Aktivist for menneskerettar kan bli tvangsreturnert frå Thailand til Vietnam.
Vart kasta ut av landsbyen. I dag leier dei ei livskraftig kyrkje
Motorsykkelen er framkomst midlet når ekteparet Lo og H’Tuir dreg frå landsby til landsby.
Lo og kona H’Tuir var dei to første som kom til tru på Gud heime i landsbyen. Dei vart kasta ut heime og måtte byggja stråhytte i skogen. I dag er Lo pastor i landsbyen.
Lo (53) er av jraj-folket, ei av dei 30 etniske gruppene i Det sentrale høglandet sør i Vietnam. Desse folkegruppene har eigne språk som skil seg klart frå vietnamesisk.
På det buktande fjellplatået ligg mange av landsbyane 4-600 meter over havet. På veg ut av høglandet køyrer vi over eit fjell på 1250 meter. Åkrane med grøne kaffiplanter venta på innhausting i oktober.
Vi passerte åkrar med rotfrukta cassava, som er litt søtare enn potet, og er ei viktig matkjelde. Lo dyrkar mais og cassava. Vi er urolege for kva skadar to stormar som slo til etter at vi reiste heim, har gjort.0
Ofrar til forfedrane
Mange av folkegruppene er animistar. Eller dei dyrkar forfedrane – i den faste trua at dei døde påverkar liva til dei levande. Også familien til Lo dyrka fedretrua. Dei ofra husdyr til sjamanen når nokon blei sjuk. Sjamanen bestemte om dei skulle ofra ein gris, ei ku eller ein bøffel.
I 1992 fortalde Lo foreldra at han hadde fått ei ny tru. Han hadde brote med dei rotfesta religiøse skikkane. Lo var den første i familien og landsbyen som kom til tru på Gud.
– Heime ville dei ikkje lata meg følgja Gud, dei ville heller ikkje lenger hjelpa meg med noko, fortel Lo.
Men Lo heldt fast på trua. Ein dag han var ute på åkrane for å fortelja om trua si, møtte han ei ung kvinne, H’Tuir. Ho kom også til tru på Gud, som den andre i landsbyen og den første i sin familie. Tidleg i 1993 gifta dei seg.
Heime ville dei ikkje lata meg følgja Gud
Kasta ut i skogen
Då var det kroken på døra heime. Dei unge måtte byggja eit lite hus av strå og greiner i skogen som eit krypinn. Lo plukka cassava der han kunne for at dei skulle ha noko å eta. Han tok småjobbar i andre landsbyar med ris som betaling.
Men også politiet mislikte at Lo braut med dei religiøse skikkane som alltid hadde samla landsbyen. Trua hans vart sett som eit forsøk på å bryta opp limet i samfunnet. Han vart innkalla til avhøyr og til straffarbeid på politistasjonen. Politiet bad han skriva under på at han tok avstand frå trua.
– Men eg ville ikkje fornekta Gud, fortel Lo.
Etter å ha vore låst inne på eit toalett i tre døgn og blitt slått i andletet og ryggen, vart Lo sleppt fri klokka sju ein morgon. Den unge mannen gjekk til fots i nesten tre mil gjennom skogen, heim til landsbyen, utan mat og drikke.
Vi blei forfølgde fram til 2003. Då tok det slutt.
Pastor Lo
Han måtte ta nye rundar med pliktarbeid, men trua tok ikkje slutt. Både broren og svogeren kom til tru. Mange i landsbyen ville framleis ikkje snakka med han. Nye truande måtte møta hos politiet og vart bedne om å fornekta trua.
– Vi blei forfølgde fram til 2003. Då tok det slutt.
Klokka 6 om morgonen er det barnesamling i kyrkja.
Kyrkje med 360 medlemmer
Stråhytta i skogen blei bytt ut med eit hus, som dei renoverte og også gjorde til kapell. I dag er han pastor i ei kyrkje i landsbyen der Lo og kona først vart støytte ut i skogen. Kyrkja har 360 medlemmer, 70 høyrer til storfamilien til Lo.
– Kva reaksjonar møtte du hos sjamanen?
– Då vi starta, hadde landsbyen tre sjamanar. Då dei såg at så mange byrja tru på Gud, byrja også dei å tru på Gud. To av dei er døde. Den tredje går i kyrkja. I dag har landsbyen ein spåmann. Men familien hans trur også på Gud, det er få som går til spåmannen.
Lo har i alt starta sju kyrkjer i landsbyar. I 2008 reiste Lo for å gå på bibelskule i millionbyen Ho Chi Minh, byen som under namnet Saigon var hovudstad i Sør-Vietnam til landet vart samla etter Vietnamkrigen.
Politiet godtek kyrkja
Pastor Steve, som er støtta av Stefanusalliansen, driv bibelskulen. Lo vart i 2017 ordinert til pastor etter å ha fullført teologiutdanninga.
– Korleis er forholdet til politiet i dag?
– Det er normalisert, i dag godtek dei kyrkja mi. Nokre av leiarane i landsbyen går i kyrkja.
«Mor mi trur på Gud»
Med støtte frå pastor Steves kyrkje har Lo og kona i tre år reist to-tre gonger i månaden til ein landsby der det bur menneske som lid av lepra – sjuke vi kjenner som spedalske. Dei har med klede og medisinar. Saman med kristne vener i landsbyen byggjer dei hus for sjuke. Dei samlar menneske i bøn.
Mor og far kom til tru på Gud i år 2000. Far døydde i 2004, mor mi lever og trur på Gud.
– Kva skjedde med foreldra dine som vende ryggen til deg og kona?
– Dei kom til tru på Gud i år 2000. Far døydde i 2004, mor mi lever og trur på Gud.
Vitnar om eit endra liv
Av dei seks borna til Lo og H’Tuir, fødde mellom 1993 og 2008, er fire gifte og er bønder, dei er aktive i kyrkja.
– Kva var vitnesbyrdet som du deler?
– Eg deler livet mitt, frå hjarta. Eg viser dei det nye livet mitt, seier Lo.
Pastor Steve har etablert ei kyrkje med 1400 fellesskap i fire land.
‘Evangeliet er frigjerande’
Pastor Steve som leier kyrkjesamfunnet pastor Lo er ein del av, Vietnam Good News Mission, forklarar kvifor menneske kjem til tru når folk viser fram sine endra liv.
– Folk har i alle år ofra slik som sjamanen i landsbyen har sagt. Til slutt kan familiar mista heile buskapen i slike offer. Men dette har vore bedrag, seier pastor Steve.
Han legg til:
– Når menneske kjem til tru på Gud, merkar dei Guds kraft. Ikkje berre sluttar dei å drikka og gambla, men dei blir fri frå plikta til å ofra dyr etter kva sjamanen bestemmer.
Sjamanen ville bli kristen
Pastor Steve fortel at han for tre år sidan møtte ein sjaman og kona hans i ein landsby ein stad i Det sentrale høglandet. Dei ville snakka med pastor Steve om tru.
– Eg spurte sjamanen kvifor dei ville bli kristne. Han svarte at han fekk vondt i hjarta når han bad fattige menneske ofra eit dyr fordi nokon i familien var sjuke. Han såg at folk var redde. Sjamanen innsåg at det var løgner han hadde fortalt dei, løgner om at å ofra eit dyr ville gjera menneske friske. Han sa at han ikkje kunne halda fram med dette.
Sjamanen og kona hadde levd av kjøtet frå dyreoffer. Eg forklarte at det ville det bli slutt på.
Pastor Steve
«De vil bli svoltne»
Pastor Steve fortel at sjamanen spurte om han likevel kunne bli kristen.
– Eg svarte at han sjølvsagt kunne bli kristen, seier pastor Steve og legg til:
– Men eg sa også at dersom han blei kristen, måtte han heilt slutta å ta imot offer. Eg sa at han og kona ville bli svoltne. Sjamanen og kona hadde levd av kjøtet frå dyreoffer. Det ville det bli slutt på. Ikkje hadde dei jord dei kunne dyrka mat på, heller. Dette forklarte eg dei. Eg spurde om dei hadde tenkt over korleis dei skulle klara seg.
– Sjamanen svarte: «Vi veit dette, men likevel vil vi følgja Jesus og stola på Gud.» Tre år etter er dei framleis sterke i trua. Borna deira som er bønder, tok omsorg for foreldra. Slik klarar den tidlegare sjamanen og kona hans seg. Evangeliet er frigjerande, seier pastor Steve.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2025