‘Hatefull hindu-nasjonalisme burde uroa også Erik Solheim’
Narendra Modi har leia den hindunasjonalistiske regjeringa i India sida 2014.
Problemet med India er ikkje hinduismen, men valdeleg og hatefull hindunasjonalisme som gjer kristne og muslimar til farlege framande. Farleg religiøs nasjonalisme burde uroa også Erik Solheim. Men han går diverre utanom.
Takk til Erik Solheim for utfyllande svar i debatten vår I Verdinytt om India og fleire gode punkt om indisk historie. Eg er glad han erkjenner utfordringar for Indias minoritetar. Og eg håpar han held lovnaden om å ta opp med venene sine at omfanget av trugsmål og angrep på kristne er meir enn femdobla på statsminister Narendra Modis vakt.
Eg set også pris på at han erkjenner «historiske feilgrep fra Modi og hans bevegelse». Kan eg lesa dette som at Solheim er samd i kritikken eg refererte mot Modi for at han som førsteminister i Gujarat i februar 2002 ikkje gjorde noko for å stogga drapa på kring 1000 muslimar?
Fascismen i RSS
Solheim gjev meg rett i kritikken mot den hindunasjonalistiske moderorganisasjonen RSS for sympatiane med europeisk fascisme på 30-talet og for at eit RSS-medlem drap Mahatma Gandhi. Men Solheim vel å parkera dette som eit reint historisk fenomen.
Dette er eitt av dei punkta der Solheim går utanom. I sin iver etter å nøytralisera den kritikken, påpeikar han at borgarlege sirklar i Noreg også sympatiserte med fascismen på 30-talet.
Gledeleg nok har mange her i landet i tur og orden teke oppgjer med avskyeleg flørting med, og støtte til, fascismen på 30-talet. Dette oppgjeret held fram etter kvart som nye, mørke flekkar vert oppdaga.
Kan Solheim påvisa at RSS og Modi har teke oppgjer til dømes med at den store RSS-ideologen M.S. Golwalkar i 1939 gjorde Tysklands rasepolitikk til førebilete for det indiske Hindustan?
Det er ikkje berre mine vener i India som ser ei tydeleg line frå Golwalkar til dagens RSS som Modi har ført frå opposisjon til ideologisk og politisk makt. RSS sin visjon kom tydeleg til uttrykk på eit møte toppane i juli 2021 hadde i fjellbyen Chitrakoot, på grensa mellom Madhya Pradesh og Uttar Pradesh. Der lanserte dei ein kampanje for å «frigjera India» frå kristne og muslimar. Slagordet «Chadar Aur Father Mukt Bharat» tyder i omsetjing at India skal frigjerast frå burkaen og prestane. Burkaen er eit symbol for det muslimske samfunnet, prestane er symbolet for det kristne.
For dei som lurer på kva dette tyder i praksis, er signala mange: hyppige angrep på muslimar og kristne og innføring av lover i stadig nye delstatar for å kriminalisera konvertering.
Tvangskonvertering til hinduismen gjennom ghar wapsi-seremoniar er derimot ikkje omfatta av det straffbare. Det er også noko Solheim godt kan ta opp med sine hindunasjonalistiske vener i India.
Valden veks
Diverre vel Solheim å gå frå å erkjenna problem til å bagatellisera problema. Eg vel difor å minna lesarane av Verdinytt om kritikken Solheim har fått i eit innlegg i Dagens Næringsliv. Eg gjentek også referansen til det norsk-finansierte Intersect-prosjektet som har dokumentert at vald mot muslimar, som har følgt India som ei mare, har auka under Modis styre.
Evangelical Fellowship of India har i fleire rapportar om auka angrep på kristne, understreka at det er skapt eit klima av frykt, med systematiske angrep mange, noko eg poengterte i mitt førre innlegg. Heller ikkje her tek Solheim opp tråden.
I staden vel Solheim å hevda at eg ikkje viser innleving i det religiøse India, men at eg er tiltrekt av det sekulære. Også her går han utanom. Eg har understreka at hinduismen sjølvsagt er majoritetsreligion og at India like sjølvsagt må gje plass til denne. Problemet i Modis hindunasjonalistiske India er maktbruk og tvang til tru.
Solheim kan lesast som at han meiner at det religiøse India er eit reint hinduistisk India. Eg prøver også å visa interesse for menneske som vel kristen tru i India, i møte med hindunasjonalistisk mobb og hatefull retorikk.
Hatefull retorikk veks
Kristne og muslimar blir i dagens India diverre gjorde til trugsmål og svikarar, ikkje til likeverdige medborgarar. Dei paramilitære troppane og mobben som herjar med kristne i urfolks-landsbyar til dømes i Chhattisgarh, gjer det med politisk og retorisk støtte frå toppen av det indiske samfunnet. Dette er ikkje enkeltepisodar i det mest folkerike landet i verda, det er utslag av ein farleg styringsideologi.
Agendaen min er ikkje å hylla Kongresspartiet, verken historisk eller i dag. Eg framhevar derimot den indiske grunnlova som innførte demokrati og trusfridom og plass til minoritetane.
Maktbruk og tvang
Indias problem er slett ikkje hinduismen. Problemet er den hindunasjonalistiske ideologien som gjev seg utslag i aukande maktbruk mot minoritetar. Solheim går utanom når han let vera å ta opp kritikken mot deltakinga hans under innviinga av hindu-tempelet i Ayodhya i januar 2024. Solheim gjekk i sitt førre innlegg god for at det var legitimt å byggja eit hindutempel der ein nær 500 år gamal moské i 1992 vart ulovleg riven av Modis vener. Solheim skreiv at det var «godt belegg» for påstanden om at det same stad hadde stått eit hindu-tempel som skal blitt rive av muslimar som så bygde moské for 500 år sidan.
Utan å ta standpunkt til det påståtte belegget, spurte eg Solheim om kva vekt eit slikt argument eventuelt skal ha i dag. Eg skreiv: «For å ta ein brennbar parallell: Ekstreme jødar vil byggja eit tredje tempel der Al Aksa-moskeen står i Jerusalem i dag, på staden der dei to første jødiske templa stod. Kva tenkjer Solheim?»
Eg kan ikkje sjå at Solheim svarar, ikkje her heller.
Farleg blanding
Den farlege blandinga av religion og nasjon ser vi i mange land. Ekstreme jødar på Tempelberget i Jerusalem (Al-Haram al-Sharif) og valdelege, rasistiske busetjarar på Vestbreidda illustrerer dette. Den frykta Nehru hadde for India, er i ferd med å gå i oppfylling, slik nabolandet Pakistan er i ferd med å gå ekstremist-lina heilt ut. President Putin og patriark Kirill viser i Russland kor blodig blandinga der er. Juntaen i Myanmar vert støtta av ekstreme buddhistmunkar som ikkje toler eit etnisk og religiøst mangfald.
Det er dette eg åtvarar mot i alle land. Eg har slett ikkje manglande interesse for det religiøse. Derimot målber eg djup frykt for hatefull og ekstrem religiøs nasjonalisme. Dei eg i innlegga mine har omtalt som «mine indiske vener», har kjent dette på kroppen og i møte med mange andre offer. Nettopp difor er dei kritiske til Modi og RSS. Diverre gjer Solheim sitt til å få vestlege regjeringar til å sjå ein annan veg.
Nei til dobbeltmoral
Mi interesse for India og kva vi kan læra er stor. Eg prøver dessutan å unngå dobbeltmoral, ein dobbeltmoral Solheim åtvarar mot. Eg har ulike stader framheva at Noreg har meir enn nok å svara for når det kjem til undertrykking og fornorsking av våre etniske og religiøse minoritetar. Det oppgjeret skjer bit for bit, til dømes gjennom sannings- og forsoningskommisjonen i møte med urett gjort mot samar, kvenar og andre minoritetar.
Slike norske oppgjer burde inspirera Solheim til langt meir open samtale med Modi om det tragiske som skjer på Modis vakt i India. Det er etter mitt syn ikkje å belæra India å snakka om tydelege oppgjer med våre eigne feilsteg som inngangsport til ei betre, felles framtid.
FØRST PUBLISERT I VERDINYTT 24.6.2025
Her er heile debatten, nyeste innlegg øverst:
• Johannes Morken 24.6.: Erik Solheim går diverre utanom
• Erik Solheim 18.6.: Vi har mye å lære av India, vi må ikke bare belære
• Johannes Morken 3.6. Fryktkultur for kristne i India
• Erik Solheim, 29.5. Menneskerettigheter og minoriteter i India
• Johannes Morken, 21.5. Hyllest av en autoritær leder