Sju kyrkjer øydelagde. Rekord i angrep mot indiske kristne
Ei øydelagt kyrkje i India.
Det nærma seg jul i landsbyen Bedetevda i den indiske delstaten Chhattisgarh. 18. desember i fjor vart liket av Chamru Ram Salam gravd opp igjen. To dagar tidlegare hadde familien følgt han til grava på familiens eigedom. Han vart gravlagt etter lokale skikkar i stammesamfunnet.
Men fordi sonen hans var kristen, hevda minst 500 landsbybuarar og hindunasjonalistar at grava hans vanæra landsbyen. Ein mobb sette fyr på heimen til den sørgjande familien og tre kyrkjer. Det hjelpte ikkje at familien protesterte. Den døde vart teken oppatt av grava og flytt til ein kristen gravplass langt unna.
Dette er eitt av 747 verifiserte angrep på kristne i India i fjor, dokumentert av kommisjonen for trusfridom under paraplyorganisasjonen Evangelical Fellowship of India (EFIRLC). Ein fersk rapport dokumenterer korleis fiendskap, trakassering, vald og diskriminering retta mot kristne veks over heile India. Evangelical Fellowship India er Stefanusalliansens vener i landet.
Meir og meir polarisert
To store delstatar i nord og sentralt i India – Uttar Pradesh og Chhattisgarh – har rett nok til saman tredjeparten av dei nedslåande sakene. Men rapporten dokumenterer at kristne i mange delstatar India, også i sør og aust, i aukande grad er mål for hat, trakassering, diskriminering og tilfelle av fysisk vald.
– Den sosiale fiendskapen veks. India vert meir og meir religiøst polarisert. Rapporten vår dokumenterer at den anti-kristne propagandaen lukkast, seier Vijayesh Lal til Magasinet Stefanus. Han er generalsekretær i EFI.
Rapporten vår dokumenterer at den anti-kristne propagandaen lukkast
Vijayesh Lal
Mellom anna er han uroleg over den veksande valden i mot stammefolk i delar av Chattisgarh: Fleire saker involverte store grupper landsbybuarar som forstyrra bønemøte, kom med truslar eller gjekk til fysisk åtak i form av grov mishandling og åtak med stokkar eller jernstenger. I eitt særleg alvorleg tilfelle førte eit åtak på ei gravid kristen kvinne til spontanabort.I fleire landsbyar vart truande møtte med truslar om utvising eller sosial boikott dersom dei heldt fram med å praktisera trua si.
Narendra Modi har vore statsminister i India sidan 2014. Foto: Shutterstock
Minst femdobla
I 2014 kom den hindunasjonalistiske statsministeren Narendra Modi til makta. Det året vart det dokumentert 147 tilfelle av angrep mot kristne. I fjor var altså talet på verifiserte saker fem gonger så stort. Veksten har vore tydeleg heile tida med Modi som regjeringssjef.
Men både veksten og omfanget kan vera endå større. I fjor vart 915 tilfelle rapporterte. Men EFI-kommisjonen har klare reglar for korleis ei rapportert hending skal verifiserast (sjå faktaboks). Kommisjonen makta ikkje å få stadfesta alle rapportane. 747 av dei rapporterte sakene er med.
– Men det tyder ikkje at dei hendingane vi ikkje har teke med, ikkje har skjedd. Problemet vårt er at vi manglar kapasitet. Og i ein del tilfelle klarar vi ikkje å få gjennomført ein verifiseringsprosess slik den skal gjennomførast med dei kjeldene vi må ha tak i, seier Lal.
Vijayesh Lal er generalsekretær i Evangelical Fellowship of India. Foto: Johannes Morken
Mørketal av frykt
Dessutan er det, poengterer Vijayesh Lal, mørketal. Mange hendingar vert ikkje rapporterte. Særleg i fattige landsbyområde nøler offer ofte med formelle klager på grunn av frykt for represaliar, sosialt press eller mangel på rettslege verktøy. Dette er i område der det er mange tilfelle der kristne vert jaga frå heim og grunn.
– Dei dokumenterte sakene er difor meir uttrykk for eit breiare mønster av angrep på trusfridommen for kristne enn eit fullstendig oversyn over saker, seier Lal.
Bryt opp gudstenester
Truslar og trakassering er den mest vanlege forma for angrep: 204 tilfelle er verifiserte. Rapporten fortel om 110 tilfelle der bønemøte eller gudstenester vart avbrotne. Ikkje minst er dette utbreidd i advents- og juletida.
Det er verifisert 112 tilfelle av fysisk vald.
Lovene som kriminaliserer konvertering vert brukte som våpen for å gå laus på pastorar med ugrunna skuldingar om konvertering under tvang. Sju kyrkjer er brende. Ein kristen vart drepen i fjor.
Slik vert angrep dokumenterte
Trusfridomskommisjonen til Evangelical Fellowship of India har eit landsdekkjande system for rapportering og verifisering av hendingar som rammar trusfridomen til kristne.
Rapportar kjem direkte frå offer og kyrkjeleiarar, gjennom ei hjelpelinje, frå partnarorganisasjonar og juridiske rådgjevarar eller frå medieovervaking.
For at ei hending skal verta teken med, må den stadfestast av minst to av følgjande kjelder: offeret eller familien deira, lokale kristne leiarar eller lokalt politi.
Trusfridomskommisjonen til Evangelical Fellowship of India har publisert årlege rapportar sidan 2009.