Putins krig: Jødisk protest, sterk krigsstøtte frå muslimsk leiar - Stefanusalliansen
Vladimir Putin saman med den fremste muslimske leiaren i Russland, mufti Talgat Tadzhuddin.

Vladimir Putin saman med den fremste muslimske leiaren i Russland, mufti Talgat Tadzhuddin.  


President Vladimir Putin har fått støtte til krigen ikkje berre frå den mektige russisk-ortodokse patriarken Kirill. Også biskopen i unionen av pinsekyrkjer, Sergey Ryakovsky, har, ifølgje Forum 18 Newsservice, støtta Putin. Han deltok 29. mars på ein parlamentarisk konferanse for å bekjempa nazismen som Putin har utpeikt som fienden i Ukraina. 

Også leiaren for dei Gamaltruande, ei utbrytarkyrkje frå Den russisk-ortodokse kyrkja, har stilt seg bak Putins krig. 

«Fascistar og parasittar»
Harde ord til støtte for krigen kjem derimot frå mufti Talgat Tadzhuddin. Han leier det sentrale rådet for russiske muslimar.  Muftien har stilt seg bak nazi-ordbruken til Putin. I ein tale under id-festen sa muftien:

«Ingen fascistar eller parasittar må få lov til å bu nær oss, fordi vi kan få mangel på plantevernmiddel». Det er magasinet Bitter Winter som refererer talen.

 

Ingen fascistar eller parasittar må få lov til å bu nær oss

mufti Talgat Tadzhuddin

 

Han kalla Vesten for «undersåttar av Antikrist og Dajjal» (Dajjal er den islamske parallellen til Antikrist). Han hevda også at Ukraina ber på ei «brun plage» – det vil seia nazisme, og at dei må stoggast før dei når Russland. Dette er som å høyra Putins propaganda om krigen.

Biskop har flykta
I skarp kontrast står dei to religiøse toppleiarane som har protestert: Den jødiske sjefrabbinaren og den lutherske biskopen. Båe er no ute av Russland, fortel Forum 18 Newsservice som Stefanusalliansen støttar.

Den lutherske biskopen Dietrich Brauer har fortalt om presset dei religiøse leiarane vart utsette for straks etter invasjonen: Dei vart bedne om å støtta «spesialoperasjonen» og om ikkje å be om fred.

Brauer er fødd i Russland og har tyskrussisk familie. Etter protesten kjende han presset så sterkt at han reiste til Tyskland. Derifrå slo han fast at religion i Russland var utsett for rein utpressing.

Tidlegare sjefrabbinar i Russland, Pinchas Goldsmith.

 

Rabbinar har flykta
I juni blei dei så kjent at også den fremste jødiske leiaren i Russland, sjefrabbinar Pinchas Goldsmith i Moskva, har drege frå Russland. Goldsmith drog alt i mars etter å ha protestert mot krigen. Etter a ha hjelpt flyktningar i Aust-Europa, reiste den jødiske leiaren til Israel. «Eg kunne ikkje teia stille når eg såg så mykje menneskeleg liding», skreiv han på Twitter den 7. juli. Goldsmith innsåg at han ville utsetja det jødiske samfunnet for fare ved å bli verande russisk sjefrabbinar. Difor gjekk han av.

 

Eg kunne ikkje teia stille når eg såg så mykje menneskeleg liding

Sjefrabbinar Pinchas Goldsmith
 

FSB åtvara
I mars, dagar etter invasjonen, kom det hemmelege russiske politiet FSB med klare åtvaringar til lokale religiøse leiarar mot offentleg å kritisera krigen.

Trass i press, åtvaringar, bøter, etterforsking og fengsling – og stenging av nettsider – vågar eit lite mindretal av modige kyrkjefolk i Russland likevel å opponera. Den første russisk-ortodokse presten som protesterte, var Ioann Victor Burdin i bispedømet Kostroma. Han fekk 10. mars ei månadsløn i bot etter å ha lagt ut ein nettprotest og forkynt bodet «Du skal ikkje drepa» i landsbykyrkja.

Burdin valde å reisa frå Russland fordi han risikerer hardare straff enn bøter dersom han held fram protesten. Men sidan Burdin ikkje hadde fått ny prestejobb då visumet hans gjekk ut der han oppheldt seg, har den modige presten no reist heim. Men Burdin har ikkje tenkt å teia om korleis kyrkja hans har svikta i tiår. «Eg kan ikkje gå rundt og vera redd hele tida», fortel Burdin meg.

Diakon Sergey Shcherbyuk fekk også kring i ei månadsløn i bot for å ha «diskreditert dei russiske væpna styrkane». Han hadde mellom anna spurt ein tilsett i kyrkja om å endra ein tekst på Vkontakte , den russiske varianten av Facebook, der folk blei oppmoda til å «be for soldatane som kjempar mot nazistar...».

Ei saftig bot var resultatet.

Fjerna frå tenesta
Fleire russisk-ortodokse prestar og diakonar er fjerna frå tenesta etter openlys krigsprotest. Dei blir i praksis pensjonerte. Nokre har bede om dette sjølve, fordi dei visste at dei elles ville bli tvangsflytta eller utsette for andre disiplinære tiltak, opplyser Forum 18.

Diakon Dmitry Bayev blei derimot fjerna med makt då han offentleg fortalde at han ikkje kunna delta i gudstenester der han fekk utlevert bøner for regjeringa og hæren. Han fekk forbod mot kyrkjeleg teneste. Det vart opna etterforsking. Bayev drog frå Russland og har ingen planar om å venda heim.

Ein russisk-ortodoks prest som ikkje høyrer til Moskva-patriarkatet til Kirill, er varetekstfengsla. Fader Ioann Kurmoyarov frå St. Petersburg posta ein video der han uttalte at dei som utløyste aggresjonen, «vil ikkje koma til himmelen» og at «dersom du ikkje er opprørt over det som skjer i Ukraina,... er du ingen kristen».

Han blei arrestert 7. juni, skulda for å ha spreidd «falsk informasjon» om hæren. Kurmoyarov har vore bura inne i Kresty-fengselet sidan i påvente av rettssaka. Ifølgje advokaten er Kurmoyarov klar over at han i verste fall får ti års fengsel, men presten har ikkje tenkt å bøya av.

Kristi autoritet
Baptisten og lokalpolitikaren Nina Belyayeva vart sikta for å «ha spreidd falsk informasjon om hæren» etter at ho protesterte mot krigen i eit kommunestyremøte heime.

Men då straffesaka mot henne vart opna i april, hadde Belyayeva flykta frå Russland. Bøyer seg gjer ho ikkje. For som ho sa, til høge protestar: Kristi autoritet står over autoriteten til Putin og Kirill.

Det er der kampen står.

AKTUELT

Prosjekt