Ein avgrunn om kristen tru og krig
Patriarken lovar døde soldatar plass i himmelen. Dei som siterer Jesu ord om fred, blir straffa.
Anna Chagina (t.v.) og ei veninne i protest. Anton Kharin, Tomsk i Sibir
Fire år med krig i full skala og endå ein vinter med russisk terrorbombing har gått. Dei få som har våga å kritisera Vladimir Putins blodbad og diktatur, har fått store bøter eller har vorte fengsla. Mange har rømt landet for å unngå Putins fangeleirar.
Dømt for blasfemi mot kyrkja
Heilt sidan februar 2022 har eg særskilt følgt dei som har kritisert krigen på religiøst grunnlag og som difor har sett seg opp både mot president og patriark. Ein prest i patriark Kirills russisk-ortodokse kyrkje vart først bøtelagt etter at han i ei preike henta fram det femte bodet: «Du skal ikkje slå ihel.» Seinare vart han i ein kyrkjeleg domstol kjent skuldig i «blasfemi mot kyrkja og patriarken». Ioann Viktor Burdin fekk yrkesforbod i alle land.
Ein annan som har betalt prisen for krigskritikk, er den kristne musikaren Anna Chagina. Ho kjem frå Tomsk i Sibir, byen der Putins fremste politiske motstandar, Aleksej Navalnyj, vart forgifta første gongen, i august 2020. Han overlevde fordi piloten klarte å landa flyet med Navalnyj ombord, i nabobyen Omsk.
I januar 2021 vende Navalnyj heim etter å ha blitt frisk i Tyskland – og vart straks arrestert. Då gjekk Chagina i eit stort demonstrasjonstog til støtte for han, tre år før Putins diktatur tok livet av Navalnyj.
«Totalt samanbrot»
Då fullskalainvasjonen i Ukraina starta i februar 2022, var det som om krigen kom heim til Chagina langt frå krigsfronten. «Eg fekk ei kjensle av totalt samanbrot, av katastrofe, som om vi brått hadde vakna i eit hus som rasa saman», fortel ho i eit intervju eg har hatt med henne.
Dei første dagane gjekk fleire ut i uorganiserte protestar. Dottera vart arrestert 4. mars, men sleppt fri etter fire timar i varetekt – med ei åtvaring.
«Håpa det ikkje var for seint»
Den 6. mars vart Anna Chagina sjølv med i ein stor demonstrasjon, trass i at dette kunne kosta både fridom og jobb. No var lova som forbyr å diskreditera hæren, vedteken. Men Chagina ville protestera «mot den barbariske krigen» og støtta dei som alt hadde våga: «Eg heldt ikkje ut tanken på å sitja stille. Eg håpa at stemmene våre ville bli høyrde, at det enno ikkje var for seint.»
Ho bar ein plakat med orda Jesu ord frå Bergpreika, om at dei som søkjer fred, er velsigna.
Politiet arresterte kring 30, etter prinsippet: «Den som har plakat, tek vi.» Seks dagar etterpå vart det gjennomført ei masserettssak i ein administrativ domstol: eitt kvarter på kvar av dei tiltalte. Chagina fekk bot. Ho anka, men saka vart avvist i april. Overvakinga av henne starta.
Chagina heldt fram krigsprotesten digitalt. I september vart sida hennar på VK, den russiske varianten av Facebook, blokkert. Den 30. november ransaka politiet heimen hennar og sette Chagina ei natt i arresten. No vart ho tiltalt som kriminell – for «gjentekne gonger å ha diskreditert den russiske hæren». PC og telefon var konfiskert. Chagina fekk fotlenke. Saka kom for retten først i august 2023. Chagina fekk bot og forbod mot å publisera i to år.
«Demonisk regime»
Chagina visste at ho risikerte fengsel, men anka likevel. Men då ankesaka kom opp 26. oktober 2023, innsåg Chagina at ho ikkje ville «spela helt». Dersom ho hamna i fengsel, ville «all uro og smerte landa på skuldrene til menneska som elska meg». Familie og vener måtte i skaffa pengar for å betala delar av fengselsopphaldet. Gåvene ho alt hadde fått for å betala bøter og advokat, «er som varme tårer i hjarta mitt».
I rettssalen bestemte Chagina seg difor for ikkje å seia eit einaste ord om, sjølv om «eg reknar regimet som demonisk. Det var audmjukande å måtta vega kvart ord, for ikkje å gje ammunisjon til dei som leita etter ammunisjon.»
Dommen vart stadfesta. Trusselen om at bota kunne verta gjort om til fengsel, hang over henne. Chagina hadde, fortel ho, «levd i illusjonen om at eg kunne klara å verta verande i Russland». Arbeidsgjevaren hadde ikkje planar om å seia henne opp. Musikkstudentane sette pris på henne. «Men overvakinga tok ikkje slutt. Eg forstod at regimet ville dømma meg igjen straks dei fekk sjansen.»
Anna Chagina blir teken av politiet i Tomsk, 6. mars 2022. Anton Kharin, Tomsk i Sibir
Panikkangst
Chagina fekk panikkangst og kjende på depresjon. Fem dagar etter at domstolen hadde forkasta anka, reiste ho til Litauen. «Etterforsking, konstant overvaking og rettssaker sleit meg ut Reisa var eit uttrykk for maktesløyse og flukt. Eg slit enno med å finna fast grunn under føtene. Først no, så lenge etter, forstår eg kor svak eg var. Det er framleis vanskeleg å snakka om dette.»
I Litauen livnærer den profesjonelle musikaren seg som vaskehjelp.
Eg slit enno med å finna fast grunn under føtene. Først no, så lenge etter, forstår eg kor svak eg var.
Anna Chagina
«Martyrar for ei betre framtid»
Den kristne pasifisten orka ikkje «å leva i kompromiss med det synleg vonde». Men ho beundrar russiske vener som «held fram å leva i eit land med ein så fiendtleg ideologi». Chagina seier at mange kristne er tvinga til å balansera mellom evangeliet og eigen tryggleik: «Venene mine blir overvaka, men dei held fram, tru mot Kristus og evangeliet.»
Chagina kallar dei få russarane som framleis vågar å protestera, for «martyrar i kampen for ei betre framtid for Russland».
I Litauen vart Chagina med på demonstrasjonar, mellom anna var ho med på å gå til den russiske ambassaden med bilete av ukrainske barn som Putins krigsmaskin hadde bortført til Russland. Ho fekk den tragiske meldinga om at Navalnyj i februar 2024 enda livet i ein av dei verste fangeleirane til Putin. Familien og støttespelarane er sikre på at han vart drepen, nyleg kom meldinga om at han vart forgifta med froskegift.
Minnestad i Moskav for Aleksej Navalnyj etter at han var drepen i ein fangeleir. Foto: Shutterstock
I boka «Patriot», som Navalnyj fekk skrive i og sendt ut av fangeleirane, fortel han også om si eiga reise frå militant ateist til Kristus-truande, som ville leva etter Jesu ord i Bergpreika: «Sæle er dei som hungrar og tørstar etter rettferd, dei skal bli metta.» Han hadde den same inspirasjonskjelda som Chagina som «ikkje vil samanliknast med helten Navalnyj.»
«Angra – eller gå til grunne»
I april 2024, to månader etter at Navalnyj var teken av dage, erklærte patriark Kirill at spesialoperasjonen i Ukraina er «heilag krig». På den ortodokse julekvelden, 6. januar, i år, velsigna han kors som har fått inngravert initialane til Vladimir Putin. I Kristi Frelsar-katedralen i Moskva erklærte Putin denne julekvelden at korsa er gåver til store «heltar» frå slagmarka i Ukraina.
Chagina håpar, der ho står på si side av avgrunnen, på ein snarleg og rettferdig fred for Ukraina. Men ho fryktar at ein fredsavtale ikkje blir nokon garanti for fridom verken for nabolanda som Litauen, eller for Russland. Det er, seier ho, så mykje som aldri kan reparerast og så mange har mista så mykje – både helse, liv og eigedom.
«Mange andre har mista samvitet og den moralske rettesnora. Gjennom den imperialistiske historia si har Russland samla mange sår og indre motsetnader. I mange tiår har bødlane og offera deira vore tause. Krigen i Ukraina og det grufulle regimet til Putin er ein direkte konsekvens. Når rusen frå propagandaen går over, vil Russland igjen stå framfor eit val: vedgå sine feil og angra, eller gå til grunne.»
FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN, 24.2.2026