Ukraina: Gøymer seg i kjellar, har snudd under to forsøk på flukt - Stefanusalliansen
Ei skadd bustadblokk i nabolaget der «Anna» og foreldra bur. i Kyiv.

Ei skadd bustadblokk i nabolaget der «Anna» og foreldra bur. i Kyiv.  


I ein kjellargarasje i utkanten av den ukrainske hovudstadeen Kyiv gøymer den 22 år gamle kvinna «Anna» seg for russisk artilleri og brutale kampar.  

Foreldra som ho bur saman med, var utanlands på eit jobboppdrag då den massive russiske invasjonen kom natt til 24. februar. Foreldra klarar ikkje koma seg heim til Ukraina. Fortvilt og i bøn følgjer dei krigen, flukta og situajsonen for dottera på lkang avstand. 

Vener av Stefanusalliansen
Foreldra hennar er årelange vener av oss i Stefanusalliansen. «Anna» er ikkje det eigentlege namnet til 22-åringen som gøymer seg for granatar og gatekampar og som kan riskera å bli stengd inne i straks den neste store angrepsbølgja kjem. 

Foreldra prøvde først å få «Anna» til storbyen Odessa i sør, for at ho kunne kryssa grensa til Bulgaria og dei tre kunne møtast igjen der. Men krigen gjorde at alle tankar på å ta seg til Odessa måtte droppast. 
 

Harde kampar
Før helga vart det harde kampar rundt Kyiv. Invasjonshæren gjorde første forsøk på å ta flyplassen som ikkje ligg langt unna staden der «Anna» har gøymt seg. 

5-600 meter unna kjellargarasjen der «Anna» var det kamphandlingar. I helga kom fleire andre frå kyrkja ho er med i, til den same kjellaren. Dei kom med mat og vatn. Til så lenge er dei trygge der. 

Snudde
Saman med andre i kyrkja prøvde dei å organisera biltransport, først med fem bilar i ei kolonne. Måndag var det rolegare i nabolaget. Dei russiske invasjonsstyrkane omgrupperte og førebudde måndag og tysdag eit nytt massivt angrep for å ta hovudstaden. Det er ein svært farleg situasjon.

Dei som gøymer seg i kjellaren, har gjort to forsøk på å køyra ut av Kyiv, på ei planlagt rute. Men dei har måtta snu begge gongene. Vegane ut er herja av krig, det er svært vanskeleg å passera. Dessutan er det portforbod frå klokka 5 på ettermiddagen. Det inneber at dei må vera sikre på at dei, dersom dei startar ein risikabel køyretur, er framme til ein stad der dei kan overnatta før klokka 5 på ettermiddagen. I motsett fall vil dei bli ståande fast på vegen og bryta portforbodet. 

Framleis sit dei i kjellaren og lurer om dei skal gjera eit tredje forsøk på å ta seg ut av Kyiv, i retning Polen eller Slovakia. Alle grenseovergangane er stappfulle av ukrainarar på flukt. 

– Dei har ikkje klart å bestemma sdeg for om dei skal dra. Ver med oss i bøn, skriv mora i ei melding.  
 
 
 
 

AKTUELT

Prosjekt