Ramazan Arkan er pastor i ei kyrkje i Antalya i Tyrkia.

Ramazan Arkan er pastor i ei kyrkje i Antalya i Tyrkia.  


Hos pastorparet Karen og Ramazan Arkan i Antalya i Tyrkia like etter jul i 2008: Etter middag slår paret på fjernsynet for å få med seg «dagsrevyen». 

Ramazan var i unge år konservativ muslim. No er han kristen pastor i ei kyrkje der dei fleste av dei 200 aktive, er konvertittar frå islam. Då Ramazan går ut av rommet ei lita stund,  får den amerikansk fødde kona Karen det store sjokket. 

– Som ein rar spøk dukka biletet av Ramazan opp på fjernsynet, med ei overskrift som sjølv eg som då ikkje kunne mykje tyrkisk, forstod: «Mann arrestert for drapsforsøk på pastor.»  

Først tvilte Karen på om ho hadde forstått rett. Så las ho overskrifta igjen og blei sikker. 

Prøvde å drepa 
– Eg ropte på Ramazan. Han forklarte at det var nokon som hadde prøvd å drepa han under julegudstenesta, at politiet hadde arrestert ein mann og at vi hadde levd med politivakt døgnet rundt i fleire dagar, seier Karen. 

I 2007 og 2008 var det mange truslar og angrep frå tyrkiske ekstremistar mot pastorar og kyrkjer. Den verste hendinga var drapet på tre kristne i eit forlagshus i Malatya. I turistbyen Antalya, på Middelhavskysten, varsla politiet Ramazan om at dei ville verna han. Eit angrep på ein pastor ville skada Tyrkia. Landet prøvde å bli med i EU. Pastoren fekk politivakt to veker før jul i 2008. 

Det politiet ikkje sa, var at dei hadde fått informasjon om at ei gruppe ville drepa Ramazan under julegudstenesta. Då mannen som ville ta livet av Ramazan, dukka opp, slo politiet til. Etter gudstenesta tok politiet Ramazan med til stasjonen for å identifisera den arresterte. Men Ramazan kjende ikkje mannen. Politiet gav familien døgnvakt. 

 

Politiet gav familien døgnvakt. 

 

Redd og sint 
Men Ramazan ville ikkje uroa Karen. Han ville, tenkte han, verna kona ved å teia. Det blei ein heftig kveld i heimen. Det Ramazan ikkje hadde teke inn over seg, var at eit angrep på han, også var eit angrep på familien. Kona vart redd. Og sint. 

– Brått vart uroa og frykta mi til sinne mot mannen min. At Ramazan valde å ikkje fortelja meg om drapsforsøket, skadde forholdet vårt meir enn det var til hjelp. Men han har lært. Herren har brukt hendinga til å føra oss nærare kvarandre når vi opplever ei stor utfordring saman, fortel Karen. 

Eg lærte ei viktig lekse – eg skal ikkje løyna noko for kona mi. 

 

Politivakt døgnet rundt 
Politivakta varte i fire månader og tok slutt då familien drog til Karens heimland USA for å vera der i eit par år. Det var planlagt lenge før drapsforsøket. 

Karen kom til Tyrkia som korttidsmisjonær i år 2000. Ho valde å flytta til landet i 2004 for å finna ut om venskapen med Ramazan kunne bli meir. Dei gifta seg i 2005.  

Då familien kom tilbake til Tyrkia to år etter drapsforsøket, var situasjonen betre, men slett ikkje problemfri. Tyrkiske kristne – særleg konvertittar – er under press. 

– Vi har ikkje same fridommen som i Europa. Men vi er heller ikkje som resten av Midtausten der konvertittar mange stader vert truga på livet og risikerer dødsdom for fråfall. I Tyrkia er det svært sjeldan nokon vert truga på livet. Men konvertittar kan mista jobben eller få problem med å få seg jobb, seier Ramazan. 

 

Slike dagar kjennest det litt som at eg frå utsida av mitt eige liv ser på andre menneske sine mareritt i ein krimserie. 

Karen Arkan 

 

Kristne i Tyrkia har restriksjonar
Kyrkjelyden i Antalya, som Stefanusalliansen støttar, får operera fritt i dei to bygga sine. Dei får også leiga hotell til dømes for julekonsertar der dei også kan dela ut biblar. Men dei siste fire åra har kyrkjelyden ikkje fått lov til å driva evangelisering på gata, politiet seier det ikkje er trygt. 

Karen reflekterer over situasjonar, som då ein ven drog i militæret for å utdanna seg til offiser. Ein dag henta instruktøren opp biletet av Ramazan, med teksten: «Ein fiende av staten.» Det har vore tider med falske skuldingar og truslar. 

– Slike dagar kjennest det litt som at eg frå utsida av mitt eige liv ser på andre menneske sine mareritt i ein krimserie. Det verkar surrealistisk, ser Karen.  

Gledeleg 
Men Karen har også fått gledelege overraskingar. Dagen etter at ho fekk TV-sjokket, drog Karen på arbeidet sitt på ein tyrkisk skule. Midt i ein time kom assistenten til rektor inn og bad henne bli med for å snakka med skuleeigaren.  

– Eg fekk panikk, eg trudde eg ville få sparken og ringte Ramazan. Vi rekna med at skulen var uroleg og at foreldre ville bli redde fordi kona til ein kristen pastor som hadde vore utsett for drapsforsøk, underviste på ein skule der dei fleste elevane var muslimar. Eg skalv heile vegen til kontoret. 

Men Karen fekk ikkje sparken. I staden fekk ho spørsmål om korleis ho hadde det og kva dei kunne gjera for å hjelpa. 

– Eg fekk ei sterk melding: «Dersom nokon av foreldra er oppskaka over at du arbeider her, kan dei ta med seg barnet sitt og finna ein annan skule.» Det var første gongen eg verkeleg opplevde kjærleg omsorg, seier Karen. 

Av tryggingsgrunnar ønskjer ikkje Ramazan bilete av kona på trykk. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2019

 

AKTUELT

PROSJEKT