En straffedomstol i Minya-provinsen i Øvre Egypt har frikjent tre menn tiltalt for å ha angrepet en kristen kvinne i 2016.
Gjenbruksbutikken Brukt & Bra i Veggli stengjer dørene etter fantastiske åtte års innsats for Stefanusbarna.
Bjørg Augunsrud, Marit Lobben og Gunvor Haug er tre av dei som har stått på i Brukt & Bra.
– Det har vore moro å følgja med på tala. Det er nærast uverkeleg at vi skulle nå ein million før vi gav oss, på ein liten stad som Veggli, seier Toralill Sjaavaag.
Ho starta opp i desember 2012 og valde å samarbeida med Stefanusalliansen. Misjons- og menneskerettsorganisasjonen kjempar for trusfridom og har mykje arbeid i Midtausten, mellom anna i Egypt.
Då Toralill flytta frå bygda, tok foreldra Anna og Sverre Sjaavaag over saman med ei gruppe eldsjeler.
Bygde- og hyttefolk
Butikken har hatt sal til bygdefolk og hyttefolk. Pengane har gått gjennom Stefanusalliansen til arbeidet Mama Maggie driv i «søppelbyen» i Kairo. Der bur familiar i «søppelbyane» og skaffar seg eit utkome av å sortera og bearbeida søppel som handelsvar. Arbeidet Stefanusalliansen støttar – og som Brukt & Bra har samla inn pengar til – gir barna eit verdig liv med helse, hygiene og utdanning.
Anna Sjaavaag har spelt ei viktig rolle for Brukt&Bra.
Anna Sjaavaag, som har stått i spissen i Veggli, har sjølv betalt husleige og straum slik at alt som kom inn, skulle gå til føremålet. Hausten 2017 hadde dei på fem år samla inn 600 000 kroner. Når dei no stengjer dørene, sytte Sjaavaag for at sluttsummen blei akkurat ein million.
Lokalet som har vore butikk, ligg i eit sentralt vegkryss. Men no er det altså slutt.
– Koronaepidemien kom. Mor frykta at den ville bli langvarig. Vi ville ikkje risikera å bli sitjande med eit stort varelager og ansvar for husleige og straum, seier Toralill Sjaavaag.
Stor glede
Anna Sjaavaag og dei andre er godt oppe i åra, berre ein er under 80 år. Ho tok seg av å syta for at alt kom til nytte, før dørene blei stengde.
– Dersom nokon vil overta, er det ei smal sak å starta oppatt, seier Anna Sjaavaag og legg til:
– Det har vore ei stor glede for oss å vita at pengane har kome kristne i Midtausten til gode.
Takk og diplom
Leiar for kommunikasjon og marknad, Marianne Haugerud, i Stefanusalliansen er svært takksam. Alle eldsjelene har fått diplom, og Toralill, Anna og Sverre Sjaavaag har fått medaljar med teksten «I can».
– Eldsjelene har gjennom innsatsen sin endra liva til hundrevis av barn på søppelfyllingane i Kairo. Med slike friviljuge kan vi saman gjera ein stor forskjell for mange. Takk for eit fantastisk engasjement, seier Haugerud.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2020.
En straffedomstol i Minya-provinsen i Øvre Egypt har frikjent tre menn tiltalt for å ha angrepet en kristen kvinne i 2016.
Biskop Thomas fall saman midt i gudstjeneste. Glad for at Gud gav han ein ny sjanse.
Ungdom i Nærbø kirke satser for å hjelpe barn i Kairo.
På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.
Biskop Thomas er en uredd talsmann for sosial rettferdighet og trosfrihet i Egypt. Han har vært Stefanusalliansens partner siden 2005. Vi støtter retreatsenteret Anafora og undervisningssenteret Anastasia som han har bygget opp.
Nøkkelpersoner i ulike kirkesamfunn i et land i Midtøsten får økt kunnskap og forståelse av trosfrihet som en rettighet for alle, og ikke bare et privilegium for en gruppe.