Abid Raja står opp for Asia Bibi og mot blasfemilova i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri, skriv Johannes Morken.

Abid Raja står opp for Asia Bibi og mot blasfemilova i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri, skriv Johannes Morken.  


Det ligg ei kortslutning bak resonnementet. Det ser vi som i haust har levd i håp og frykt for lagnaden til den først dødsdømde og så frikjende kristne kvinna Asia Bibi i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri. No er ho frikjent, men ikkje fri – takka vera pakistanske ekstremistar.

Qassam Ali viste til at statsminister Imran Khan i Pakistan hadde bede Organisasjonen for islamsk samarbeid ta karikaturspørsmålet opp i FN. Khan bør heller gjera noko med Pakistans eiga blasfemilov og ta endå hardare tak i eigne ekstremistar. I Pakistan blir grunnlause, men hatefulle blasfemiskuldingar brukte til politisk mobilisering.
 

  • VIL DU JEVNLIG MOTTA NYHETSBREV OM TROSFRIHET? MELD DEG HER
     

Uhyrlege krefter
Den kristne tobarnsmora Asia Bibi er eit offer for uhyrlege krefter. Ein varm sommardag i 2009 drakk ho vatn av den same koppen som muslimske kvinner på ein åker der kvinnene plukka bær. Ho vart skulda for å ha gjort vatnet «haram». Etter ein krangel vart Asia Bibi deretter skulda for å ha fornærma islam. Ho vart arrestert. I november 2010 vart ho dømt til døden.

To sentrale pakistanske politikarar som tok henne i forsvar og kritiserte blasfemilova, vart i 2011 drepne av ekstremistar. I åtte år sat Asia Bibi med dødsdom hengjande over seg.

Men 8. oktober i år fekk ho endeleg ankesaka opp for høgsterett. 31. oktober vart Asia Bibi – til vår store glede – frifunnen. «Vi kan ikkje dømma nokon som det ikkje finst bevis mot», sa høgsterettsjustitiarius som leia dommarpanelet då han dagen etter forsvarte dommen. Men ekstremistane høyrde naturlegvis ikkje på det øyra. Leia av partiet TLP lamma dei i tre dagar viktige byar, dei brende bilar og bildekk, dei truga dommarane på livet og kravde den frikjende hengt.

Gav etter
Statsminister Khan var 1. november ein augneblink høg og mørk. Han sa at regjeringa ville visa styrke dersom ekstremistane ikkje stoppa. Men dagen etter gjorde Khan retrett. Han inngjekk avtale med TLP og godtok at dei fekk levera inn krav om at høgsterett ser på frifinninga på nytt. Regjeringa ville vurdera om Asia Bibi skulle få forbod mot å forlata landet.

Gledeleg nok blei TLP-leiaren fengsla 22. november, før nye varsla demonstrasjonar til støtte for blasfemilova. Lat oss håpa det betyr at den pakistanske regjeringa tek skikkeleg tak i kampen mot den islamske ekstremismen som trugar både staten og minoritetane. Før denne fengslinga fekk dei stå over lova.

Etter det vi veit er Asia Bibi ute av fengsel og vert halden på ein – inntil vidare – trygg stad, truleg vakta av hæren. Vi håpar og trur at høgsterett står fast ved ei overtydande frifinning.

Drepne
I Pakistan er ikkje Asia Bibi og familien trygg. Ekstremistane står klare til å drepa henne. Det er mange døme på at menneske som er frikjende etter årelange rettsprosessar, er tekne av dage av ekstremistar. Dei må få forlata landet.

Kristne i Pakistan veit at Asia Bibi er uskuldig. Men dei fryktar nye valdsbølgjer mot kristne nabolag den dagen Asia Bibi får forlata landet. Så langt har politiet heldigvis klart å verna kyrkjer og kristne bydelar etter frifinninga. Men det er nok av historiske døme på valdsangrep mot kristne nabolag og blodig terror mot kyrkjer.

Vi kjenner oss trygge på at eit fleirtal i Pakistan støttar frifinninga. Men dei vågar ikkje visa seg når ekstremistane set i gang. Både Asia Bibi og den tause majoriteten Pakistan treng støtte. Her i landet er Abid Raja i Venstre eit føredøme. Han har sagt som sant er: Blasfemilova er ein skamplett for Pakistan.

Kvar var du?

Kvar var Qassam Ali og meiningsfellene hans den dagen Asia Bibi blei frikjent? Kvar var dei då TLP-ekstremistane lamma Pakistan, kravde den frikjende hengt og truga dommarane på livet fordi dei hadde forsvart viktige prinsipp for ein rettsstat? Og kva er det med erfaringane frå Pakistan som tyder på at ei blasfemilov hindrar radikalisering?

 

AKTUELT

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT