Han lider av fremskreden Parkinson. Må sone to år i fengsel som medlem i huskirke.
Kristne i Iran: Sonen til eit pastorpar som sjølve risikerer årevis i fengsel for kristen aktivitet, blir no bura inne for å sona fire månader fordi han skal vera ein fare for «nasjonal tryggleik».
Ramiel Bet-Tamraz (t.h.) sonar no dei siste tre månadane av fengselsstraffa. Foreldra Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issava ventar på ankeska.
Ramiel Bet-Tamraz (35) er sonen til pastor Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issavi. Dei ventar på at ankesakene skal koma opp – etter dommar på ti og fem års fengsel. Dei er assyriske kristne som er dømde fordi dei har leia arbeid for iranarar som har konvertert og er blitt kristne. Ramiel Bet-Tamraz skal sona i Evin-fengselet i Teheran
Han har alt sona éin månad i fengsel og skal no sona dei siste tre månadane. Middle East Concern, som dokumenterer forfølging av kristne og mobiliserer til bøn, skriv at kristne i Iran ber om forbøn for Ramiel Bet-Tameraz og familien.
Kristne i Iran: Hardt for familien
Søstera til Ramiel Bet-Tamraz, Dabrina Bet-Taraz, har lenge vore ein tydeleg advokat for både familien og andre iranske kristne. Ho fortel til organisasjonen Article18 at broren er «sterk», men at fengselsopphaldet vil vera hardt både for han og særleg for kona, Ninebra.
Ramiel vart arrestert saman med andre kristne 26. august 2016. Dei var på hyggeleg utflukt nord for hovudstaden Teheran. To av dei, Hadi Asgari og Amin Afshar-Naderi, har fått fengselsdommar på ti og 15 år, medan Amir-Saman Dashti har fått fire månader i fengsel, det same som Ramiel Bet-Tamraz.
Foreldra til Ramiel og Dabrina skal etter planen i retten 24. april etter at ankesakene i haust vart utsette fleire gonger, seinast i november, fordi det var for travelt i retten. Rettssakene dreg ut i årevis.
Kristne i Iran: Seks månader i fengsel
Tre iranske konvertittar har starta på soninga av sine seks månader i fengsel etter at dei vart dømde tidlegare i år for «propaganda mot systemet ved å fremja sionistisk kristendom», melder Middle East Concern.
Asghar Salehi, Mohammed Reza Rezaei og nokre konvertittar som vi ikkje er gjort kjende med namnet til, sonar straffene sine i Eqlid-fengselet i provinsen Fars. Appellsakene førte ikkje fram.
Han lider av fremskreden Parkinson. Må sone to år i fengsel som medlem i huskirke.
Fengslingen av den iranske pastoren Yousef Nadarkhani er vilkårlig og bryter med en rekke menneskerettigheter. Det konkluderer FNs arbeidsgruppe mot vilkårlig frihetsberøvelse.
De ble arrestert under en julefeiring i 2014 og har sett den brutale innsiden av iranske fengsler. De flyktet før de ble tauet inn til soning av årelange fengselsdommer.
Iran har en av de sterkeste kristne vekkelsene i verden i dag. Pars Theological Centre hjelper undergrunnsmenigheter i Iran.
Article18 er en non-profit organisasjon med base i London, dedikert til beskyttelse og fremme av religionsfrihet i Iran. Organisasjonen forkjemper på vegne av sine forfulgte kristne.