Pastor Wang Yi i Early Rain i Chengdu er innesperra, dømt til ni års fengsel. Korleis går det med han under korona-epidemien?

Pastor Wang Yi i Early Rain i Chengdu er innesperra, dømt til ni års fengsel. Korleis går det med han under korona-epidemien?  


Vesten har heia på Kina i kampen mot korona. Vi får takka for det positive og gleda oss over at livet i ei rad kinesiske storbyar no vert lettare å leva.

Men dette er ikkje tida for å gløyma at Kina er eit brutalt diktatur. Diktaturet har ikkje gått i karantene.

Vi får vita akkurat det som Kina vil vi skal vita. Sensuren har ikkje teke virusferie.

Eg er dessutan livredd for kva som skjer med forfølgde minoritetar. I den nordvestlege Xinjiang-provinsen sit mellom ein og tre millionar uigurar og andre minoritetar sperra inn i brutale «omskoleringsleirarar». Dette er reine fengsel.

Overgrepa er massive
Helseforholda i dei overfylte leirane er elendige, og tilgangen på medisinsk behandling svært dårleg. Smittsame sjukdomar spreier seg lett. Kva skjer dersom koronaviruset spreier seg? Eksil-uigurar har ropt varsku til Verdas helseorganisasjon, men Kina kallar dette «rykte» som er eigna til å «baktala kinesisk politikk».

Men dei grove overgrepa er Xinjiang er så grundig dokumenterte at vi ikkje kan slutta å bry oss, sjølv om vi har hendene fulle med vår eiga krise. Det er ikkje tid for å stryka diktatur med håret.

Tvangsarbeid med smittemasker
Trusfridomsmagasinet Bitter Winter kjem også med rapportar om at unge uigurar som bur utanfor leirane i Xinjiang, er blitt tvangssende med ansiktsmasker til andre delar av Kina for å arbeida på fabrikkar som han-kinesarar ikkje kan arbeida i. Dei er sende heim for å unngå smitte. Slik brukar det kinesiske regimet  ei forfølgd folkegruppe for å halda hjula i gang under pandemien. – Pengar betyr meir enn liva til desse, seier tyrkisk skribent.

Kinesiske fengsel er fulle av arresterte medlemmer av forbodne religiøse organisasjonar som Falun Gong, veldokumentert i fersk rapport frå trusfridomsorganisasjonen CSW.

Menneskerettsaktivistar, pastorar og prestar er også fengsla. I starten vart hundrevis av virustilfelle oppdaga i kinesiske fengsel, og viruset spreidde seg også frå enkelte fengsel. Nokre tenestemenn fekk sparken. Kina sjølv fortel no at dei har kontroll.

Kristen pastor i fengsel
Men vi veit ikkje korleis det går med politiske fangar og samvitsfangar – medrekna dei religiøse fangane. Pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu vart dømt til ni års fengsel i desember. Han vart dømt for å truga «den nasjonale tryggleiken». Pastoren er ein av mange fangar som garantert ikkje vert sleppte ut for å redusera smittefaren i kinesiske fengsel. Korleis går det med han?

Eg kjenner også på ei djup redsle for korleis Kina vil byggja det massive overvakingssamfunnet ytterlegare ut etter pandemien. No kan det også brukast til å overvaka virus. Der slepp regimet retningsliner frå datatilsyn og heftig offentleg debatt om krisefullmakter. Eit diktatur lever i konstant «unntakstilstand».

Angrep på uregistrerte kyrkjer
Sjølv under pandemien held regimet fram med undertrykking av religion. Bitter Winter rapporterer frå Jilin-provinsen om nye tiltak for å etterforska uregistrerte kyrkjer.

Eg fryktar eit endå hardare diktatur etter pandemien. Det kan vi ikkje snu ryggen til fordi Kina fekk kontroll i Wuhan og fordi vi, av gode grunnar i første runde, enda opp som pandemisk nærsynte.

LITT UTVIDA UTGÅVE AV INNLEGG I KLASSEKAMPEN 2. APRIL 2020
 

AKTUELT

PROSJEKT