Ein kristen landsbyhovding studerer sitt øydelagde hus.

Ein kristen landsbyhovding studerer sitt øydelagde hus.  


Væpna menn storma inn i ei katolsk kyrkje. Det var ein grytidleg tysdag morgon og morgonmesse i ein landsby i Benue-delstaten i Nigeria. Etter massakren låg 19 drepne tilbake, inkludert to prestar.

22. mai, ein månad etter tragedien, blei dei 19 gravlagde i nok ei massegravferd i Nigera.

Drapa vart utførte av ei væpna gruppe som høyrer til fulani-gjetarane. Same dag som gravferda gjennomførte katolske leiarar ein nasjonal protestdag med krav om at presidenten grip inn mot valdsbruken. Men protestmarsjane var ikkje før over før eit katolsk seminar – i delstaten Taraba – blei angripe med fire døde og sju skadde, ein av dei prest. Det går ei farleg valdsbølgje over Nigeria med kvinner, barn og menn i kristne landsbyar som offer.

Folkerikt

Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika med 190 millionar menneske. Kristendom og islam er dei dominerande religionane. Islam – dei fleste er sunnimuslimar – er konsentrert i nord. Dei kristne dominerer i sør. Politisk har sør lenge dominert over nord – som også har fått lite av oljeinntektene. 

Mellom det islamske nord og det kristne sør ligg Midtbeltet. Der opplever mange landsbyar med kristne bønder ufatteleg liding fordi ein konflikt mellom fulani-gjetarar og fastbuande bønder har fått eskalera.

Konflikt mellom fastbuande og nomadar finn vi i heile Afrika. Knapt nokon stad er den så tragisk som i Nigeria. Beiteområda til gjetarane er dessutan under press av klima og endra jordbruk.

Religion

Fulani-gjetarane som fører kveget sitt over store landområde på jakt etter beite og vatn, er hovudsakleg muslimar. Dei fastbuande er hovudsakleg kristne. Konflikten følgjer altså religiøse skiljelinjer. 

Staten har gjort minimalt for å straffa drapsmennene. «Valdsbruken til væpna fulani-gjetarar er provokasjonar for å utløysa religionskrig», seier Kolade Fadahunsi. Han leier eit institutt for kyrkje og samfunn under Nigerias kristne råd. 

Berre i delstaten Benue er nær 500 kristne drepne så langt i år. Sidan 2013 er meir enn 1800 liv gått tapt i denne delstaten. Titusenvis er internt fordrivne. Hus og landsbyar er brende og kyrkjer er øydelagde i fleire delstatar. Dei katolske biskopane åtvara i vinter om at det kan bli borgarkrig i delar av landet.

Forverra

Angrepa frå fulani-militsane blei verre og verre på slutten av 2017 og har kome i nye bølgjer frå nyttår. Delstatane Taraba og Benue innførte i fjor haust lover som kriminaliserer fri beiting. Kritikarane hevdar at lovene undergrev rettane til gjetarfolket. I desember gav guvernøren i Benue-staten ordre om arrestasjonar og konfiskering av kveg. Det gav dei væpna bandane endå eit påskot.

Guvernør Samuel Orton avviste under massegravferda 22. mai at han ber ansvar for vald og død: «Prestane er ikkje bønder. Kyrkja eig ikkje gras. Det er difor underleg at landsbyfolk som ber til Gud, blir drepne av gjetarar, inne i ei kyrkje. På denne måten har væpna gjetarar flytta forteljinga om den pågåande krisa frå jakta på beite til andre openberre motiv.»

Han har sjølvsagt rett. Valdsbølgjene rammar heilt målretta kristne landsbyar og kyrkjer.

På den andre sida må styresmaktene snarast gje heilt andre svar.

Splittelse

Dei kristne i Midtbeltet har lenge fått minimalt med støtte frå dei meir karismatiske megakyrkjene sør i landet. Lidinga i terroriserte landsbyar passar kanskje dårleg med framgangsteologien deira.

Nokre av kyrkjene er no byrja å røra på seg. Paraplyorganisasjonen Christian Council of Nigeria oppmoda i april til to søndagar med protest mot blodbadet.

Første søndagen i mai deltok nokre kyrkjer i sørvest i ein fredeleg protest. «Men samanlikna med det vi må forventa av reaksjonar frå kyrkjer, er dette langt frå nok», seier Kolada Fadahunsi. Han kritiserer apatien til kyrkjeleiarar som held munn fordi dei vil halda seg unna politikk.

Nokre pinseleiarar har teke i bruk sosiale media for å åtvara mot det dei hevdar er eit komplott for islamisering av Nigeria. Fadahunsi er kritisk til at kristne leiarar fyrer opp i verbale angrep retta mot muslimar. Dette polariserer konflikten endå meir. 

Vi skal dessutan vakta oss vel for å skulda alle muslimske fulani-gjetarar for drapsbølgjene.

Samansett

United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) besøkte Nigeria i 2017. I den ferske 2018-rapporten blir det understreka at det er fleire og samansette årsaker til opptrappinga av konflikten: Fulani-gjetarane seier dei må verna kveget mot tjuvar. Kristne seier at væpna fulani-gjetarar driv etnisk reinsing for å overta landområda deira. Både muslimar og kristne klaga over at dei nigerianske tryggingsstyrkane ikkje vernar dei. 

Det einaste sentral-regjeringa har gjort, er i nokre tilfelle å setja inn hæren, som så er blitt skulda for massiv valdsbruk, påpeikar USCIRF. Det hjelper ikkje at hæren drep sivile. Polariserte framstillingar hjelper heller ikkje.

Konflikten starta med machetar. Men fulani-bandane har i aukande grad fått tilgang til automatgeværet AK-47. Mange har lurt på kvar våpna kjem frå. Konflikten i Libya som etter Gadaffis fall spreidde seg til Mali, har auka tilgangen på våpen i Nigeria. Grensa er porøs og uråd å kontrollera, melder BBC med ein tidlegare nigeriansk polititopp som kjelde.

Boko Haram

I tillegg til dei grufulle angrepa frå væpna fulani-grupper har vi i nord den sunnimuslimske ekstremistrørsla Boko Haram. Denne veka kom det siste angrepet mot kristne. Boko Haram held framleis 112 kristne skulejenter fanga etter kidnappinga i Chibok i 2014. «Aldri har vi kjent oss så utrygge som no,» ropa den katolske presten Williams Kaura Abba under ein protestmarsj i mai. Han adresserte både Boko Haram, fulani-bandane og staten som let drapsmenn sleppa unna og som sjølv brukar harde maktmiddel for å undertrykkja det dei kallar «religiøse sekter». Han adresserte kidnapping av jenter og tvangskonvertering av desse til islam.

Tragediane i Nigeria går diverre langt under radaren for mange i vår del av verda. Det er altfor lett å læra seg til å leva med blodig urett i afrikanske landsbyar.

Trykket som kronikk i Vårt Land 2. juni 2018

AKTUELT

PROSJEKT