Kristne i Kina blir forfølgde. Kva gjer vi når juridisk og politisk kamp ikkje fører til noko?
Hyllest til Kinas diktatur. Skal også vi ropa på ‘sterk mann’?
Xi Jinping styrkjer grepet om makta.
I ein lang tekst om «Kunsten å bruke penger» (Klassekampen, 1. november) skriv Thoralf Stenvold engasjert om økonomi, budsjettpolitikk og oljefondet, om redusert oppslutnad om styringspartia og om manglande kvalitet på norsk infrastruktur.
Stenvold får to avissider til å presentera den «kontrære tenkinga» si. Han skriv beint fram at han har henta tankane om kunsten å bruka meir pengar, frå Kina. Andre få kommentera Stenvold når han skryt av den kinesiske økonomiske og politiske oppskrifta som «en ubetinget suksess».
Det eg stokk for og stoppa ved er at endå ein hyllest også av diktaturet i Kina: «Folketall, naturressurser og styresett er avgjørende i Kinas favør.» At folketalet er i tilbakegang, nemnde han ikkje. Men diktaturet er altså ein av Kinas tre store konkurransefordelar.
Tilbakegang
Demokratiet er i global tilbakegang. Fleire vestlege demokrati er under press frå illiberale krefter som fiskar i misnøye som styringspartia og systema slit med å møta. Det som knapt er oppsiktsvekkjande lenger er at norske aktørar i akademia, politikk og samfunnsdebatt gjer totalitære herskarar til lysande føredøme.
Tidlegare SV-klimaminister Erik Solheim har i fleire år hylla både Kina og India. Solheim har diverre alltid hatt ein lei tendens til å overvurdera indiske og kinesiske framsteg – og til å lata vera å nemna dei grove brota på menneskerettane i begge landa.
For tidlegare BI-rektor Randers er også klimaet så viktig at demokrati og menneskerettar synest totalt underordna. I Klassekampen 7. juni i år gav han opp trua på vestlege regjeringar og leverte ein uhemma hyllest til det politiske systemet i Beijing, som «den reneste formen for elitestyre». Han nemnde ikkje konsentrasjonsleirar for uigurar i Xinjiang. Påfallande nok blei han ikkje spurt av Klassekampen heller.
I sin fyldige tekst gjer no Thoralf Stenvold Kina betre enn oss i alt som har med bruk av pengar å gjera, og styresettet er ein viktig grunn. Ikkje eit ord om diktaturet og overgrepa.
Kinas kristne les Bibelen flittig.
Overvaka og pressa
Dei som gjer Xi Jinping til eit fyrtårn, lukkar augo for at han bygt ut eit massivt overvakingssamfunn. Dei bryr seg heller ikkje om at han har sett i gang den største forfølginga av kristne og andre truande sidan kulturrevolusjonen.
Kinas kristne veit at kyrkjene dei går i, er overvaka og pressa. Då Vatikanet nokre veker i vår stod utan pave (fordi den gamle var død og den nye enno ikkje var valt) brukte Beijing sjansen til å utnemna to biskopar som er lojale til Beijing og ikkje til Vatikanet. Kritiske biskopar er for lengst arresterte.
Tusenvis av krossar er rivne ned av taka på kyrkjebygg som høyrer til den statsgodkjende protestantiske Tre sjølv-kyrkja. Krossane er erstatta med kinesiske flagg. I dagens Kina er det Xi som er guddom. Tankane hans er grunnlovsfesta, som ei trusvedkjenning.
Store uregistrerte protestantiske kyrkjer som hadde fått praktisera nokså fritt eit par tiår, blei stengde i tur og orden frå 2018. Dei truande gjekk under jorda i mindre grupper. Men politiet er etter dei. Nyleg gjennomførte kinesisk politi ein storaksjon mot grupper frå den store Zion-kyrkja og arresterte kring 30. Hovudbygget til Zion-kyrkja i Beijing vart stengt i september 2018. Utløysande årsak: kyrkja nekta å installera overvakingskamera.
Styresmaktene går i aukande grad etter pengane til dei uregistrerte gruppene. Fleire pastorar er tiltalte og fengsla for «svindel», sidan uregistrerte kyrkjer ikkje har nokon lovleg måte å handtera økonomi på. «Nokre uregistrerte kyrkjegrupper brukar berre kontantar for å unngå å bli oppdaga», seier Brent Fulton i China Source.
Wang Yi har vore fengsla i sju år. Foto: CSW
Ni år i fengsel
I Chengdu sonar pastor Wang Yi ein dom på ni års fengsel – han leia ei uregistrert kyrkje som blei stengt i desember 2018. Yi hadde vore talsmann både for trusfridom og andre menneskerettar i Kina.
Reglane for aktivitetar i utlandet blir også strengare handheva. Det er blitt risikabelt for kristne å reise utanlands for konferansar eller opplæring. Mange er blitt hindra i å forlata landet eller er blitt utsette for avhøyr ved retur. Nokre har fått strenge fengselsstraffer for å ha reist «ulovleg» til utlandet.
Reinsa internett
Internett er i Kina reinsa for religiøst innhald. Religiøs publisering er sterkt avgrensa.
«Kristen studentverksemd på universiteta er sterkt redusert – kristne lærarar og professorar blir pressa til å gje opp trua, slutta med kristne aktivitetar eller risikera degradering eller oppseiing,» seier Brent Fulton.
Skuleborn må rapportera om familiens religiøse tilknyting. I mange tilfelle møter både barn og foreldre press og diskriminering. Det er 18-årsgrense for å gå i ei kyrkje.
I iveren etter å framsnakka kinesisk politikk bagatelliserer stadig nye norske stemmer baksidene av diktaturet til Xi Jinping. Det gjer meg svært uroleg. Er det verkeleg ikkje andre måtar å løysa vestlege og norske problem med politisk og økonomisk styring og det grøne skiftet enn ukritisk å løfta fram ein kinesisk diktator?
DETTE ER EI UTVIDA UTGÅVE AV EIT INNLEGG I KLASSEKAMPEN 8.11.2025