24 slike overvakingskamera skulle opp i kyrkjerommet. Kyrkja sa nei.

24 slike overvakingskamera skulle opp i kyrkjerommet. Kyrkja sa nei.  


Den store Zion-kyrkja låg sentralt i den kinesiske hovudstaden. Dette var ei av dei største «huskyrkjene» i Beijing – den var ikkje ei undergrunns huskyrkje, men heldt ope til på gateplan. I årevis hadde ho vore kyrkje for 1500 menneske som kom til gudsteneste kvar veke. Den hadde mindre filialkyrkjer fleire stader i byen.

Etter at Kina stramma til religionslova frå 1. februar 2018, kom kyrkja under sterkt press. 16. april kravde styresmaktene at Zion-kyrkja skulle installere 24 overvakingskamera, for «tryggleik». Men kyrkjeleiinga sa at dette ikkje passa seg. Då vart hundrevis av kyrkjegjengarar pressa og trakasserte av politiet. Somme fekk besøk på arbeidsplassen. Seks av satellittkyrkjene til Zion-kyrkja blei stengt, ifølgje St. Charles Institute.

Forbaud Zion-kyrkja
I juni stengte styresmaktene med makt nettsida til Zion-kyrkja og sletta ei preike. Fordi kyrkja nekta å installera kamera, vart Zion-kyrkja stengt med makt 9. september 2018. Ho var erklært forboden.

Dette er eitt av døma som den kristne trusfridomsorganisasjonen CSW brukar i ein fersk oversikt over korleis Kina brukar moderne teknologi til å innskrenka trusfridommen. Last ned heike rapporten.

Kina har ei lang historie med kontroll av internett. Kontrollen er blitt intensivert under president Xi Jinping. Under han blir overvakinga utvida til å gjelda fleire og fleire sider ved samfunnet.

Ansiktsgjenkjenning
I 2018 kom rapportar om Kinas «Skynet», eit massivt nasjonalt  overvakingssystem med millionar av kamera som vert knytte saman med kunstig intelligens og teknologi for ansiktsgjenkjenning. I 2019 skreiv BBC at Kina på slutten av året truleg ville ha 570 millionar kamera. I juli i år skreiv det britiske teknologiselskapet Comparitech at Kina har mellom 18 og 20 av verdas mest overvaka byar.

Uighur Auschwitz. Kunstnaren Baduwa har laga dette for CSW.

Overvakar uigurane
Mykje av teknologiutviklinga vert brukt i overvakinga og undertrykkinga av dei hovudsakleg muslimske uigurane i Xijinang-provinsen. I april i fjor dokumenterte den britiske avisa The Guardian bruken av ansiktsgjenkjenning og overvakingskamera for å kontrollera uigurane. Avisa viste også korleis det er utvikla program for å omsetja talemeldingar på uigur-språket til kinesisk. Det var godt nytt for den kinesiske overvakinga, dårleg nytt for menneskerettane.

I mai 2019 publiserte Human Rights Watch ein rapport om korleis dei kinesiske styresmaktene brukar ein mobilapp for å samla informasjon om kva folk gjer – og internera folk som kryssar regimets grenser. 

Bryt inn i privatlivet
Overvakinga bryt inn i privatlivet til folk og vert brukt for å utføra andre brot på menneskerettar. Regimet overvakar religiøst materiale på internett og religiøse aktivitetar – og plukkar ut folk som er mistenkte for «å tenkja feil» eller som står for det regimet meiner er «religiøs ekstremisme».

Overvakinga vert teken i bruk også mot ulike religiøse minoritetar. Kyrkjer og moskear får merka det.

Pastor Wang Hua i Living Stone Church.

Mange kyrkjer under press
Zion-kyrkja er ikkje den einaste kyrkja som er ramma av overvaking. Mange stader i Kina stengjer styresmaktene uregistrerte kyrkjer. Kyrkjene fortel at dei er blitt tvinga til å installera overvakingskamera i gudstenesteromma. Dei blir utsette for trakassering og i ein del tilfelle stenging dersom dei nektar å montera kamera.

Men presset rammar også godkjende kyrkjer. I 2019 rapporterte Bitter Winter at 55 av 170 registrerte protestantiske kyrkjer i Huaiyin-distriktet i byen Huai´an hadde overvakingskamera.

Overvaking av pastorheim
I mai 2020 vart to kjende pastorar i ei anna uregistrert kyrkje, Living Stone, fjerna frå kyrkja i tre veker medan Folkekongressen møttest og det var 31 årsdagen for massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Då pastorane Su Tianfu og Yang Hua fekk koma heim, såg pastor Su at to overvakingskamera var monterte utanfor heimen hans. Begge har tidlegare vore både fengsla og i husarrest på grunn av innsatsen som kyrkjeleiarar.

Montering av overvakingskamera både i gudshus og ved heimane til religiøse leiarar er ein alarmerande illustrasjon av korleis regimet vil overvaka kven som kjem til gudsteneste.

Overvakingskamera kan også bli brukte til å hindra til dømes personar under 18 år å koma til gudsteneste. Det er forbode for folk under 18 å gå til gudsteneste.

Zion-kyrkja i Beijing blei stengt fordi kyrkja nekta overvakingskamera. Foto: St. Charles Institute

Overvakar virus og folk
Pandemien er brukt som orsaking for å skjerpa overvakinga endå meir. I april 2020 kunne BBC publisera ein video som viser korleis ulike høgteknologiske metodar blir brukte for å overvaka viruset. Det inneber også å overvaka menneske.

Overvakinga inkluderer ansiktsgjenkjenning, fjernstyrte droner, sporing av mobiltelefonar og ei form for trafikklys-system som kontrollerer kvar den enkelte kinesar kan reisa eller ikkje reisa under pandemien.

Fryktar press mot trusfridomen
Menneskerettsgrupper og aktivistar både i og utanfor Kina har uttrykt frykt for at den raskt utvida overvakinga vil bli brukt til ytterlegare å bryta menneskerettar og trusfridom. Frykta byggjer ikkje minst på at regimet lenge har vist vilje til å bryta menneskerettar.

Ansiktsgjenkjenninga som vert brukt for å kontrollera viruset, er alt teken i bruk for å sjekka kven som går i kyrkjer eller moskear. Nye appar vert tekne i bruk for å skaffa data om kva kinesarane gjer.

Denne appen vert teken meir og meir i bruk. Folk som får «raudt» lys i appen, vert nekta å reisa. Og dersom dei nektar å installera appen, kjem det reiseforbod.

Krev respekt for trusfridomen
CSW ber Kina respektera trusfridomen og ber det internasjonale samfunnet utfordra Kina til det same. CSW ber også mellom anna om at selskap som vil laga avtalar med kinesiske selskap, har menneskerettar som sjekk før buisness-avtalar vert inngått.

AKTUELT

PROSJEKT