Gatene i store byar i Kina er nærast folketomme.

Gatene i store byar i Kina er nærast folketomme.  


Vi lurer på korleis frykta for koronavirus vil påverka livet vårt – arbeidslivet, skulelivet, familielivet og kristenlivet. Vi lurer på om gudstenester blir avlyste og korleis vi skal feira nattverd dersom vi får gå til kyrkja.

Kinesarane veit mykje. Kinesiske kristne veit. Dei har vore der i fleire veker.

Koronaviruset har i Kina ført til isolasjon av millionbyar – og avlyste gudstenester. På ChinaCource skriv Daniel Dakota, som er eit pseudonym for ein amerikansk kristen som bur i ein by sentralt i Kina, at situasjonen er «uhyggeleg».

Han og familien bur i ein kinesisk megaby på rundt 26 millionar menneske. «Tenk om du ikkje berre slår av New York City, men dei ni største byane i USA på same tid. Det ville vera uhyggeleg», skriv han.

«Spøkelsesby»
Den kinesiske sentralregjeringa har bede folk vera heime så mykje som råd og unngå offentlege område. Dei fleste der han bur, går berre ut for å gjera raske innkjøp av daglegvarer eller for å få litt frisk luft. Han og familien gjer som kinesarane. Ansiktsmasker, inn- eller utkøyringskort frå nabolaget og temperaturkontrollar blir stadig meir vanlege i kontorbygg, på tog-, buss og T-bane-stasjonar, i dagligvarebutikkar og andre offentlege stader.

Dei fleste offentlege parkar i byen er stengde, i tillegg til mange bedrifter. «Denne megabyen er blitt til ein maskert spøkelsesby», skriv han.

Kristne i Kina i tøffe debattar
Ettersom isolasjonen dreg ut i tid, møter kristne i Kina overfor heilt unike utfordringar.

Dei fleste gudstenester og andre samlingar er enten avlyste eller mellombels flytta til ei online-plattform. For mange pastorar er teknologien eit «nødvendig vonde» og erstattar ikkje personleg teneste for kyrkjemedlemmane. Pastorar har svært avgrensa samspel med kyrkjemedlemmar. Men dei gjer alt dei kan for å halda kontakten og hjelpa til.

«Kristne kan ta åndeleg skade»
Han skriv at dette er ekstra viktig no sidan kyrkjefolk står i fare for å ta skade åndeleg eller mentalt. «Somme kjempar mot einsemd og isolasjon. Menneske som bur åleine, kan i aukande grad kjenna seg isolert», skriv han.

Kvar dag vaknar alle opp til ei mengde rykte og til stadig ny informasjon. »Menneske som sit åleine heime, kan oppleva panikk», skriv Daniel Dakota.

«Pastorar jobbar i hast med å trøysta medlemmar av kyrkjelyden sin», skriv Dakota.

Sjelesorg og forbøn på nettet
På nettet er det laga mange ressursar for hjelp til kristne som lever isolert, med sjelesorg, forbøn og andre tilbod.

Hard korona-kampanje
Den kinesiske sentralregjeringa har lagt eit sterkt press på folk i kampanjen mot korona-viruset. Tiltaaka som grip inn i folks fridom og daglegliv, er så harde at det er grunn til å spørja om tiltaka er verre enn sjølve sjukdommen, skriv The New York Times.

Hardt press mot kristne i Kina
Kampen mot viruset kjem på toppen av ein intens kampanje for kontroll med religion i Kina, det rammar både registrerte og uregistrerte kyrkjer.

Men mange pastorar er akkurat no mindre urolege for følgjene av presset frå styresmaktene enn for oppheta interne diskusjonar om korleis dei skal handtera situasjonen, påpeikar Daniel Dakota på ChinaSource.

I første omgang har mange kyrkjer flytta gudsteneste og møte til internett. Men di lengre folk er isolerte, dess meir oppheta blir dei teologiske og kyrkjelege debattane, skriv han.

Kristne: «Kan vi feira nettverd på nettet?»
Nokre kyrkjer diskuterer no om kyrkjemedlemmar også kan feira Herrens nattverd på eiga hand. «For dersom vi trass alt kan møtast som kyrkje på nettet, kvifor kan vi ikkje feira Herrens nattverd på nettet?»

Tvistane om slike saker veks. «Og diskusjonane trugar med å øydeleggje enkelte kyrkjer», skriv bloggaren.

Opnar dører for diakoni
Men koronaviruset opnar også dører. Sjølv om det normale livet står stille, har kyrkjene høve til å gjera noko for å ta vare på kallet sitt.

«Vi ber om at Gud vil bruka denne situasjonen for å opna folk for evangeliet», skriv Daniel Dakota som viser til at etter det tragiske jordskjelvet i 2008 i Sichuan-provinsen, kom kristne inn med forsyningar og var aktive i hjelpearbeidet, og det blei lagt merke til.

«Endå ein gong har kristne høve til å skilja seg ut og vera vitne ved å bidra til å skaffa medisinsk utstyr, hjelpearbeid og ved å be for dei i Wuhan. Kristus held fram med å bevare og verna kyrkja si i Kina og bruka den til si ære», skriv Daniel Dakota.

Bibelstudium på nettet
China Christian Daily fortel om kyrkjer i Hubei-provinsen som kjempar seg vidare midt i virusfrykta. Kvar kveld leier broder Li eit bibelstudium på Kuaishou, ein populær video-app i Kina. Hundrevis av kristne følgjer bibelstudiet, også mange ikkje-truande. Han arbeider i Fuman-kyrkja i Yidu. Bibelstudiet på nettet starta han i fjor fordi mange funksjonshemma og folk med lange reiseavstandar hadde problem med å koma til kyrkja.

Broder Li tok pause medan kona var gravid og trengde meir hjelp. Men han tok det oppatt i vinter då korona-utbrotet kom. Ein eldste frå kyrkja hans leier også bønemøte på nettet. Søndagsgudstenestene vert også overførte på Kuaishou-appen.

Kyrkjer og sekter på same appen
Broder Li ser på nettet med blanda kjensler. Han opplever at sekter breier seg på den same appen. Han trur modne truande klarar å skilja mellom kyrkjer og sekter, men at unge kristne lettare kjem i kontakt med vranglære på digitale plattformer, som Shinchonji frå Sør-Korea.

– Det er ei stor ulempe med digitale plattformer, seer broder Li.

Andre melder at kristne kyrkjer møter sterke reguleringar på nettet, medan ei sekt som Shinchonji får friare tøyler. Denne «kyrkja» lærer at deira eigen leiar, Lee, er Jesus som har kome tilbake til jorda.

Er pastor på nettet for 3700
Midt i Wuhan i Hubei, episenteret for korona-viruset, finn vi Qingshan-kyrkja. Dei følgjer opp 3700 kyrkjemedlemmer gjennom grupper på den digitale kanalen WeChat. Dei sender opptak av søndagsgudstenestene.

– Eg føler fred i hjarta og ber om at denne plagen må ta slutt og at samfunnet og kyrkja kan venda tilbake til det normale. Eg ber Gud verna dei som står i frontlina, seier pastor Gao.

Nokre i kyrkja er blant dei smitta. Kyrkja følgjer opp dei sjuke og ber for helsa deira, seier pastoren.

– Be om at Gud må verna oss. Be om at Herren vil styrkja oss, at vi vil sigra med Guds hjelp, slik kyrkja har stått imot prøvelsar og forfølging dei siste åra.

 

AKTUELT

PROSJEKT