Kristne i Libanon: Eit hjelpeteam fra Resurrection Church Beirut i full gang med å hjelpa folk tilbake i skadde husvære.

Kristne i Libanon: Eit hjelpeteam fra Resurrection Church Beirut i full gang med å hjelpa folk tilbake i skadde husvære.  


Libanon har noko som andre land i Midtausten ikkje har. I fredelege tider er hovudstaden Beirut blitt kalla «Midtaustens Paris», ein nokså fri og open by. Men dette vesle landet, klemt inne mellom Israel, Syria og Middelhavet, er også ein storpolitisk kasteball og trykkokar.

Her var Frankrike kolonimakt etter at Det ottomanske riket braut saman under første verdskrigen. Landet har vore utsett for israelske og syriske invasjonar. I 15 år fram til 1990 vart landet øydelagt av borgarkrig.

Dei siste tiåra har Saudia Arabia og Iran kjempa om kontrollen. Iran har gjort det med hjelp av den sjia-muslimske Hizbollah-geriljaen som er ein «stat i staten» og i praksis gjer akkurat som dei vil, både i politikken og i dei enorme og farlege våpenlagera til neste oppgjer med Israel.

 

  • Du kan gje ei gåve til hjelpearbeidet her. Merk gåva: Beirut
     

Protestar mot vanstyre
Dei store folkelege protestane som fylte gatene frå oktober til landet vart stengt ned på grunn av korona-pandemien, viser veksande raseri mot Hizbollah, mot regjeringa og heile det politiske systemet. 

I Libanon blir politisk makt delt mellom dei største religiøse samfunna: sjia-islam, sunni-islam og maronittisk kristendom. Systemet som vart laga i 1943, gjer ikkje minst blant unge sinte. Dei ser på dette som eit system for korrupsjon og vanstyre: Politikarar er berre opptekne av å sikra pengar og interesser for sine eigne.

Dette er eit land mange unge libanesarar ønskjer å reisa frå. Det er lett å forstå dei.
 

 

Kyrkjerommet som er brukt til samlingar for syriske krigsflyktningar i Nabaa i Beirut, har fått store skadar. Foto: Resurrection Church via Stefanusalliansen

Lag på lag med kriser
Sinnet vaks gjennom vinteren – saman med eksplosiv arbeidsløyse og inflasjon, aukande fattigdom og stigande matvareprisar som sende fattige inn i rein svolt. Den politiske krisa, den økonomiske krisa og pandemien var i seg sjølv nok til å senda Libanon mot kollaps – eit konkursbu og ein «failed state».

Så small det. Eit stort område rundt hamna i den hovudsakleg kristne delen av Aust-Beirut er lagt i «apokalyptiske ruinar». Aldri før i Libanons vonde historie har ein einaste eksplosjon gjort så mykje skade. Granskinga av tragedien må vi venta på. Men det er opplagt at uansett kva den måtte visa, har seks års lagring av 2750 tonn høgeksplosivt materiale i ei livsviktig hamn tett på der folk bur, noko å gjera med politisk vanstyre.

Folk har god grunn til å vera både livredde og sinte.

 

Folk har god grunn til å vera både livredde og sinte.

 

Nybygg og kulehol
Då eg første gongen kom til Beirut, eit knapt tiår etter borgarkrigen, stod syriske soldatar på alle knutepunkt. Å vandra på tvers av den grøne lina som hadde skilt den kristne delen i aust og den muslimske i vest, var sterkt. Framtida låg i alt som var bygt oppatt, men minna om krigen var ikkje langt unna – i ruinar med kulehol i veggane.

No ser delar av byen ut som eit bombekrater. Hamna er borte, og med det også ei livlinje for viktige varer.

Dekte av blod
Stefanusalliansen har fleire partnarar i Libanon. Dei stilte opp då flyktningar fløymde over grensa frå borgarkrigen i Syria. Dei hjelper barn inne i Syria. Og ein av dei arbeider med trusfridom, borgarrettar og mangfald i ei rekkje land i Midtausten.

Vi har urolege. Vi fekk snart vita at dei var uskadde. Men skadane på bygningane til Resurrection Church er mange. Ein av våre vener i ein annan organisasjon, fekk husværet sitt maltraktert. Sjølv overlevde truleg Nayla Tabbara fordi ho ikkje var heime. Bilen ho køyrde, vart skadd både framme og bak, men ho kom frå det utan skrammer. I gata rundt henne sprang folk i panikk, dekte av blod, i vrakgods og glaskår.

Libanenarar leiar glasbrot i gater og hus. Foto: Resurrection Church via Stefanusalliansen

Brettar opp ermane
No feiar Beirut glasbrot. Men 300 000 er heimlause. Dei som har ønskt å dra frå heile kollapsen, har fått nye argument. Kyrkjene vi kjenner, ønskjer ikkje å vera «reisebyrå til Vesten», dei vil hjelpa unge kristne til å bli verande i Libanon.

Er det noko landet treng, er det håp. Libanon treng massiv hjelp frå land som vil hjelpa Libanon for landet si eiga skuld, ikkje for å sikra sine eigne storpolitiske interesser.

 

Når libanesarar brettar opp ermane, trass kollapsen og katastrofen, er det vår plikt å støtta dei. For å gje landet håp.

 

Vi kan gjera vårt. Venene og partnarane til Stefanusalliansen kasta seg alt tysdag kveld og onsdag rundt. Resurrection Church Beirut sende friviljuge ut for å utbetra skader på hus som framleis kan husa menneske. Andre, som Arab Baptist Theological Seminary oppe i fjellet, skaffa plass i auditoria og grupperomma til heimlause. Og dei tryglar oss om å be for dei, be for dei som trøystar, be for dei som hjelper, be for dei som tek ansvar, be for dei som sørgjer, for dei som er blitt hauslause. Be for Beirut, be Libanon.

Når libanesarar brettar opp ermane, trass kollapsen og katastrofen, er det vår plikt å støtta dei. For å gje landet håp.

FØRST TRYKT I DAGEN, 7.8. 2020

Friviljuge fra Resurrection Church I arbeid i øydelagt heim.

Hjelp ofrene etter katastrofen i Beirut

Våre partnere i Libanion kastet seg rundt for å hjelpe. Du kan bidra. VIPPS: 19013, eller knappen nedenfor. Merk gaven: Beirut

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT