Pastor Yang Hua vart nekta å reisa og vart banka opp på ein kinesisk politistasjon.

Pastor Yang Hua vart nekta å reisa og vart banka opp på ein kinesisk politistasjon.  


Angrepet skjedde i heimbyen til pastor Yuang Hua, Guiyang, den 23. mai. Pastor Yuang Hua seier at han hadde fått beskjed om å melda seg på Zhongshan East Road politistasjon denne dagen fordi han hadde kjøpt ein flybillett til Qingdao neste dag. Dette melder den krkstne trusfridomsorganisajsonen CSW.

Der skulle pastoren frå Living Stone Church møta kristne vener. Ifølgje Yuang Hua fortalte politiet at han slett ikkje kunne reisa til Qingdao fordi 1. juli, 100-årsjubileet for det kinesiske kommunistpartiet, nærmar seg.

Medan han venta inne på politistasjonen, kom to menn i sivil inn. Dei opplyste at dei representerte Den politiske og juridiske komiteen i Yunyan-distriktet og starta straks eit aggressivt avhøyr av pastoren.

Banna og sverja
Ein av tenestemennene slo Yuang Hua på venstre øyre og kinn, medan han banna og sverja framfor Yang – med tre andre offentleg tilsette og ein politimann ståande rundt. Politimannen gjorde ikkje noko for å hindra angrepet. 

Angriparen heldt fram med å banna og slå og ropte mot Yang: «Dette er ei kommunistisk verd! Korleis vågar du å krysaa denne lina?»

Truga på livet
Etter at Yang fall i bakken, truga angriparen med å slå han i hel dersom pastoren våga å reisa seg. Då Yang prøvde å stå på beina, tok tenestemannen nytt tak i han og heldt fram med å slå før han og kollegaene drog.

Pastor Yang vart køyrt til sjukehus. Han hadde fått ein konstant lyd i venstre øyre og sterke magesmerter. Han ringde deretter både politiinspektøren og ordføraren for å rapportera om hendinga. Han ringte også naudnummeret til politiet, men fekk beskjed om at måtte snakka med Zhongshan East Road Police Station, den same politistasjonen der han nettopp var blitt banka opp.

Pastor Yang meiner at sjølv om det ikkje var overvakingskamera inne på politistasjonen, ville kamera utanfor ha registrert gjerningsmennene som kom inn. Politiet har nekta å undersøkje saka nærare, trass i at angrepet hende inne på politistasjonen med minst fire offentleg tilsette vitne.

 

Angriparen heldt fram med å banna og slå: «Dette er ei kommunistisk verd! Korleis vågar du å krysaa denne lina?»

 

Har vore i fengsel
Pastor Yang har tidlegare sona ein fengselsdom på to og eit halvt år frå desember 2018 etter at kyrkja hans – Living Stone Church (Kirken av levende steiner) — vart angripen av styresmaktene. Han vart utsett for tortur og mishandling medan han sat i forvaring. Han vart også truga på livet av dei som avhøyrde han. Pastor Yang vart nekta medisinsk behandling i fengselet.

Pastor Yang vart sett fri etter å ha fullført fengselsstraffa i juni 2019. Men politiet har pålagt han «tiltak for å vedlikehalda stabilitet». Det inneber at han når som helst kan få reisefridomen sin innskrenka. Dei daglege aktivitetane til pastoren vert nøye overvaka.

«Brutalt angrep»
– Dette er eit sjokkerande angrep. Det viser eit brutalt regime som brukar harde maktmiddel mot religiøse leiarar som ikkje innordnar seg den totale statskontrollen av religion, seier redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen.

Angrepet mot pastor Yang Hua kjem etter at leiarar i tre store uregistrerte kyrkjer, som alle blei stengde av regimet i 2018, er utsette for nye angrep.Også ein katolsk biskop og fleire prestar som ikkje er godkjende av staten, er bura inne. 

«Sjokkerande mangel på rettsstat»
CSWs grunnleggjarpresident Mervyn Thomas seier: «Detaljane frå angrepet på pastor Yang avslører maktmisbruk og at styresmaktene ikkje bryr seg om rettsstaten. Dette gjer denne hendinga sjokkerande. Dette er diverre berre eit av mange døme på trakassering og vald mot religiøse leiarar og menneskerettsdissidentar i Kina. Vi ber politiet i Guiyang om å etterforska saka upartisk og ope. Vi ber vidare det internasjonale samfunnet straks om å gå inn i saka og å ta den opp med dei kinesiske styresmaktene ved kvart einaste høve».

 

Detaljane frå angrepet på pastor Yang avslører maktmisbruk og at styresmaktene ikkje bryr seg om rettsstaten.

Mervyn Thomas

 

 

AKTUELT

Pastor Qie Jiafu, her saman med familien, var bura inne i to veker.

Kina: Burar inne pastorar

Tre store uregistrerte kyrkjer som Kina stengde ned i 2018, er under nye angrep. Fleire pastorar og leiarar er henta av politiet.

PROSJEKT