Vi som kjempar for dei religiøse minoritetane, er djupt urolege. Trusminoritetane kjem ofte i klemme når dei mektige dreg sverda sine. Vi har med frykt følgt eskaleringa mellom USA og Iran. Kor dramatiske ringverknadene blir, veit vi enno ikkje. Iran trekkjer diverre i mange blodige trådar, og USA er tungt involvert i fleire land.

 

Kristne fangar i Iran
I skuggen av dramaet er mange iranske kristne på veg til rettssalar og fengsel. Dette er anten menneske som har konvertert frå islamsk bakgrunn, eller dei er kristne frå historiske, etniske kyrkjer. Mange frå desse kyrkjene, som kan praktisera trua si på sine eigne etniske morsmål, har starta arbeid blant dei svært mange farsi-talande konvertittane som har kome til kyrkjer eller husgrupper etter den islamske revolusjonen i 1979.

 

Her er nokre av dei som vert bura inne no. 7. januar måtte Ramiel Bet-Tamraz møta i Evin-fengselet i Teheran. Han skal sona dei siste tre månadane av ei straff for arbeidet sitt blant kristne med islamsk bakgrunn. Ramiel er sjølv assyrisk kristen – han er difor godkjend kristen, men andrerangs borgar. Bråk blei det då han starta arbeid blant konvertittar.

 

Ramiel Bet-Tamraz vart arrestert i 2016 saman med to konvertittar som har fått lange fengselsstraffer. Foreldra hans, pastorparet Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issava, er dømde til ti og fem år i fengsel. Ankesakene er utsette mange gonger i ein utmattande prosess, kanskje kjem dei opp i april. Shamiram sitt arbeid i huskyrkjer er av regimet stempla som trussel mot «den nasjonale tryggleiken». Etter at ho deltok på eit seminar utanlands, vart ho dessutan dømt for «spionasje». Victor har fått ti år for illegalt arbeid.

 

Tre konvertitt-kristne vart like før jul henta av politiet for å starta soninga av seks månaders fengsel. Dei vart dømde for «propaganda mot systemet gjennom å spreia sionistisk kristendom». Den uglesette minoriteten bahai er forresten under nett det same presset som dei konvertitt-kristne.

 

Trusfridom og dronedrap
Den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo har gjort kampen for trusfridom til ei fanesak, mellom anna med årlege toppmøte i Washington. Det kan vera løfterikt. Men på den andre sida 
pressa den same Pompeo, ifølgje medierapportar, hardt på for den halslause gjerninga å ta livet av den iranske generalen Qasim Suleimani. USA- kampen for trusfridom kan raskt bli oppfatta som ei anna side av ein haukete, krigersk posisjon.

 

Like før jul appellerte USAs ambassadør for trusfridom, Sam Brownback, regimet i Iran om å la dei kristne feira jul. Men sidan høgtida vart avrunda med eit dronedrap, kan vi frykta at slike appellar er bortkasta. 

Konvertittane i Iran er verken agentar eller spionar. Men militær aggresjon hjelper dei ikkje. Kanskje får dei konvertitt-kristne endå tøffare kår når prestestyret mobiliserer for å overleva. Presset mot dei kristne er over tid skjerpa. Straffene er blitt lengre – no er det stadig både ti og 15 år lange straffer for dei som vert bura inne. Mange andre vert pressa ut av landet.

 

Altfor mange kristne i Midtausten har fått smaka baksida av vestleg aggresjon, fordi kristendom blir stempla som ei farleg vestleg kraft. 

 

Krigersk maktspel er heller ikkje til hjelp for dei store skarane av unge iranske demonstrantar som frå i haust har teke til gatene i protest mot vanstyret. Med brutal vald har regimet slått til mot desse demonstrasjonane. Den irakiske regjeringa har, støtta av Iran, slått ned på sine unge demonstrantar, som også har reist seg mot Irans farlege involvering der.

 

Iransk protest
Når dramaet mellom USA og Iran ein dag legg seg, vil kanskje dei som har protestert mot det iranske regimet, framleis tenkja at «den islamske revolusjonen» har kasta bort store ressursar på militsar og aggresjon i andre land, framfor å byggja landet. Eller vil protestane no bli knuste og demonstrantane bli stempla som støttespelarar for Irans fiendar?

 Vi som trur på trusfridom og like borgarrettar for alle i Midtausten, ber for dei iranske konvertittane. Vi ber også om at dei unge fredskreftene kan få plass i gatene igjen, utan å bli meia ned i Iran eller av iransk-støtta styrkar i Irak. Vi håpar også at USA innser at dronedrap kan sparka beina under kampen for trusfridom og rettane til dei truga minoritetane elles i Midtausten – og appellane for dei kristne i Iran.

 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 10.1.2020

 

AKTUELT

PROSJEKT