea noterer seg at fleire aktivistgrupper som kjempar for kvinners rettar, ikkje samarbeider eller snakkar med religiøse aktørar som kjempar for trusfridom. Fleire aktivistgrupper for kvinners rettar er heller ikkje sympatisk innstilt til trusfridommen fordi dei meiner at likestilling for kvinner kolliderer med denne fridommen.

– Å ignorera rollen religiøse aktørar spelar ved til dømes omskjering av jenter, barneekteskap eller tvangsekteskap, hjelper ingenting. Sosiale, kulturelle og patriarkalske faktorar vert ofte gøymt bak religion i den tru at religion kan redusera kritikken. Då er det viktig å snakka med aktørane bak og undervisa dei som utfører omskjering, seier Ghanea og legg til:

Det er verken mogeleg eller ønskjeleg å vaska vekk religion.

Nazila Ghanea

Få patriarkar i tale
– Det er viktig å få kvinner som møter diskriminering, i tale. Men vi må også få det patriarkalske samfunnet bak diskrimineringa i tale og få dei til å fordømma og stoppa dei skadelege praksisane.

Ho etterlyser ei breiare forståing av kor infiltrerte dei ulike menneskerettane er i kvarandre.

– I nokre land er likestillingskampen eliteprega. Vi må samla kreftene – forkjemparar for likestilling og trusbaserte aktørar må samarbeida. Det vil gjera innsatsen mykje meir effektiv. Men dette er ikkje magi, det trengst hardt arbeid med dialog og undervisning.

– Religiøs ekstremisme er på frammarsj. I kva grad er det eit hinder ?

– Ved å definera trus- og livssynsfridom som ein grunnleggjande rett for alle, kan vi ta makt vekk frå dei om seier at menneskerettar er uttrykk for gudsløyse. Å laga eit rammeverk som vernar kvart enkelt menneske og hjelper alle til å nå sitt potensiale, kan ikkje vera anti-religion.

– Kan kyrkjer og organisasjonar utan full likestilling for kvinner i lære- og leiaransvar ope kritisera andre lands skadelege praksisar?

– Desse teologiske spørsmåla hamnar i ein annan kategori. Vi må prioritera kreftene for å stoppa farlege og helseskadelege praksisar som rammar kvinner. Samtidig er det viktig at skadelege praksisar i eitt land gjer oss meir sensitive for kva som rammar kvinner i våre eigne land, men utan å setja likskapsteikn. Denne sensitiviteten kan hjelpa oss til å takla eit spenn av saker, i tillegg til skadelege praksisar, men som ikkje må løysast med same hastverk.

Sterk forståing

– Kva har endra seg mest dei siste åra?

– Vi har fått ei sterk forståinga av at nasjonal godkjenning av internasjonale konvensjonar åleine ikkje er nok. Den internasjonale konvensjonen for å fjerna diskriminering av kvinner, er den mest ratifiserte – og den mest brotne. Vi er blitt meistrar i å erklæra oss som tilhengjarar av menneskerettar. Men problema stikk ofte svært djupt i kultur, tradisjon og identitet. Vi må la alle aktørar sjå at det er i deira eigne interesse å gå på djupna.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 1-2018. Magasinet kjem sju gonger i året og er gratis. Bestill abonnement her.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Stefanusalliansen har prosjekt i Iran og et engasjement for trosfrihet i en rekke land.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT