Sajid Christopher Paul har frå utlandet følgt demonstrasjonar og valdshandlingar i Pakistan etter at Asia Bibi blei frikjent 31. oktober.

Sajid Christopher Paul har frå utlandet følgt demonstrasjonar og valdshandlingar i Pakistan etter at Asia Bibi blei frikjent 31. oktober.  


Sajid Christopher Paul har i ei veke vore i Noreg og møtt mange av Asia Bibis norske støttespelarar. Han seier at han er skuffa og overraska over at regjeringa i Pakistan 2. november inngjekk avtale med ekstremistpartiet TLP og gjorde framtida for den frifunne Asia Bibi uviss.

Ho vart frifunnen av høgsterett 31. oktober. «Eit mirakel har skjedd», sa Sajid Christopher Paul, leiar i Human Friends Organization, Stefanusalliansens partner.

Men frifinninga utløyste demonstrasjonar og valdshandlingar som lamma mange pakistanske byar. Demonstrantane kravde Asia Bibi hengt og truga dommarane på livet. Dei kravde også at regjeirnga ikkje let Asia Bibi forlata landet.– Når det ikkje er prov mot nokon, skal vedkomande ikkje dømmast, sa høgsterettsjustitiarius torsdag 1. november. Han forsvarte rettsstatsprinsipp og at sa dommarane «ikkje er dommarar berre for muslimar».

Også statsminister Imran Khan stod opp mot ekstremistane og åtvara dei mot å gå så langt at staten måtte svara med harde middel.

Gav etter
Men så gav Khan altså etter for å få slutt på demonstrasjonane. To dagar etter frifinninga inngjekk regjeringa 2. november avtalen som har medført at vi framleis ikkje veit noko om kvar Asia Bibi og familien er, bortsett frå at ho er ute av fengsel. Ho vart etter det sikre kjelder fortel avisa dawn.com henta ut av fengsel og teken til ein trygg stad 7. november. Mange nyhetsmedia melde at ho var på veg ut av landet. Men den meldinga er det ingen som kan stadfesta. Vi tek det for gitt at ho og familien er på ein trygg stad i Pakistan, vakta av militæret.

Sajid er redd ekstremistane i Pakistan no får meir makt sidan dei ser at dei kan vald og demonstrasjonar kan vinna fram.

– Dei ser at dei står over lova, seier Sajid til Stefanusalliansen.

 

  • MELD DEG PÅ NYHETSBREV FRA STEFANUSALLIANSEN HER
     

Stå fast
Sajid trur høgsterett ikkje kjem til å reopna saka og at frfinninga av Asia Bibi kjem til å stå fast. Til Stefanusalliansen seier han at han byggjer på at både den noverande og den komande høgsterettsjustitiarius (Chief Justice) deltok i ankebehandlinga av dødsdommen. Så håpar han at Asia Bibi får forlata landet, noko ekstremistane har bedt regjeringa hindra.

Han trur at eit fleirtal i Pakistan meiner det var rett å frifinna Asia Bibi.

– Når høgsterett har gått gjennom alle fakta og funne ut at ho er uskuldig, trur eg fleirtalet meiner dommen er rett. Men i Pakistan dominerer dessverre ekstremistane som bryt lova, over majoriteten. Eg trur fleirtalet er redde for ekstremistane og at dei heldt seg langt unna demonstrasjonane. Dei som rykte ut i gatene, var medlemmar av TLP.

Human Friends Organization, Stefanusalliansens partner, har vore og er ein nær støttespelar for Asia Bibi og familien. Dei har støtta familien og gitt bidrag til å betala advokaten Saif-ul Malook (også skrevet Mulook).

Asia Bibi viser styrke
Advokat Mulook forlet Pakistan av frykt for sitt eige liv. I vidoen nedanfor frå ei nederlandsk kyrkje fortel Mulook om sitt siste oppløftande møte med Asia Bibi fengselet, 10. oktober.  Det var to dagar etter at Pakistans høgsterett hadde oppe anken mot dødsdommen Asia Bibi har hatt over seg i åtte år - for påstått blasfemi.

I denne videoen fortel advokaten - som drog frå Pakistan etter dødstruslar – at Asia Bibi var glad. Akkurat den dagen rettsmøtet var, 8. oktober, hadde ho hatt ein draum. Ho hadde sett fengselsportane opne. Ho var sikker på at ho ville bli frikjent «Ho var fylt av Gud, og kjende sterkt at ho ikkje ville bli skadd. Ho sa at Kristus var med meg også. Eg har aldri før sett ei så sterk kvinne. I ni år har ho vore skilt frå to døtre. Og likevel er ho så sterk. Eg sa til henne mange gonger: ‘Hadde eg vore i fengsel i din stad, ville eg blitt knekt etter seks månader og teke mitt eige liv’.»

 

 

Eit glas vatn

Sidan juni 2009 har den kristne kvinna og tobarnsmora Asia Bibi vore eit offer for Pakistans blasfemilov og for misbruk av denne for å ramma minoritetar.

Søndag 14. juni 2009 stod Asia Bibi tidleg opp for å plukka bær. På  ein solvarm dag gjekk ho til ei brønn for å kjøla seg ned med eit glas vatn. Ho tilbaud ei kvinne å drikka av glaset med vatn. Då ropte ei anna kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram.»

Asia Bibi var den einaste kristne blant dei, og nokre av dei muslimske kvinnene meinte at vatnet var blitt ureint av at ho drakk. Asia Bibi vart skulda for å skitna til drikkevasskjelda. For ein gongs skuld tok Asia Bibi, som var van til skjellsord, til motmæle mot slike skuldingar.

Ho vart skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed. Asia Bibi blei sint og avviste dette. Ho fekk høyra at ho måtte konvertera til islam, men det nekta Asia Bibi. Det vart krangel, og Asia Bibi blei hetsa og jaga vekk.

Fem dagar seinare våga Asia Bibi seg ut på jordet igjen saman med ei veninne. Dei hadde med eigne flasker med vatn. Dei trudde at situasjonen hadde roa seg. Men etter nokre timar dukka mobben opp. Ho overlevde angrepet som følgde, men vart kasta i fengsel 19. juni 2009. 8. november 2010 blei Asia Bibi dømt til døden.

«Jeg var tørst»

I en tekst smugla ut fra fengselet skreiv ho;

«Eg, Asia Bibi, er blitt dømt til døden fordi eg var tørst. Eg blir halden fanga fordi eg brukte same kopp som dei muslimske kvinnene, fordi vatn servert av ei kristen kvinne blei rekna som ureint av dei eg plukka bær saman med. Kjære Gud, eg forstår ikkje!»

Kritisk
Først 8. oktober i år fekk ho ankesaka opp for høgsterett. Dommarane, leia av høgsterettsjustitiarius sjølv, stilte kritiske spørsmål til bevismaterialet og påpeika mellom anna at politimeldinga som låg til grunn av dødsdommen, var skriven av ein mann som ikkje var til stades då den påståtte blasfemien skulle ha kome. Han er bøneleiaren i den lokale moskeen. – Er han blitt brukt av andre? spurte ein av dommarane.

Høgsterett valde å venta med å koma med dommen. 12. og 13. oktober var det store demonstrasjonar som kravde Asia Bibi hengt og truga høgsterettsdommarane på livet dersom Asia Bibi skulle bli frikjent.

Så blei ho frikjent. Nye demonstrasjonar følgde og TLP fekk stogga Asia Bibi på veg til den verkelege fridommen. No må vi venta endå ei tid i uvisse.

– Be for Asia Bibi, be for familien, be for alle som støttar henne, seier Sajid Christopher Paul.

 

Sajid Christopher Paul saman med advokat Saiful Mulook i Nederland 6. november.

Engasjert
Stefanusalliansens appellvener og forbønsvener har engasjert seg sterkt i saka til Asia Bibi i mange år.

Saka har skapt stor internasjonal merksemd. EU kravde henne fri i januar i år. Leiande pakistanske politikarar som har tala hennar sak, er drepne.

Ein av dei er Salman Taseer, den dåverande guvernøren i Punjab, heimeprovinsen til Asia Bibi, som vart drepen i januar 2011 av sine eigne livvakter.

Også den pakistanske minoritetsministeren Shabaz Bhatti blei drepen for sitt engasjement mot blasfemilova.

Under eit ope møte 15. november heidra Stefanusalliansen Sajid Christopher Paul med ein plakett for å verdsetja motet og innsatsen han har vist i kampen for trusfridom og menneskerettar i Pakistan.

Sajid Christopher Paul får en æresplakett av styreleiar Gunnar Dehli under eit møte i Oslo 15. november. Til venstre Hilde Skaar Vollebæk. Foto: Johannes Morken

Støtt offera for blasfemilova i Pakistan

Sajid Christopher Paul tek stor risiko i kampen mot Pakistans ekstremistar. Du kan støtta hans innsats.

Gje ei gåve

AKTUELT

PROSJEKT