Putin og patriark Kirill prøver å knekka dei som kritiserer krigen.
Putins styre: Bortført pastor, torturert imam og stengde kyrkjer
Leonid og Tatyana Panomaryov er sporlaust borte etter at dei vart henta fra menn i uniform i den russisk okkuperte byen Mariupol.

Leonid og Tatyana Panomaryov.
SISTE: Pastorparet sett fri i slutten av oktober 2022
Eit bortført pastorpar, stengde kyrkjer, ein torturert imam og eit brent kyrkjeleg bibliotek. Dette er russisk okkupasjonspolitikk i Ukraina.
Maskerte russiske soldatar kom heim til baptistpastor Leonid Panomaryov og kona Tatyana i den okkuperte byen Mariupol. Det var 21. september, to dagar før den ulovlege folkerøystinga om å slutta seg til Russland. Naboar høyrde rop og skrik då dei to vart førte vekk. Familie og kyrkjelyd har ikkje fått livsteikn frå dei. Kyrkja er stengt og forsegla, melder nyhendetenesta Forum18.
Medlemmar av baptistkyrkja hadde nekta okkupasjonsstyrkane å bruka kyrkja til lokale for folkerøystinga. Det no bortførte pastorparet vart skulda for å driva «ekstremistisk aktivitet».
Raida kyrkjer
Dette er berre eitt av mange døme på den brutale framferda til okkupasjonsstyrkane og dei russisk-støtta styrkane i dei okkuperte delane av Ukraina. Soldatar har raida og stengt protestantiske kyrkjer, hindra gudstenester, konfiskert litteratur og i minst eitt tilfelle kasta kyrkjefolk ut av bygningen deira med makt. Nyhendetenesta Forum18 har dokumentert korleis okkupasjonspolitikken verkar for trussamfunn som ikkje bøyer seg for Moskva.
Korleis det ville gå, var vi førebudde på. I dei delane av Luhansk og Donetsk som vart okkuperte i 2014, vart berre kyrkjer som ligg under den Putin-venlege Moskva-patriark Kirill, godkjende. I juni 2014 blei dessutan fire pinsevener i Sloviansk bortførte og drepne.
Så kom ein fullskala invasjon. Alt før 15. juli var 270 gudshus, religiøse utdanningsinstitusjonar og gravplassar øydelagde eller påført store skadar, rapporterte Kyiv-baserte Institute of Religious Freedom. Okkupasjonsstyrkane har raida mange gudshus i områda dei kontrollerer. Korvidt dette er målretta angrep på trusfridommen eller del av ein generell okkupasjonspolitikk, er ikkje hundre prosent klart.
Men døma er så pass mange at det styrkjer mistanken om målretta politikk mot religiøse leiarar som ikkje innordnar seg Moskva. Ta dette dømet:
Brende bøker
Den 23. juni kom russiske militære saman med ein prestedelegasjon frå Moskva-patriarkatet til den krigsherja byen Mariupol. Dei oppsøkte mellom anna ei russisk ortodoks kyrkje som reiv seg laus frå det russisk-ortodokse Moskva-patriarkatet og slutta deg til eit sjølvstendig ukrainsk patriarkat i 2019. Heile biblioteket vart kasta ut og brent. Ein rådgjevar for den flykta ordføraren skreiv på Telegram at brenninga av verdifulle og uerstattelege bøker skjedde med hjelp av prestar frå Moskva-patriark Kirill.
Baptistkyrkja i Lysychansk i Luhansk fekk ublidt besøk tidleg i juli. Russiske eller russisk-støtta styrkar overtok den største protestantiske kyrkja i byen. Dei uniformskledde mennene som ikkje identifiserte seg, knuste døra, fortel pastor Eduard Nosachov. Han flykta i april på grunn av kampane. Soldatane plasserte flagg for «Folkerepublikken Luhansk» framfor kyrkja og tok ned krossen.
Kristen litteratur vart kasta ut. Kyrkjemedlemmar redda biblar unna og gøymde dei. Kyrkja vert brukt av den russisk-kontrollerte byadministrasjonen og vart brukt som vallokale under folkerøystinga.
følgje pastoren har russiske tenestemenn fortalt kyrkjefolk i Lysychansk at militæradministrasjonen har forbode baptistar, pinsevener og adventistar som «ekstremistar». Han har enno ikkje sett dette skriftleg. Trussamfunna har vore forbodne sidan 2014, sidan dei då vart nekta ny registrering. Dersom dei faktisk no også er stempla som «ekstremistar», er dei plasserte i same bås som den fengsla opposisjonspolitikaren Aleksei Navalny.
Torturerte imam
Imam Rustem Asanov i moskeen Muslim Birik i Khersonregionen har fått kjenna okkupasjonspolitikken på kroppen. Han vart taua inn og torturert av okkupasjonsstyrkane. Etter at Astanov vart sett fri, har han fortalt at okkupasjonsstyrkane krev at moskeen må slutta seg til eit russisk trussamfunn og riva seg laus frå det ukrainske som moskeen i dag høyrer til.
Kva skjer med kritikarane av krigen? I Russland er ein russisk-ortodoks prest nyleg dømt til å betala ei bot på to månadsløner for å ha kritisert krigen på religiøst grunnlag. Fader Nikandr vart den første presten som vart dømt i ei kriminalsak som på grunn av krigskritikken. På Vkontakte, Russlands svar på Facebook, skreiv den modige presten at ein «hær av Antikrist» hadde invadert Ukraina.
Dømde prest
Litt seinare i november skal ein ortodoks prest i St. Petersburg for retten. Fader Ioann Kurmoyarov er tiltalt etter ein annan paragraf enn fader Nikandr og kan i verste fall få 10 års fengsel eller ei astronomisk bot. Han har vore i varetekt sidan han blei arrestert.
Dette er president Putins grep for å tvinga kyrkjefolk til å dansa etter hans og patriark Kirills pipe. Velkommen til det nye ortodokse russiske riket.