Kuppet tok frå ho håpet. Men så fann Seng håpet igjen
Ja Seng Ing under prisutdelingen i Oslo.
Aktivisten var i ferd med å mista håpet etter militærkuppet. Så fekk ho gå på kurs om trusfridom og møta kollegaer som ikkje hadde gitt opp håpet.
– Eg fekk håpet tilbake, seier Ja Seng Ing frå Myanmar.
Militærkuppet 1. februar 2021 sette strek for eit tiår med opning mot demokrati. Utover i mars viste brutal maktbruk mot alle protestar at dette var eit langvarig maktskifte.
– Vener og kollegaer og til og med familiemedlemmer håpa at FN ville redda Myanmar og stilla juntaen til ansvar i rettssalar. Men eg hadde arbeidd med menneskerettar lenge og visste at FN ikkje ville redda Myanmar, seier Seng under besøket i Oslo der ho 28. Mai tok imot Stefanusprisen for 2026.
Mista håpet
– Eg var i ferd med å mista håpet då eg såg kva som hende i Myanmar.
Men så kom ho over den digitale læringsplattforma FORB Learning Platform som er utvikla av Stefanusalliansen og nordiske vener (NORFORB), med midlar frå Utanriksdepartementet. Ho søkte om plass på eit digitalt kurs over 11 veker for folk som vil bli lærarar i trusfridom som menneskerett for alle.
Seng hugsar ikkje minst den første dagen på kurset, sommaren 2021. Ho arbeidde inne Myanmar, i skjul for juntaen.
– Eg gret då eg presenterte meg og landet mitt, fortel ho.
Trudde på innsats
Då kurset var over, var det ei anna Seng som tok tak.
– Kurset gav meg kunnskap. Eg møtte menneske frå mange land verda over, menneske som ikkje gjev opp. Folk hadde håp, dei hadde tru på at dersom dei gjer det dei kan, vil det få noko å seia, ikkje nødvendigvis på politisk nivå, men at det vil ha ein effekt, seier Seng og legg til:
– Eg fekk tilbake håpet.
Skapte nettverk
Alt før sommarkurset hadde ho etablert ei gruppe på den krypterte appen Signal av aktivistar som framleis arbeidde for trusfridom inne i Myanmar – for å halda kontakten medan dei arbeidde i løyndom.
No delte Seng materiell frå den digitale læringsplattforma med gruppa som vart eit viktig nettverk: Myanmar Freedom of Religion or Belief Network.
Deltakarar frå kurset i 2021 møtest framleis frå tid til tid på konferansar. Dei støttar kvarandre ikkje berre mentalt. Dei deler strategiar for å skapa merksemd om brot på trusfridom i konkrete saker.
– Politisk påverknad er viktig. Vi må skapa merksemd i FN og i medlemsland.
Då ho forfatta to rapportar om brot på trusfridommen i Myanmar, for ein internasjonal juristkommisjon, i 2022 og 2023, henta ho språket frå den digitale læringsplattforma.
«Trøytt av Myanmar»
I september 2022 reiste ho til Genéve for å presentera den første rapporten for FN. Der møtte ho ein FN-aktør som sa at verda var trøytt av Myanmar.
– Det knuste hjarta mitt. Vi som tok stor risiko for å dokumentera overgrep, fekk vita at verda var trøytt. Men det gjorde meg også sterk. Dersom verda er trøytt, må vi sjølve slå alarm og vekkja til handling. Eg bestemte meg for å bli ei synleg stemme, å tre ut av skuggen, seier Seng.
Etter at ho hadde presentert rapporten for FN, våga ho ikkje å dra tilbake til Myanmar. Det var blitt for farleg sidan det no var offentleg kjent at ho stod bak.
Intensivert
Først frå Thailand og frå 2024 frå New Zeland har ho halde fram arbeidet. Fram til juli 2025 var minst 85 religiøse leiarar drepne sidan kuppet, viser den siste rapporten hennar. Blant dei er både baptistpastorar og katolske prestar. Minst 100 religiøse leiarar er arresterte.
– Somme veit vi ikkje kvar er, eller om dei er i live, seier Seng.
Minst 5000 religiøse bygg er sette fyr på, bomba eller skotne i ruinar med artilleri: kyrkjer, moskear, buddhistiske pagodaer og kloster.
– Etter kuppet har juntaen intensivert angrepa. Generalane prøver å øydeleggja alt som skaper identitet for etniske og religiøse minoritetar. Med jagarfly bombar dei landsbyar og driv folk på flukt, seier Seng.
– Men eg gjev ikkje opp. Eg drøymer om ein dag der vi kan leva ut draumane våre, utan frykt for angrep fordi vi er den vi er.
Stefanusprisen er på 10.000 euro, eller omkring 113.000 kroner.
Biskop Ingeborg midttømme delte ut Stefanusprisen.
Dag Inge Ulstein som er med i priskomiteen, i samtale med Ja Seng Ing etter prisutdelinga.