Endelig kunne ikke vietnamesisk politi hindre dem i å feire kjærligheten.
Kristen aktivist fryktar tortur
Aktivist for menneskerettar kan bli tvangsreturnert frå Thailand til Vietnam.
Y Quynh Bdap kjempar mot å bli utlevert frå Thailand.
OPPDATERING 1.12.2025
Laurdag 29.11. blei Y Quynh Bdap sendt tilbake til fengsel i Vietnam.
I eit varetektsfengsel i Bangkok, hovudstaden i Thailand, har den 33 år gamle Y Quynh Bdap vore sperra inne sidan juni i fjor. Vietnam kravde den politiske fangen utlevert. Onsdag 26. november fastslo ein ankedomstol i Bangkok at regjeringa har lov å senda Bdap tilbake mot hans vilje. Same konklusjon kom ein annan domstol til i august i fjor.
No ligg saka i hendene på statsminister Anutin Charnvirakul.
– Eg vil ikkje tilbake til Vietnam, sa den fengsla Bdap som svar på spørsmål frå Stefanusalliansen i Bangkok i oktober.
Flykta i 2018 for å unngå fengsling
Bdap flykta til Thailand i 2018, saman med kone og barn. Han ville unngå på nytt å bli fengsla etter å ha vore internert i fem månader seks år tidlegare.
Eg vil ikkje tilbake til Vietnam
Y Quynh Bdap til Stefanusalliansen
Halve livet som fredeleg aktivist
Sidan han var 16 år har Bdap brukt livet til kampen for religionsfridom og andre menneskerettar for fleire folkegrupper på fjellplatået Det sentrale høglandet sør i Vietnam.
Regimet i Vietnam har brukt harde middel for å undertrykkja aktivistar blant desse folkegruppene. Ifølgje Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) blir det brukt «varetekt, arrestasjonar, fengsling, tortur og tvangskonvertering».
Vietnam hevdar at Bdap, frå eksil i Thailand, var involvert i angrep på to politistasjonar i heimeprovisen Dak Lak i Vietnam i juni 2023. 9 vart drepne.
Avviser at han deltok i vald
Bdap avviser blankt at han hadde noko å gjera med angrepa. Men i januar 2024 vart han – in absentia – dømt til ti års fengsel for «terrorisme». I mars i 2024 blei organisasjonen Montagnard Stand for Justice, som Bdap var med på å danna etter at han kom til Thailand, erklært som «terrororganisasjon».
Etter at Vietnam kravde han utlevert blei Bdap i juni i fjor arrestert av thailandsk politi. Ein domstol fastslo at han kunne utleverast. Same konklusjonen blei det altså i ankesaka.
Fryktar tortur
Bdap og støttespelarane fryktar tortur dersom han blir utlevert. Forsvararane hans seier at Thailand vil bryta si eiga plikt til ikkje å senda menneske tilbake til land der dei risikerer å bli forfølgde.
Men retten høyrde ikkje på argumenta. Dommarane sa at Bdap ikkje har ført gode nok prov for at han vil bli torturert og at han heller ikkje har prova at han vart mishandla då han var internert i 2012. Retten stolar på forsikringa frå Vietnam om at han ikkje vil bli torturert.
I Bangkok Remand prison sit Y Quynh Bdap. Saka til den fengsla kristne aktivisten frå Vietnam ligg no i hendene på statsministeren i Thailand. Foto: Johannes Morken
I dagleg bøn og bibellesing
Eg møtte forsvararen hans og andre støttespelarar av Bdap i Bangkok i oktober. Håpet mitt om å møta Bdap sjølv i varetektsfengselet Bangkok Remand Prison, stoppa i eit venterom. Men eg fekk sendt spørsmål inn til han sidan ein ven av Bdap og ein forsvarar fekk nokre få minuttar med den fengsla ni besøksrommet.
Bdap fortalde fangane er stua saman, 25 i cella, og at dei må sova på sida for å få plass. Maten er dårleg og einsidig, vatnet er ikkje reint.
– Eg bed til Gud tre gonger om dagen. Eg bed til Gud om at venene mine i Vietnam skal sleppa å leva i frykt. Eg les Bibelen frå perm til perm på nytt. Då advokaten skaffa meg ein ekstra bibel, gav eg den bibelen eg hadde frå før, til ein medfange, fortalde Bdap.
Han sa at han var redd for å bli angripen om natta, sidan «vaktene ikkje kan verna meg heile døgeret.» Han var redd at det folk går ærend for Vietnam og at han i verste fall kunne bli kidnappa.
– Eg vil ikkje tilbake til Vietnam, sa Bdap.
Eg bed til Gud om at venene mine i Vietnam skal sleppa å leva i frykt.
Y Quynh Bdap
Flykta frå trussel om fengsel
Sjølv er han av ede-folket, ei av dei kring 30 folkegruppene som sidan det franske kolonistyret er blitt kalla montagnard – fjellfolka.
Bdap blei tidleg skulda for å «undergrava nasjonal einskap», ei mykje brukt skulding mot montagnard-aktivistar og uregistrerte grupper. Han fekk smaka livet i ei celle i fem månader i 2012.
I 2018 kom politiet på nytt. Bdap var ute på åkrane. Han vart varsla om faren. Den vesle familien flykta. I Thailand vart Bdap godkjend som FN-flyktning.
Organisasjonen hans, Montagnard Stand for Justice, lærer opp aktivistar i Vietnam til å samla informasjon om brot på menneskerettar for religiøse minoritetar blant fjellfolka. Dei vil sikra at truverdig dokumentasjon når det internasjonale samfunnet. Bdap har sjølv laga rapportar til FN.
FN-ekspertar har vore svært urolege over utsiktene til at han kan bli returnert. Dei fryktar forsvinning, tortur eller anna mishandling eller vilkårleg internering. Amnesty International og ei rekkje andre organisasjonar har åtvara Thailand mot å utlevera han.
Pastorar fekk politibesøk
I Vietnam høyrer Bdap og familien til ei uregistrert kyrkje. Faren som er pastor, sat sjølv fengsla frå 2003 til 2006.
Under ei reise i Vietnam i oktober, etter besøket i fengselet i Bangkok, møtte eg pastorar i to uregistrerte kyrkjer som båe hadde hatt politietterforskarar på besøk etter valdsangrepa i juni 2023. Den eine kyrkja måtte riva ned skiltet som på utsida fortalde at det er ei kyrkje, pastoren fortalde om press frå politiet i lang tid etterpå.
Då Bdap etter flukta i 2018 søkte om (og fekk) status som FN-flyktning, forklarte han i eit intervju at nesten heile landsbyen – 3-400 menneske – i ein periode deltok på gudstenester i den uregistrerte kyrkja, ei kyrkje Stefanusalliansen kjenner.
Aktivist sidan skuledagane
Problema til Bdap starta fleire år tidlegare, i 2009. Kyrkja deira i landsbyen var brent ned. På den vidaregåande skulen protesterte Bdap. Han fortalde FN-folka i Thailand at ein politimann kom til skulen med klar beskjed: Bdap ville bli utvist og risikerte å bli arrestert dersom han heldt fram markeringane. Politimannen skal ha forsvart at kyrkja var blitt sett i brann.
Bdap fortalde at han og fleire medelevar vart stilte opp framfor alle andre på skulen. Dei vart bedne om å lova aldri meir å protestera. Men Bdap slutta ikkje. Vietnamesiske styresmakter oppsøkte tidlegare i år familien hans i eit forsøk på å få dei til å overtyda den fengsla om å overgje seg, melder Radio Free Asia. Men presset var til ingen nytte.
I over eitt år har hans eigne barn venta på å få faren sin tilbake frå fengsel. Blir Bdap send tilbake til Vietnam, kan det bli lenge til kona og borna, den yngste treng sjukehusbehandling, får sjå han som fri mann og far.