Frp-Gulatis lovprising av Modis India er oppsiktsvekkjande - Stefanusalliansen
Himanshu Gulati

Himanshu Gulati  

India   

FØRST PUBLISRT I MORGENBLADET.NO 21.11.2025

Stortingsrepresentant Himanshu Gulati frå Frp leverer i Morgenbladet (10. november) ei oppsiktsvekkjande lovprising av eit autoritært hindunasjonalistisk styre i India.

India er landet som foreldra til Gulati reiste frå for 50 år sidan. 37-åringen som no er blitt utanrikspolitisk talsmann for det største norske opposisjonspartiet, blei i 2019 sjølv æra av den indiske presidenten: Som ein person av indisk opphav fekk Gulati pris for framståande prestasjonar i den indiske diasporaen.

Demokratiet blir knekt
Lat meg forseinka gratulera Gulati med prisen. Gjennom Gulati har India fått ein sentral parlamentarikar som seier så mykje vakkert om forfedrelandet at Indias president tenkjer at prisen var på sin plass.

Eg kunne ønskja at Gulati ville bruka posisjonen som utanrikspolitikar til å formidla synspunkt på menneskerettar og demokrati tilbake til fødelandet til foreldra sine. Diverre synest Gulati å ta motsett posisjon: Han vil forklara og forsvara det autoritære India.

 

Diverre synest Gulati å ta motsett posisjon: Han vil forklara og forsvara det autoritære India.

Gulati brukar ordet «imponerande» om demokratiet i India, trass i at landet under den hindunasjonalistiske regjeringa til statsminister Narendra Modi har sokke som ein stein på internasjonale demokrati-indeksar. Landet har gått i tydeleg autoritær retning og fjernar seg frå  trusfridommen og mangfaldet som grunnlova for det frie India byggjer på.

Eg blir djupt uroleg når Gulati feiar unna kritikken mot Modi for å ha skapt eit samfunnsklima som fører til marginalisering og vald mot muslimar. Gulati identifiserer seg i staden med Modi som urettmessig skyteskive for usann kritikk. Gulati seier: «Dette er mange av de samme type anklagene som venstresiden i en årrekke rettet mot Frp, uten at det var noe sannhet i det.»

Denne familien flykta frå hindunasjonalistisk mobb i Chhattisgarh for eitt år sidan. Foto: Ronald Boyd-MacMillan

Vekst i hat og vald
I møte med slik retorikk nyttar det kanskje ikkje med fakta om vald og hat. Men likevel: Det er synleg for alle som vil sjå, at muslimar og kristne er under veksande press mange stader i India. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom, sett saman av folk frå begge politiske fløyar, fastslår i ein fersk rapport at det i India går føre seg systematisk religiøs forfølging. Kommisjonen ber si eige regjering setja India på «verstinglista» over land som bryt trusfridommen.

Omfanget av valdelege angrep mot kristne har vakse kraftig etter at Modis parti BJP kom til makta i 2014, ifølgje ei kartleggjing frå organisasjonen Evangelical Fellowship of India (EFI).  Eit dusin delstatar har desse åra enten innført nye eller forsterka gamle lover som kriminaliserer konvertering. Dei overgår kvarandre i lengder på straffer for påstått ulovleg konvertering – den strengeste straffen er fengsel på livstid. Ingen har dokumentert at det faktisk går føre seg konvertering med tvang eller pengar, og lovene fører knapt nok til dommar. Men desse lovene er blitt farlege våpen i hendene på hindunasjonalistiske valdsgrupper som skuldar kristne pastorar for «ulovleg konvertering».

Fattige menneske som ikkje vil bli tvinga til å bli hinduar, blir jaga frå gard og grunn i den eine landsbyen etter den andre til dømes i delstaten Chhattisgahr. Muslimske menn som gifter seg med hindu-kvinner, blir skulda for å undergrava hindu-nasjonen.

Statsminister Narendra Modi. Foto: Shutterstock

Tempel på moské-ruinar
Modi starta fjoråret med å innvia eit majestetisk hindutempel i byen Ayodhya i den største delstaten Uttar Pradesh. Tempelet vart bygt på ei tomt der det fram til 1992 stod ein kring 500 år gamal moské. Innviinga vart etterfølgt av angrep mot religiøse minoritetar i seks ulike delstatar.

I 1992 vart moskeen i Ayodhya illegalt riven av ein hindunasjonalistisk mobb som hadde band til den same rørsla som statsministeren sjølv er ein del av. Vi finn Modis vener i den paramilitære hindunasjonalistiske organisasjonen RSS.

Modi lanserte den 1. oktober i år ein minnemynt for hundreårsjubileet til Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS) som i alle år har hatt som mål å gjera India til ein nasjon eksklusiv for hinduar. BJP, Indias regjeringsparti sidan 2014, er den politiske armen i RSS-familien. I dag blir India i stor grad styrt av personar med RSS-bakgrunn, som Modi og innanriksministeren hans.

Framleis demokrati?
RSS vil truleg feira nye hundre år. Spørsmålet er om India då framleis er eit konstitusjonelt demokrati. Modis draum om eit valskred som han kunne brukt til å erklæra India som hinduistisk stat, fekk i valet i fjor eit mellombels skot for baugen: Han mista det reine fleirtalet. Men hatet som Modi har sleppt laus, lever i beste velgåande. 

 

Men hatet som Modi har sleppt laus, lever i beste velgåande. 

 

Gulati seier at han ikkje vil «gå inn i den innenrikspolitiske dynamikken i India». Men den frihandelsavtalen som Noreg i fjor inngjekk med India, ein avtale Gulati rosar, inneheld ein klausul om å følgja opp menneskerettar. Korleis ønskjer den utanrikspolitiske talsmannen for Frp å følgja opp menneskerettar i India?

Det moderne India blei grunnlagt som demokrati med trusfridom og mangfald som fundament. At India under Modi gløymer, og til og med øydelegg sjela si, bør uroa også Frps utanrikspolitiske talsmann.

AKTUELT

Prosjekt