Mine Yildirim, her saman med KrFs Kjell Ingolf Ropstad under relanseringa av trusfridomsgruppa på Stortinget i går, ber Norge engasjera seg i saka til den fengsla pastoren Andrew Brunson i Tyrkia,

Mine Yildirim, her saman med KrFs Kjell Ingolf Ropstad under relanseringa av trusfridomsgruppa på Stortinget i går, ber Norge engasjera seg i saka til den fengsla pastoren Andrew Brunson i Tyrkia,  


– Vi må unngå at Andrew Brunson berre blir ei brikke i kampen mellom USA og Tyrkia, seier tyrkisk menneskerettsekspert, Mine Yildirim.

Mine Yildirim, som forskar på menneskerettar og religions- og livssynsfridom i Tyrkia, meiner det skadar saka til den fengsla pastoren Amdrew Brunson at det stort sett berre er den amerikanske ambassaden og amerikanske senatorar som kjempar hans sak.

Andrew Brunson, som er pastor i ei protestantisk kyrkje i Izmir i Tyrkia, blei fengsla i oktober 2016. President Erdogan sette inn massive mottiltak etter det mislukka statskuppet. Brunson blei skulda for å vera ein del av nettverket til Fetullah Gülen, ein muslimsk leiar som er skulda for å stå bak det mislukka statskuppet.

Brunson som er amerikansk statsborgar, og kona har budd og arbeidd i Tyrkia sidan 1994. Dei har vore pastorpar i ein liten kyrkjelyd i Izmir. Brunson avviser blankt at han har vore innblanda i Gulenrørsla og i forsøket på statskupp. Han har berre vore pastor. United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) meiner det er fabrikkert bevis mot Brunson.

Gissel
I ein tale i presidentpalasset 28. september i fjor kravde president Erdogan at USA utleverer Fetullah Güen. I byte skulle USA få pastor Brunson heim.

Han har vore fengsla under strenge vilkår sidan oktober 2016, utan dom og utan tilgang til det som måtte vera av prov – eller påståtte prov – mot han – prova har vore hemmelege. Han hadde ikkje tilgang til advokat dei første to månadane av fengselsopphaldet.

Han møtte i retten for første gong 16. april. Retten bestemte at neste høyring er 7. mai, altså i dag. Brunson risikerer lang fengselsstraff fordi han etter tiltalen skal ha «leia ein terroristorganisasjon». Det er dessverre ingen grunn til å tru at han blir sett fri. For dette er blitt dramatisk storpolitikk.

 Brunson har fleire gonger takka for forbøn og at folk hugsar på han.

Mine Yildirim deltok torsdag 3. mai under relanseringa av ei trusfridomsgruppe på Stortinget. Den er leia av Abid Raja frå Venstre.

Yildirim seier at det vert framstilt i tyrkiske media at Brunson vert halden for å få Gulen utlevert. Dette synspunktet dominerer også i kommentarfelt på internett. Retten har ikkje sagt dette.
 

  • Hald deg oppdatert, meld deg på nyhetsbrev frå Stefanusalliansen her
     

Fryktar
Yildirim som leier «Freedom of Belief Initiative» i heimlandet, fryktar for lagnaden til Brunson.

– Uheldigvis følgjer ikkje Amnesty International og Human Right Watch saka til Brunson. Det er stort sett berre USA – gjennom ambassaden og senatorar – som følgjer saka. Slik blir Brunson ei brikke i kampen mellom USA og Tyrkia. Det hjelper ikkje Brunson. Saka hans må sjåast på som ei menneskerettssak. Eg håpar at fleire menneskerettsorganisasjonar går inn i saka hans. Eg håpar også andre ambassadar enn den amerikanske gjer det. Dersom Norge ikkje alt følgjer saka, meiner eg den norske ambassaden må engasjera seg, til dømes ved å senda observatørar til rettssaka, seier Yildirim.

Statssekretær Audun Halvorsen i Utanriksdepartementet kommenterer utfordringa frå Yildrim slik:

– UD er bekymret over menneskerettighetssituasjonen i Tyrkia og ambassaden følger utviklingen på dette området tett, inkludert Brunsons sak. Ambassaden observerer derfor ofte rettssaker, i nært samarbeid med likesinnede andre lands ambassader, men vil ikke ha anledning til å stille på det omtalte rettsmøtet som skal finne sted mandag.

Amnesty International prioriterer for sin del andre saker og går ikkje inn i saka til Andrew Brunson.

– I Tyrkia i dag er det mer enn 50 000 varetektssaker, hvorav mange sannsynligvis er vilkårlige, og Amnesty har valgt å prioritere sakene til menneskerettighetsforkjempere og journalister. I motsetning til mange av disse har pastor Brunson mange mennesker som jobber for hans sak, inkludert hele den amerikanske kongressen, svarar politisk rådgjevar Beate Ekeløve-Slydal i Amnesty.

Krev tydeleg tale

Kor mykje USA faktisk gjer med saka til Brusnon er eit spørsmål, sidan den amerikanske administrasjonen har andre dei gjerne vil ha ut av Erdogans fengsel. Ein tidlegare amerikansk ambassadør i Tyrkia, Eric Edelmann, krev i Washington Post at Donald Trump straks krev Brunson sett fri utan vilkår. Kravet kjem han med saman med Aykan Erdemir, tidlegare medlem av det tyrkiske parlamentet. Erdemir hgar skrive denne bloggen om Brunson-saka.

Yildirim fekk Stefanusprisen i 2016 saman med nettopp Aykan Erdemir. Stefanusalliansen har engasjert seg i saka til Brunson og sende appell for han i februar i fjor.

Kritisk
Christian Solidarity Worldwide, et internasjonalt nettverk av organisasjoner som kjemper for trosfriheten, er meget kritisk til behandlinga av Brunson.

– Pastor Brunson ledet i 23 år en menighet i Izmir. Myndighetene hadde fullt kjennskap til dette. Intet bevis er lagt fram som knytter Brunson til Gülen-bevegelsen, og det er både urovekkende og uakseptabelt at hans frigivelse er gjort avhengig av utlevering av Gülen. Vi ber den tyrkiske regjeringen løslate pastoren og tillate ham å vende hjem. Vi oppfordrer også regjeringen til å respektere og iverksette Tyrkias egen lovgivning som beskytter religionsfriheten, å legge til rette for tilbakelevering av kirkelige eiendommer og å sikre prosessene i alle saker som gjelder tros- og livssynsfriheten, sier Mervyn Thomas i Christian Solidarity Worldwide.

Abid Raja, Kjell Ingolf Ropstad og Mine Yildirim under relanseringa av Stortingets trosfrihetsgruppe.

Stortingets gruppe for trusfridom blei først starta for tre år sidan. Den er ein del av eit internasjonalt nettverk av parlamentarikarar – IPPFORB, International Panel of Parlamentarians for Freedom of Religion and Belief.

Folkemord
Det yezidiske parlamentsmedlemmt Vian Dakhil (t.h.) frå Irak deltok på seminaret. Dakhil la tungt inn over forsamling historia folkemordet på hennar minoritet – IS drap 12 000. Den islamistiske terrorbevegelsen kidnappa også fleire tusen unge kvinner som sexslavar – 3 000 av desse er framleis sakna, omlag halvparten av dei kidnappa. Familiar får telefonar frå jenter som vil bli fri, men familiane har ikkje råd å betala løysepengar.

Den verste delen av tragedien utspelte seg i Sinjar-fjellet vest for Mosul i august 2014. Framleis lever fleire hundre tusen i flyktningleirar. Buområda i Sinjar er heilt øydelagde.

Dakhil fortel til Stefanusalliansen om frykta for at IS vender tilbake i Irak. Yezidiar som opplevde at den muslimske naboen vende seg mot dei og blei med IS, har skapt djupe traume.

- Be norske styresmakter hjelpa oss, seier Dakhil.

Hjelper nettverket
Helsingforskomiteen og Stefanusalliansen la til rette for møtet og hjelper det norske nettverket med materiell og kontaktar. Lisa Winther frå Stefanusalliansen presenterte mellom anna heftet «Trosfrihet for alle» og ei ny digital læringsplattform som Stefanusalliansen har vore med på å utvikla saman med nordiske kollegaer.

Ho utfordra også stortingsrepresentatar til å signera felles brev som tek opp saker der menneske blir forfølgde for trua si. Ho bad også stortingsrepresentantane få regjeringa på bana i konkrete saker for trus- og livssynsfridom.

Av stortingsrepresentantane i trusfridomsgruppa var Trond Helleland (parlamentarisk leiar i Høgre) og Svein Harberg frå same parti med på seminaret. Gruppa består av:

Nina Sandberg (Ap), Trond Helleland (H), Hans Andreas Limi (Frp), Trygve Slagsvoll Vedum (Sp), Petter Eide (SV), Abid Q. Raja (V), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Une Bastholm (Mdg) og Bjørnar Moxnes (Rødt).

 

AKTUELT

Fader Salar ble værende i Tel Skuf da folket flyktet for andre gang. Han står modig i den gjenreiste katedralen.

Hilsen fra langfredagsfolket

«Vi er et langfredagsfolk», sier fader Salar, prest nord i Irak. «Vi korsfestes igjen og igjen», sukket truet tyrkisk prest i sine bønner.

PROSJEKT