Andrew og Norine Brunson har leia Resurrection Church i Izmir i Tyrkia sidan 1993. Her er dei i heimen sin like før dei sette seg på flyet til USA 12. oktober, kanskje for alltid.

Andrew og Norine Brunson har leia Resurrection Church i Izmir i Tyrkia sidan 1993. Her er dei i heimen sin like før dei sette seg på flyet til USA 12. oktober, kanskje for alltid.  


(FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2018. Bli abonnent her – gratis sju ganger i året)
 

Den amerikanske pastoren Andrew Brunson risikerte 35 år i tyrkisk fengsel for spionasje og støtte til terror. Men i retten 12. oktober vart tiltalen redusert, fleire vitnemål blei trekte tilbake og avslørte som løgn og straffa blei tre år og ein månad – og han vart sett fri straks.

Tyrkia hadde vore under hardt politisk og økonomisk press frå USA.

Brunson blei fengsla 7. oktober 2016 i ei massiv arrestasjonsbølgje og utreinsking etter kuppforsøket den sommaren. Frå 25. juli i år har han vore i husarrest.

Maria frå Stefanusalliansen møtte Andrew Brunson og kona Norine i Izmir like før ekteparet om kvelden 12. oktober sette seg på flyet heim til USA, 25 år etter at dei starta tenesta i Tyrkia. Her er Andrew Brunsons skildring av to år i fengsel:

 

Å hamna i fengsel var langt, langt meir enn eg kunne klara.

Andrew Brunson

«Knust»

«Det første året kjende eg meg heilt knust. Eg opplevde skuffelsar, og eg tvilte på Gud. Etter å ha lese biografiar om folk som har vore fengsla, hadde eg fått inntrykk at det var ei stor glede å lida for Kristus og at dei opplevde at Gud var nær kvar einaste dag. Slik kjende ikkje eg det.»

«Eg er ein som søkjer Guds nærvær. Sidan 2007 har eg sprunge etter Guds nærvær, og vi har mange gonger kjent at Gud har vore nær. Men i fengselet blei eg sjokkert av at eg ikkje opplevde Guds nærvær. Eit par gonger trudde eg at Gud snakka til meg, gjennom draumar, men det skjedde ikkje noko. Det knuste meg.»

«Hadde eg kome ut av fengsel etter det første året, ville eg ligge på golvet i fosterstilling. Men det andre året byrja Gud å byggja meg opp att. Eg byrja å putta  alle spørsmåla som eg ikkje fekk svar på, i ein tenkt boks som eg låste. Berre Gud og eg kunne opna boksen. Eg ville berre fokusera på å vera ein trufast son som kunne halda ut.»

«Halda ut»

«Eg sa til Gud at den dagen eg skal stå framfor Ham, vil eg ikkje vera ei skam. Eg vil spørja: ‘Då du testa meg, svikta eg? Gjorde eg alt deg kunne for Deg? Var det meir eg kunne gjort?’ Eg bad: ‘Eg vil tena Deg, også i fengsel.’ At eg var i fengsel handla ikkje berre om meg. Eg hamna tilfeldigvis midt i noko større. Eg bad om at Gud skulle gje meg mot til å halda ut til slutt. Eg bad: ‘Eg vil tena Deg, Gud, ikkje med mine følelsar, men med min vilje.’»

«Det andre året i fengsel vart eg sterkare i Gud. Gjennom heile fengselsopphaldet var det ein nåde der, men det var ein usynleg nåde, ein nåde eg ikkje var i stand til å merka, verken med mine følelsar eller mine åndelege sansar. Eg følte meg åleine og isolert. Jesaia 50,10 blei mitt vers: ‘... han som vandrar i mørker og ikkje har lys, men må stola på Herrens namn og støtta seg til sin Gud?’

«Å hamna i fengsel var langt meir enn eg kunne klara. Det kan av og til vera vanskelegare å leva for Jesus enn å døy for Jesus. Men Gud tok meg gjennom det. Folk må førebu seg meir på forfølging. Men det er viktig å vera realistisk, å vita kva det er. Mor mi sa: ‘I 2000 år har folk lide for Jesus. No er det din tur.’ Eg  gråt og svarte: ‘Det er fælt, det er smertefullt.’ Ho svara: ‘ Sjølvsagt er det hardt. Det er liding.’»

 

Støtt pressede kirker i Tyrkia

Stefanusalliansen har tre partnere i Tyrkia og ortodokse kirker.  Du kan bidra.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT