EU jublar for samarbeid med India – kva skjer med forfølgde muslimar og kristne?
Eu-kommisjonens president Ursula von der Leyen, her fotografert i Berlin i 2015, kallar EU og India to av dei største demokratia i verda, utan å ha eit negativt ord om Narendra Modis undergraving av demokratiet.
Donald Trumps aggressive trugsmål får EU til å samarbeida med Indias statsminister som driv systematisk forfølging av muslimar og kristne og undergrev demokratiet i det mest folkerike landet i verda.
EU jublar for ein gigantisk frihandelsavtale med India, av EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen omtalt som «mor til alle avtalar». Dette er ein god økonomisk avtale for Europa. Men eit viktig spørsmål er i kva grad handel og strategisk samarbeid også skal sikra demokrati og menneskerettar.
EU-forhandlingane med India, som starta i 2007, skaut først fart det siste halvåret. President Donald Trumps tollkrig og andre trugsmål var årsaka. For EU er dette starten på eit vidare politisk samarbeid mellom det ho omtalar som «dei største demokratia i verda.
Ja, India var ein gong det største demokratiet i verda. Påfallande nok nemner ikkje EU-kommisjonens president at statsminister Narendra Modi og dei hindunasjonalistiske venene hans gjer det dei kan for å undergrava dette demokratiet.
Organisert hat
Håpet i EU-avtalen er at auka handel skal styrkja rettane til arbeidstakarar og kvinner. Men eg finn ikkje eit einaste ord om andre menneskerettar.
Eg las om handelsavtalen samstundes som eg fekk ein ny rapport om forverringa for muslimar og kristne i Modis India. I 2025 auka omfanget av hatefulle, verbale angrep mot religiøse minoritetar med 13 prosent frå året før‚ det var nesten ei dobling frå 2023.
India Hate Lab-rapporten frå Center for the Study of Organized Hate dokumenterer store arrangement der hatretorikk systematisk vart brukt: politiske møte, religiøse samlingar, protestmarsjar og nasjonalistiske arrangement. Dette er dokumentasjon av organisert hat.
Bruken av systematisk hatefull retorikk gror ut av det regjerande partiet BJP, leia av Modi. «Opphissande retorikk har gått frå å vera ein spesifikk kampanje-taktikk til å bli ein normalisert og konstant mekanisme i politisk styring», heiter det i rapporten som held fram:
«Slik retorikk fungerer no – dag og natt – som eit instrument for hinduistisk ytre-høgre mobilisering på bakken». Det går aller verst ut over muslimar. Men både muslimar og kristne blir brukte som syndebukkar, dei vert skulda for å vera «illojale, anti-nasjonale, farlege eller demografisk trugande».
Den hatefulle mobiliseringa kjem frå toppen, og det er blitt verre år for år sidan Modi kom til makta i 2014. Omfanget også av vald mot minoritetane har vakse år for år.
Indias statsminister Narendra Modi står i spissen for ein brei allianse som vil gjera India til eit hinduistisk land og skvisa muslimar og kristne. Foto: Shutterstock
Trumps trugsmål
Ein farleg effekt av Trumps autoritære og ustabile framferd og grove trugsmål er altså at Europa søkjer seg mot autoritære herskarar som kan vera trygge og stabile handelspartnarar. At Narendra Modi står for alt anna enn respekt for menneskerettar synest totalt ute av synsfeltet.
Midt i november kom ein annan rapport som fastslo at det skjer systematisk religiøs forfølging av religiøse minoritetar i India. Under Modis styre vert mange statsorgan brukte i undertrykking.
Fascistiske røter
Bak mykje av hatretorikken og valden mot muslimar og kristne står den hindunasjonalistiske, paramilitære organisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS). RSS som feira 100 år sist haust, hylla på 30-talet europeisk fascisme. RSS har aldri teke oppgjer med dette. Tvert imot viser hindunasjonalismen i India klare fascistiske trekk.
Vil du sjå paramilitære som marsjerer i gatene, sjå til India. Med hardhendte middel vil RSS– med seks millionar medlemmer – pressa muslimar og kristne ut av fellesskapet. Med i RSS-familien er også regjeringspartiet BJP. Statsminister Modi har sjølv bakgrunn frå RSS som gjennom han har fått politisk makt.
Biletet av at EU-topp Ursula von der Leyen løfta hendene over hovudet i jubel saman med Modi vart teke berre veker etter at Modis hindunasjonalistiske vener gjennomførte kring 50 valdelege angrep mot kristne i julehøgtida.
Norsk handel
Noreg og dei andre EFTA-landa var tidlegare ute enn EU. Ein handelsavtale tok til å gjelda 1. oktober. Då den vart signert i mars 2024, karakteriserte Jonas Gahr Støre avtalen som ein av dei viktigaste handelsavtalane våre «etter EØS-avtalen». Dåverande næringsminister Jan Christian Vestre løfta rett nok ikkje armane over hovudet, men la handa på skuldra til sin indiske kollega.
Støre la vekt på at India gledeleg nok – «for første gong har (...) akseptert å innlemme ei tilvising til menneskerettane i ein handelsavtale».
Spørsmåla melde seg likevel: Kva konsekvensar vil det få dersom angrepa mot muslimar og kristne held fram – i hatefulle ord og gjerningar? Er handelsavtalen så viktig at den vil stå over ei framleis negativ utvikling for demokrati, rettsstat og minoritetar? Kva mekanismar finst for å kopla respekt for menneskerettar til vidare handel?
Spørsmåla er ikkje svart ut. Dei vert endå viktigare etter at EU jublar for eit historisk samarbeid med India.
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 28.1.2026