Pastor Ramazan Arkan i Antalya.

Pastor Ramazan Arkan i Antalya.  


Pastor Ramazan Arkan og kyrkjelyden er ein av våre partnarar i Tyrkia. I april i fjor opna dei eit nytt og supplerande kyrkjebygg som Stefanusalliansen støtta bygginga av. I det nye bønebrevet takkar han så mykje for bønene frå vener utanlands. – I desse vanskelege tidene er vi ekstra takknemlege når de løfter oss og kyrkja opp i bøn, skriv pastor Ramazan.

Han skriv at som vi har høyrt i media, strevar Tyrkia politisk og økonomisk. Valutaen søkk i verdi, inflasjonen stig raskt. – Det synest å vera aukane utolmod med presidenten vår. Kanskje er det denne gongen nok opposisjon til å fjerne han frå setet, skriv pastoren.

Han skriv at den politiske situasjonen i Tyrkia framleis påverkar noko av det utoverretta arbeidet som Antalya-kyrkja tidlegare kunne gjera. Tyrkia er framleis under ei form for unntakstilstand etter det mislukka kuppforsøket sommaren 2016. Kyrkja fekk halda offentlege julekonsertar, men dei får framleis ikkje setja opp bokbord på gata, dela ut kristen litteratur og gå på gata og invitera folk til gudsteneste.

Ektepar i Antalya i Tyrkia møtest til middag og undervisning om å leva som ektefolk.

Her er godt nytt:

• Menneske kjem til tru på Jesus, og folk kjem for å høyra evangeliet. Fleire enn nokon gong før har i år droppa inn i dei to kyrkjebygga for å stilla spørsmål om kristendommen. Mange er muslimar. – Vi takkar Gud for å bruka alle situasjonar for å kalle på menneske, skriv Ramazan.

• Ei utfordring er ektepar som slit i samlivet og vurderer skilsmisse. Dette har fått kyrkjelyden til å leita etter tiltak som kan hjelpa ektepar til å læra og veksa som ektepar. No i vår har Antalya-kyrkjelyden starta parkveldar i kyrkja. Det er to grupper med i alt 30 par som skal veksla på å koma fredagskveldane for ein romantisk middag før dei får undervisning og deretter tid til å snakka seg imellom som ektepar. Kvar gruppe skal ha fem slike kveldar. – Slik «dating» mellom ektepar er uvanleg i Tyrkia. Ektefolk er ofte heller ikkje gode på å kommunisera og bruka tid saman, seier Ramazan. Han seier at dei har fått mykje god tilbakemelding så langt på tilbodet. – Kyrkja håpar dei kan skapa ein ny kultur blant ektefolk. Vi håpar Gud vil reparera brotne ekteskap og binde par meir saman, skriv Ramazan.

• Påskefeiringa i den nye kyrkja var god. Det var fullt hus med den vanlege kyrkjelyden og nye som kom. I kyrkja var det også ein konsert med 100 tilhøyrarar.

• I år er bibelstudieklassane som kyrkja har halde på med i 25 år, blitt utvida. Det er blitt eit nivå to for folk som gjer teneste som leiarar i kyrkjelyden. Dette blir framover eit tilbod både for pastorar og andre leiarar slik at dei får åndeleg påfyll.

• Søndag for vel to veker sidan feira kyrkja dåp av fem nye truande. Ramazan ber om forbøn for desse slik at dei blir styrkte i trua og kan halde fast i frimodig tru på Jesus.

Dette var forbønsemna frå pastor Ramazan. Under biletet kan du lesa ein kronikk om Tyrkia, signert Johannes Morken

Mine Yildirim (t.h.) møtte 3. mai stortingsfolk, som Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Spinnvill tiltale mot Erdogans gissel

I ei fengselscelle i den tyrkiske byen Izmir kjempar ein pastor for å halda motet oppe. Andrew Brunson er president Recep Tayyip Erdogans gissel i kampen med USA.

Etter det mislukka kuppforsøket i juli 2016, sperra Erdogan mange tusen inne og erklærte unntakstilstand. I oktober 2016 blei Andrew Brunson, som er amerikanar, kasta i fengsel. Han blei skulda for å støtta predikant Fetullah Gülen. Gülen bur i USA – men vert av Erdogan skulda for å stå bak kuppforsøket.

24. juni er det presidentval. Erdogan framskunda valet som skulle vore halde i november neste år ­– truleg for å auka sjansen for attval. Men den økonomiske situasjonen er forverra. Valutaen svekkjer seg, og inflasjonen stig. Som pastor Ramazan Arkan i Antalya skriv til sine støttespelarar: «Kanskje er det denne gongen nok opposisjon til å fjerna Erdogan.» Dersom opposisjonen hadde samla seg om ein motkandidat, hadde Erdogan neppe blitt attvald.

Utan lov og dom
Pastor Andrew Brunson ventar på at valet er over. Etter å ha vore fengsla utan lov og dom i halvtanna år, møtte han i retten april. Då vart saka utsett til 7. mai. I mai valde retten å venta med vidare rettsbehandling til 18. juli. Då er ein eventuell andre runde i presidentvalet over.

Brunson er skulda for spionasje og for å ha vore med på forsøk på å velta regjeringa. Påtalemakta tiltalar han også for å ha støtta PKK, den kurdiske geriljabevegelsen som har vore i væpna konflikt med hæren. Han er altså tiltalt for å ha støtta to diametralt motsette opposisjonsbevegelsar – Gülen og PKK. «Dette viser kor meiningslause skuldingane er», seier Aykan Erdemir, tidlegare tyrkisk parlamentsmedlem. I Washington Post skriv Erdemir og den tidlegare amerikanske Tyrkia-ambassadøren, Eric S. Edelmann, at tiltalen er ei skitten blanding av konspirasjonsteoriar, mykje basert på absurde skuldingar frå tre «hemmelege vitne».

Saka er politisk interessant fordi Erdogan i september i fjor sa at Andrew Brunson kan utleverast til USA dersom USA utleverer Fetullah Gülen. Fleire mindre kyrkjelydar i Tyrkia er avhengige av utanlandske pastorar fordi dei ikkje får utdanna sine eigne heime. Brunson har ope forkynt i 23 år. Styresmaktene har enkelt kunna sjå kva han har drive med. Brått blei han ein samfunnsfiende som, ifølgje tiltalen, skal ha blitt med i alt Erdogan ser som farleg opposisjon.

Vilkårlege fengslingar

Ifølgje Amnesty er meir enn 50 000 varetektsfengsla, mange truleg etter vilkårlege arrestasjonar. Mange journalistar og menneskerettsaktivistar er fengsla. Det største menneskerettsproblemet er den innskrenka ytringsfridommen og ei sterk frykt. Med innskrenka ytringsfridom blir også trusfridommen innskrenka.

Etter det mislukka kuppforsøket har omfanget av hatefulle angrep i media retta mot religiøse minoritetar auka. Minoritetane er blitt syndebukkar. Kristne, jødar og armenarar er dei mest utsette, saman med syriske flyktningar, påpeikar Mine Yildirim. Ho er tyrkisk forskar på menneskerettar. Yildirim leier «Freedom of Belief Initiative» i Tyrkia og er ein leiande ekspert på trusfridom.

Trussamfunna i Tyrkia har lenge vore sparte for store terroråtak. Men det skjer stadig mindre angrep: Ein protestantisk kyrkjelyd kan finna ein brent bibel framfor kyrkjedøra eller eit trugande og hatefullt oppslag på kyrkjeveggen. Det viser rapportar vi får frå ein annan tyrkisk partnar – Alliansen av protestantiske kyrkjer (TEK).

Nålestikk

Slike nålestikk rammar også andre kyrkjer. I slutten av april vart eit digert lass søppel tømt framfor ei armensk kyrkje i Istanbul. Ved sida av hang oppslaget: «Dette landet tilhøyrer oss.»

Lokale styresmakter fjerna griseriet. Men politiet opplyste at sidan mannen var «mentalt ustabil», vart han ikkje straffa. Her veit vi, seier Yildirim, ikkje meir enn politiet seier til media. Manglande straffeforfølging er utbreidd. Dette kan vera ein effekt frå sommaren 2016 då Erdogan mana folket til å stå opp mot «fienden», kuppmakarane, utan å risikera straff for handlingar som elles ville blitt straffa.

I Magasinet Stefanus skriv Yildirim: «Dette kan, selv om vi ikke vet det sikkert, ha skapt inntrykk av at ingenting vil hende med dem som angriper en kirke. Han som tømte søppel, følte kanskje at han gjorde noe patriotisk, siden han skrev at ‘Dette landet tilhører oss’.»

På vent
Ein serie reformer for trusfridommen er sette på vent etter kuppforsøket. Armenske, greske og jødiske trussamfunn har eigne stiftingar som mellom anna driv sjukehus. Stiftingane er underlagde ei eiga lov. Men i fleire år har stiftingane ikkje kunna velja nye styremedlemmar, sjølv ikkje når nokon har avgått ved døden. Viktige saker kan ikkje handterast slik dei skal.

Regjeringa blokkerer også valet av ny armensk patriark. Patriarken blir vald på livstid. Problemet er at den valde i ti år har vore så sjuk at han ikkje har kunna utføra arbeidet. Staten har nekta kyrkja både å velja ny og ein assisterande – det siste med grunngjevinga at det bryt med tradisjonen i kyrkja. Under statleg pålegg måtte kyrkja velja ein vikar med uklart mandat. Men med kva rett skal ein stat kunna definera kva som er kyrkjeleg tradisjon?

Større problem

Dei evangeliske kyrkjene har fått større problem enn før kuppet med å lov til å stilla med bokbord i gatene og dela ut invitasjonar til å koma til kyrkja.

Men alt er ikkje svart. Mine Yildirim startar no i juni oppatt «Freedom of Belief Initiative», med støtte frå den norske ambassaden. Den syrisk-ortodokse kyrkja fekk for få dagar sidan tilbakeført halvparten av dei 100 eigedommane staten tidlegare hadde nasjonalisert. Så sjølv om strid om eigedomsretten til mange gudshus som dei siste åra er blitt overtekne av staten, framleis går føre seg i retten, er den siste avgjerda eit godt teikn.

Det er viktig å halda presidenten ansvarleg for grove brot på menneskerettane og aktivt å følgja rettsprosessane mot dei mange Erdogan har fått bura inne. Samstundes må vi støtta oppbygginga av eit sivilt samfunn som kan hjelpa Tyrkia til å løysa djupe systemproblem. Dei blir ikkje borte sjølv den dagen Erdogan ikkje lenger har makt.

AKTUELT

Fader Salar ble værende i Tel Skuf da folket flyktet for andre gang. Han står modig i den gjenreiste katedralen.

Hilsen fra langfredagsfolket

«Vi er et langfredagsfolk», sier fader Salar, prest nord i Irak. «Vi korsfestes igjen og igjen», sukket truet tyrkisk prest i sine bønner.

PROSJEKT