Naudrop for fange i ukjent fengsel
Aktivisten Y Quynh Bdap blei utlevert til Vietnam. Familien anar ikkje i kva fengsel han er.
Verken familie eller advokatar veit kvar Y Quiynh Bdap er etter at han blei utlevert til Vietnam.
Orda i brevet til hebrearane kjem til meg: «Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.» Det er sterke uttrykk for fellesskap.
«Eg vil ikkje tilbake til Vietnam.» Det svarte den kristne vietnamesiske aktivisten Y Quynh Bdap (33) då eg i oktober fekk sendt spørsmål inn til han i eit fengsel i Bangkok i Thailand. Vietnam hadde kravd han utlevert. Med god grunn frykta Bdap tortur.
Flykta frå trussel om fengsel
Bdap flykta til Thailand i 2018, saman med kone og barn, for å unngå endå ein gong å verta fengsla for ikkje-valdeleg aktivisme for trusfridom og rettferd.
Sidan han var 16 år og skuleungdom har Bdap kjempa for trusfridom for minoritetsgrupper som vert kalla fjellfolka (montagnard) på Det sentrale høglandet sør i Vietnam. Frå eksil i Bangkok heldt han fram gjennom organisasjonen Montagnard Stand for Justice (MSJ), som dokumenterer brot på menneskerettar for fjellfolka.
Men i januar 2024 vart Bdap – in absentia – dømt til ti års fengsel for terrorisme, i ei masse-rettssak. Dei vart dømde for å ha vore med på ein væpna aksjon mot to politistasjonar i Vietnam i juni 2023, med ni drepne.
Montagnard Stand for Justice (MSJ) fordømte aksjonen. Men Bdap vart dømt likevel, utan prov. MSJ vart stempla som terrororganisasjon. Thailandsk politi fengsla Bdap i juni 2024 etter krav frå det brutale regimet i nabolandet.
Fare for tortur
Forsvararen hans, FN-ekspertar og Amnesty International sa tydeleg frå: Bdap risikerte tortur og mishandling. Men etter at ein thailandsk domstol nekta å godta argumenta, vart den modige aktivisten i ekspressfart utlevert i slutten av november i fjor.
Få veker tidlegaere, i oktober, møtte eg i Bangkok kona hans og forsvararen hans og andre støttespelarar. Gjennom Bdaps ven Percy fekk eg sendt spørsmål inn til den fengsla aktivisten.
«Eg bed til Gud tre gonger om dagen. Eg bed om at venene mine i Vietnam skal sleppa å leva i frykt. Eg les Bibelen frå perm til perm på nytt. Advokaten skaffa meg ein ekstra bibel. Då gav eg den Bibelen eg hadde frå før, til ein medfange,» fortalde Bdap.
Bibelen minner oss på at vi skal tenkja på dei som blir mishandla, som om det gjeld vår eigen kropp.
Samanbrot
Percy er sjølv ikkje-valdeleg aktivist for menneskerettar. Også han er flyktning frå Vietnam. Også organisasjonen han jobbar for, er stempla som «terroristar» av regimet i Vietnam. Også Percys familie er mange gonger blitt utsett for press i Vietnam.
Den dagen Y Quynh Bdap vart sendt tilbake, var Percy på konferanse i Indonesia, om trusfridom. Der fekk han vita at regimet i Vietnam også prøvde å spora opp han, med hjelp av mobilen til mora i Vietnam. Percy fekk eit samanbrot. Han flykta til Europa.
No kan vi i frykt prøva å ana kva Bdap, som med tvang vart sendt tilbake til Vietnam, har måtta gjennomgå i ei vietnamesisk fengselscelle. På nyåret dukka han opp på vietnamesisk fjernsyn med ei «tilståing» av valden i 2023. Men med det vi veit av kva harde metodar regimet i Vietnam brukar mot fangar og mot familiane deira, trur eg ikkje det minste på at «tilståinga» er ekte. Eg trur «tilståinga» skjedde under tvang.
Bibelen minner oss på at vi ikkje skal gløyma fangar som Y Quynh Bdap. Ikkje skal vi gløyma familien hans heller.
Bibelen minner oss på at vi skal tenkja på dei som blir mishandla, som om det gjeld vår eigen kropp. Lat oss kjenna på den påminninga.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 1-2026