Okkuperte Ukraina: Pinsepastor og son (19) torturerte og drepne - Stefanusalliansen
 Anatoliy Prokopchuk og sonen Aleksandr er funne drepne etter at dei vart bortførte av russiske okkupasjonsstyrkar.

Anatoliy Prokopchuk og sonen Aleksandr er funne drepne etter at dei vart bortførte av russiske okkupasjonsstyrkar.  


Ein pastor i ei pinsekyrkje aust i Ukraina er funnen lemlesta og drepen i skogen saman med den 19 år gamle sonen sin.

Pastor Anatoliy Prokopchuk og sonen Aleksandr (19) stod midt opp i hjelpearbeid. Pastoren etterlet seg kone og seks barn, eitt av dei mindreårig.

Dei vart bortførte av russiske okkupantstyrkar om kvelden 22. november. Far og son arbeidde i garasjen, melder The Centre for Journalistic Investigation.

Tortur
Familie og vener skal straks ha slått alarm i sosiale medium etter at dei to var bortførte. Dei to skal ha blitt førte bort i retning nabolandsbyen Raiske, i bilen til ein ven av familien. Lika vart funna i skogen den 26. november, fire dagar etter at dei blei bortførte. Ein ven av dei fortel at lika hadde sterke teikn på tortur og var krevjande å identifisera.

«Det er uklart kvifor dei vart bortførte, men bilen er forsvunnen», skriv Centre for Journalistic Investigation. Heller ikkje Forum 18 Newsservice, som Stefanusalliansen støttar, har fått svar på kvifor dei to vart bortførte og drepne. Det er difor ikkje klart om drapa skuldast trua deira.

Mannen som tok telefonen ved Kherson Region Anti-Terrorism Centre, la på straks spørsmål om dei to drepne vart stilt.

«Russarane trekkjer seg no tilbake frå Nova Kakhovka, og far og sonen kan ha blitt drepne som hemn eller for å stele bilen», skriv Kharkiv Human Rights Protection Group med referanse til The Centre for Journalistic Investigation.

Hylla av ordførar
Dei to vart gravlagde 29. november. Ordføraren i Rivne, Aleksandr Tretiak hyllar pastoren var kjent for å hjelpa andre. Han hyllar pastoren som «patriot og kristen», som ein som kunne ha gjort mykje for landet og familien dersom han ikkje var blitt drepen.

Anatoliy Prokopchuk var pastor i ein kyrkjelyd i den ukrainske pinsekyrkja. I den austlege delen av landet er Aleksandr Babiychuk biskop, ein leiartittel som ukrainske pinsevener brukar. Babiychuk er samstundes generalsekretær i bibelselskapet i Ukraina.

«Raseri mot evangeliske kristne»
Bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen i Det norske bibelselskap kjenner Ukraina godt og blei varsla av kollegaer i landet om tragedien.

– Sidan det ikkje var vitne til det som skjedde, er det vanskeleg å vita sikkert kvifor dei to vart bortførte og drepne. Men heilt sidan russisk-støtta styrkar tok over Donbass i 2014, har vi sett eit sterkt raseri mot evangeliske kristne. Fleire er drepne tidlegare. Soldatar i okkupasjonshæren er opplærte til å sjå på protestantiske kristne som sekter som ikkje høyrer heime i det ortodokse Russland. Dessutan er okkupantane rasande på sivilt hjelpearbeid. Hjelpearbeidet dempar følgjene av okkupasjonen og styrkjer motstandsviljen. Dette har gått hardt ut over evangeliske kristne i russisk-okkuperte område. Difor har det som skjer noko med tru å gjera, sjølv om vi ikkje kan vita heilt sikkert i kvart enkelt tilfelle, som dette, seier Olsen i ein kommentar.


Heilt sidan russisk-støtta styrkar tok over Donbass i 2014, har vi sett eit sterkt raseri mot evangeliske kristne.

Bernt G. Olsen, Bibelselskapet

 

Drepne i Slaviansk
Kort tid etter at russisk-støtta styrkar tok kontrollen i fylka Donetsk og Luhansk (Donbass-regionen) Ukraina i 2014, blei fire medlemmer av ei pinsekyrkje i byen Slaviansk bortførte og drepne. Dei vart kidnappa midt under ei gudsteneste 8. juni, torturerte og skotne. Ifølgje ukrainsk politi skal drapsmennene ha skulda dei for å vera «protestantiske amerikanske spionar» sidan det skal ha blitt funne dollar i bilen deira.

Byen Slaviansk vart seinare frigjort av ukrainske soldatar. Dei tre drapsmennene flykta då til Donetsk og heldt fram som krigarar for «Folkerepublikken Donetsk».

Kharkiv Human Rights Protection Group skreiv i 2019 at protestantiske kyrkjer blei drivne under jorda i dei to russisk-støtta utbrytarrepblikkane i Donbass-regionen.

 

Fader Ivan Levytskyi er arrestert saman med prestekollegaen sin. Foto: Forum 18 Newsservice

Arresterte gresk-katolske prestar
Den 16. november arresterte Russlands nasjonalgarde dei to ukrainske gresk-katolske prestane i kystbyen Berdyansk (nær Zaporizhzhia). Dei arresterte er fader Ivan Levytskyi og fader Bohdan Heleta. Dagen etter hadde russiske styrkar razzia i Fødselskyrkja til den velsigna jomfru og hevdar å ha funne eksplosivar og "ekstremistisk" litteratur. Den russiske okkupasjonsmakta vurderer å stille ein av eller båe prestane for retten, skulda for terror.

Kyrkja avviser blankt at dei to lagra sprengstoff eller våpen eller deltok i «partisan-aktivitetar».

– Den einaste grunnen til at dei er arresterte og illegalt vert haldne i varetekt, er at dei er lojale til folket og kyrkja, seier ein talsmann for kyrkja til Forum 18 Newsservice.

 

Den einaste grunnen til at dei er arresterte og illegalt vert haldne i varetekt, er at dei er lojale til folket og kyrkja.

Talsmann for to fresk-katolske prestar som er arresterte og skulda for terror

 

– Det er ingen som kan erstatta prestane. Alle aktivitetane i kyrkjelyden er stoppa, seier talsmannen.

Fader Ivan deltok i fredelege pro-ukrainske demonstrasjonar fram til okkupantane forbaud  slike fredelege protestar. Etter forbodet heldt han fram med bøn kvar dag klokka 12.00 på ein open plass i byen.

Den andre presten, fader Bohdan, treng regelmessig medisin.

– Å vere arrestert og torturert utgjer ein svært alvorleg trussel mot livet hans, seier ein talsmann for kyrkja.

Kyrkja avviser også blankt den russiske-skuldinga om at kyrkja har «ekstremistisk litteratur». Kyrkja påpeikar at russiske medier viste bøker av metropolitt Andrey Sheptytsky, som leia den ukrainske gresk-katolske kyrkja i første halvdel av det 20. århundre.

– Det er interessant at metropolitt Andrey er heidra ikkje berre i Ukraina og ikkje berre av kristne. Metropoliten, som russarane skuldar for nazisme, er spesielt kjent for å ha redda eit stort antall jødar frå døden i konsentrasjonsleirane under Andre verdskrig. Og dei som kom til Ukraina, som dei sjølv hevdar, 'for å bekjempa nazismen', påstår altså at dei finn ekstremisme i hans verk, heiter det frå den gresk-katolske kyrkja.

Kyrkja krev at dei to prestane straks vert sette fri.

Leonid og Tatyana Ponomaryov blei bortførte, men er no sette fri.

Stengjer gudshus
Det er også ei rekkje andre tilfelle der russiske okkupantstyrkar og russisk-støtta styrkar i dei okkuperte delane av Ukraina har arrestert og torturert religiøse leiarar, både prestar og imamar. Okkupantane har også gjennomsøkt og stengt gudshus, konfiskert utstyr og i minst eitt tilfelle med makt kasta kyrkjemedlemmer ut av kyrkja, melder Forum 18 Newsservice.

Eit bortført pastorpar, Leonid og Tatyana Ponomaryov, er gledeleg nok sette fri.

AKTUELT

Prosjekt