Eit nytestamente vart tent på framfor ei kyrkje i Izmir.  Hendinga som skjedde i juli i fjor. Foto: TEK

Eit nytestamente vart tent på framfor ei kyrkje i Izmir.  Hendinga som skjedde i juli i fjor. Foto: TEK  


Søndag 4. februar blei ei heimelaga bombe plassert i hagen til Santa Maria katolske kyrkje i Trabzon. Alarmen gjekk, og bomba vart funnen utan at den eksploderte, melder Middle East Concern som ber om forbøn for tyrkiske kristne.

Forsøket på å sprengja ei bombe ved ei katolsk kyrkje kjem samstundes med årsrapporten frå Den evangeliske alliansen i Tyrkia om vedvarande hatefullt press mot protestantiske kyrkjer.

Eit nytestamente vart tent på framfor ei kyrkje i Izmir.  Hendinga som skjedde i juli i fjor, vart rapportert til tryggingsstyresmaktene. Men sidan overvakingskameraet var i ustand, var det uråd å identifisera gjerningsmannen som gjekk fri.

Dette er ei av hendingane som er med i 2017-rapporten frå Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK). Stefanusalliansen har samarbeidd med TEK sidan 2008.

Rapporten for 2017 viser at tendensen frå 2016-rapporten held fram:

• Det var ein serie tilfelle av hatefull kriminalitet retta mot protestantiske kristne, også fysiske angrep mot protestantar og kyrkjer.

• Fleire kyrkjelydar slit med å få godkjent å etablera stader der dei kan halde gudsteneste.

• Det var auka omfang av hatefulle ytringar mot kristne i somme nasjonale media, lokale media og sosiale media. Stadig oftare vert kyrkjer knytte til terrororganisasjonar i medieinnslag.

Ei heimelaga bombe blei plassert utanfor Santa Maria-kyrkja i Trabzon 4. februar.

 Her er konkrete eksempel:

• 27. mars vart eit trusselbrev sendt til Radio Shema som publiserer kristne radioprogram i Ankara. Saka vart rapportert, og tiltak sette i verk for å verna både direktøren og radiostasjonen.

• 28. juli vart eit islamsk slagord skrive på veggen til Balikesir-kyrkja. Dei mistenkte vart stilte for retten der dei beklaga hendinga, og kyrkja trekte politimeldinga.

• Fleire tilfella av hærverk er framleis under etterforsking.

• 7. desember vart eit dødstrugsmål plassert under døra til Belikesir-kyrkja. Saka vart meld til politiet. Deretter vart eit vindauga knust i heimen til ein av dei tilsette i kyrkja. Etterforskinga held fram.

Denne trusselen vart hengt på Balikesir-kyrkja: «De vil døy, og den første er prest Mesut og hans assistent Huseayin. Tida for døden er komen nær. De kan ikkje leve i eit muslimsk land, og de vil bli brende i helvete.» (Foto: TEK)

 Deporterte

Dei protestantiske kyrkjelydane i Tyrkia har problem å skaffa nok utdanna pastorar. Lovverket i Tyrkia forbyr trussamfunn å oppretta eigne utdanningsstader for å utdanna religiøse leiarar. Protestantiske kyrkjelydar prøver å skaffa seg utdanna leiarar ved å halda kurs, senda studentar utanlands eller i nokre tilfelle å henta pastorar inn frå utlandet.

I 2017 var det ein serie tilfelle der tilsette og medlemmer i protestantiske kyrkjelydar vart deporterte frå Tyrkia, nekta opphaldsløyve eller nekta visum.

25. mars blei den sør-koreanske pastoren i Izmir Karsiyaka protestantiske kyrkje, Shinyung Kang, bøtelagt som illegal religions-arbeidar og deportert. Han hadde budd og gjort teneste som pastor i 9 år i Tyrkia. Protestantiske kyrkjemedlemmar frå Istanbul, Mersin, Gaziantep, Trabzon, Izmir, Erzurum, Bursa og andre byar deporterte eller bedt om å forlata Tyrkia innan 10 dagar etter at opphaldsløyve ikkje vart fornya.

Fengsla
Pastor Andrew Brunson i Izmir Dirillis-kyrkja har vore fengsla sidan oktober 2016, utan lov og dom. Han er skulda for å vera ein del av Gülen-rørsla som president Erdogan hevdar stod bak det mislukka kupp-forsøket i 2016. Presidenten har tilbode å setja han fri mot at den islamske predikanten Fetullah Gülen blir utlevert frå USA. Framleis er det ikkje reist noko straffesak mot pastor Brunson som har vore pastor i Tyrkia i 23 år. Siktinga mot han er framleis halden hemmeleg. Stefanusalliansen har appellert for Brunson.

I motsetnad til kyrkjene som slit med å få godkjenna bygningar for gudstenester, fekk kyrkja i Antalya – som Stefanusalliansen støttar – opna ei ny kyrkje i april i fjor. Den lokale guvernøren deltok og lova kyrkja vern.

Denne kyrkja i Cigli er stengt inntil vidare av dei lokale styresmaktene fordi dei har eit skilt som ikkje er godkjent. Foto: TEK

Dialog

Rapporten slår fast at ein del saker løyser seg i dialog med styresmaktene. Dessverre har hatkriminaliteten auka i 2017. Rapporten etterlyser informasjon om etterforskinga til offera og offentleg.

 Rapporten ber styresmaktene snarast ta initiativ til å løysa problema som kyrkjesamfunn utan historiske kyrkjebygningar, har for å skaffa seg stader til gudstenester. Offentleg eigde kyrkjer burde bli stilte til disposisjon for søndagsgudstenester, heiter det. Retten til å leva ut trua må gjerast meir sikker, heiter det i rapporten.

Rapporten ber også utdanningsdepartementet om å orientera skular om den retten ikkje-muslimar har til å leva ut trua si også i klasserommet.

Forbøn 

Dette er den siste av ein serie urovekkjande hendingar. Tyrkiske kristne ber om forbøn for:

• At Gud vil styrkja kyrkja i Trabzon og at politiet vil finna den skuldige.

• At Gud vil verna det kristne samfunnet i Tyrkia mot dei radikale elementa i Tyrkia og gje visdom til kristne leiarar.

• At den tyrkiske pressa vil stoppa å bruka det provoserande språket mot kristne og at naboane til dei kristne samfunna rundt kyrkjene ikkje vil bli hissa opp til å bruka det hatefulle språket.

• At kyrkjene, trass i presset, vil halda fram med å veksa.

AKTUELT

Kristne i Tyrkia: Konvertittar frå islam kjem til protestantiske kyrkjer.

Sultan Erdogans maktgrep

Tyrkias president Erdogan kastar ut utanlandske misjonærar og let syriske islamistar truga på livet menneske som har konvertert frå islam.

PROSJEKT