Mansour Borji i organisasjonen Article 18 viser at det ikkje finst trosfrihet i Iran.

Mansour Borji i organisasjonen Article 18 viser at det ikkje finst trosfrihet i Iran.  


I november blei 142 kristne arresterte i 10 eller 11 ulike byar. På ei veke blei 114 arresterte. Det opplyser Manjour Borji i organisasjonen Article 18 til World Watch Monitor. Dette er del av regimets kampanje for å «åtvara» kristne mot å evangelisera blant muslimar i julehøgtida, meiner Borji.

Han seier at det høge talet er påfallande. Dei arresterte høyrer til ulike kristne grupper i dette shia-muslimsk styrte landet. Dette er grupper av muslimar som er blitt kristne. Regimet har dei siste åra forsterka presset for å nøytralisera dennne veksande bevegelsen.

Press frå politiet
Dei fleste av dei arresterte fekk reisa heime etter nokre timar eller dagar. Det er vanleg politikk i Iran – dei flerste arrestasjonane er kortvarige, men meldinga er ekstra klar i år: Regimet trugar dei og overvakar dei og legg press på konverterte muslimar og leiarane deira. Borji seier at dei hadde arrestert så mange kristne at dei ikkje visste kva dei skulle gjera med alle. Men alle har fått beskjed om at dei kan venta å få telefon frå tryggingspolitiet. Alle fekk mobiltelefonane inndregne. Leiarane er blitt verande i varetekt.

Det konservative og halvoffisielle iranske nyhendebyrået Mehr melde laurdag i en eksklusiv rapport at ei gruppe evangeliske kristne var arresterte. Byrået melde at styresmaktene slo til mot ei gruppe «evangeliske kristne, med band til sionistisk kristendom», melder Radio Farda.

Mehr oppgav verken identitet eller talet på arresterte. Men Mehr kalla dei arresterte for «ei sekt sionistiske kristne», og det heitte at dei var trena til å bruka iranske namn for å lskjula tilknytnaden sin.

Ingen trosfrihet
Borji seier at dei arresterte måtte skriva ned detaljar frå kva dei har gjort som kristne, og har fått beskjed om at dei ikkje må ha meir kontakt med andre kristne eller med kristne grupper.

Meldinga om arrestasjonsbølgja kom same veka som mora til ein kristen som har site varetektsfengsla lenge, Ebrahim Firouzi, døydde og vart gravlagd. Sonen hennar vart nekta å besøka henne på dødsleiet og delta i gravferda.

Borji gjesta Oslo tidlegare i haust under ein konferanse om iranske konvertittar i norsk asylpraksis. Han sa at han ikkje ville gå inn i norsk asyldiskusjon, men la til at det er underleg å leggja til grunn at trua er privat. Han sa at «alle medlemmar av iranske huskyrkjer lever i fare for å bli arresterte». Borji sa også at forfølginga er aukande.

Lange straffer
Over tid har til dømes lengdene på fengselsstraffene til dei som vert dømde, auka frå kring 5 år til ti til 15 år. For tida er minst 12 kristne dømde til minst ti år i fengsel – fleire er i gang med soning, andre ventar på endeleg dom. Ein av dei som er i gang med soninga, er Yousuf Nadarkani som er dømt til ti års fengsel og deretter to års indre eksil. Han og fleire andre starta soninga i sommar.

Stefanusalliansen skreiv tidlegare i haust om arrestasjon av leiarane i eit nettverk av huskyrkjer: Om arrestasjonar, høge kausjonar for å vera ute av fengsel i påvente av dom og press til å forlata landet.

«Ron» som var pastor i ei stor pinsekyrkje i Teheran fram til 2013, vart arrestert og truga med fem eller ti års fengsel dersom han blei verande i Iran. Ute av fengsel etter første arrestasjon vart han overvaka og pressa til å reisa frå Iran. Han og kona drog i 2013, med reiseløyve frå flyplassen i Teheran. Kyrkja – Teheran Assembly of God – blei stengt etter press frå regimet.

Vil du hjelpe kristne i Iran?

Vår partner Pars Theological Center driver opplæring av iranske kristne i og utenfor Iran.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT