Vietnam forfølgjer aktivistar - klørne når heilt til Norge - Stefanusalliansen
Hai-Di Nguyen (t.h.) under eit møte i FNs  menneskerettskomité. Frå venstre komitémedlem Bacre Waly Ndiay frå Senegal, BPSOS-grunnleggjar og «terrordømde» Nguyen Dinh Thang og komitemedlem Teraya Koji frå Japan.

Hai-Di Nguyen (t.h.) under eit møte i FNs menneskerettskomité. Frå venstre komitémedlem Bacre Waly Ndiay frå Senegal, BPSOS-grunnleggjar og «terrordømde» Nguyen Dinh Thang og komitemedlem Teraya Koji frå Japan.  


Vietnam trappar opp presset mot eksil-vietnamesarar som fortel verda om Vietnams grove brot på menneskerettane. Også norsk statsborgar er skyteskive.Regimet i Vietnam skuldar den ikkje-valdelege aktivisten Hai-Di Nguyen, som er norsk statsborgar, for å vera med i ein «terrororganisasjon» og for å støtta ein «terrorist».

Ho er mediekoordinator for menneskerettsorganisasjonen Boat People SOS (BPSOS) som – med hjelp av trente kontaktar inne i Vietnam – dokumenterer og rapporterer brot på menneskerettane for etniske minoritetar i Vietnam.

Regimet i Hanoi har, med oppkonstruerte bevis, skulda både BPSOS og Montagnards Stand for Justice (MSFJ) for å stå bak væpna angrep mot to offentlege bygg, med politistasjonar, i Dak Lak-provinsen i Vietnam i juni 2023. Ni vart drepne.

Ingen prov for vald
Det finst ikkje prov på at organisasjonane hadde noko som helst med angrepa å gjera: Båe tok i 2023 straks avstand frå skytinga og avviser bruk av vald. Midla deira er fredelege.

Men Y Quynh Bdap i MSFJ vart i ei masserettssak i januar 2024 - in absentia - kjent skuldig i å ha stått bak angrepa og dømt til ti års fengsel for «terrorisme».

Den kristne aktivisten for trusfridom flykta til Thailand i 2018 fordi han risikerte fengsling. I Bangkok var han med på å etablera organisasjonen MSFJ for å dokumentera brot på trusfridommen for ei rad etniske grupper, fjellfolka (fransk: montagnard), i det sentrale høglandet heime i Vietnam.

Men etter hardt press frå Vietnam vart Y Quynh Bdap arrestert og fengsla i Thailand i 2024, før han i november i fjor vart deportert. FN-ekspertar uttrykte sterk uro om faren for mishandling og tortur – og reagerte sterkt etter deportasjonen.

I Gia Trung-fengselet vart den ikkje-valdelege aktivisten tvinga til å tilstå at han stod bak angrepa i Dak Lak. Og han hadde, ifølgje den falske tilståinga, gjort det på oppdrag frå Nguyen Dinh Thang i BPSOS.

Denne «tilståinga» vart så brukt som prov då også Thang i april vart dømd – han fekk 11 års fengsel for «terrorisme» og for å undergrava «nasjonal einskap». Vietnam hadde sendt ut arrestordre på Thang som bur i USA.

Namngjev norsk borgar
Vietnam har trappa opp forfølginga av støttespelarane til dei to. I ein artikkel på ei regjeringsnettside 24. juni der «bevisa» for at BPSOS er ein «terrororganisasjon» blir gjennomgått, dukkar namnet Hai-Di Nguyen (33) også opp. Saman med Thang og ein annan vert ho oppgitt som «nøkkelpersonar i BPSOS» som støtta Y Quynh Bdap då Vietnam kravde han utlevert frå Thailand.»

Hai-Di Nguyen kom til Noreg saman med mora då mora i 2009 vart Friby-forfattar i Kristiansand. Friby er ei naudhamn for forfølgde forfattarar. Mora hadde mista jobben som filmdirektør i Vietnam fordi ho skreiv blogg om brot på menneskerettane og hadde delteke i protestar. Press frå politiet gjorde at mora ikkje fekk nye jobbar. Det vart uleveleg for henne og dottera.

Hai-Di Nguyen er framleis mest redd for kva som skjer med aktivistar i Vietnam. Men ho er likevel uroleg for neste trekk frå Hanoi. Hai-Di Nguyen har difor varsla den norske ambassaden i London og utanriksdepartementet i Oslo – utan å ha fått svar.

«Sidan ein norsk borgar blir namngjeven i Vietnams transnasjonale forfølging av aktivistar for menneskerettar, hadde eg trudd at dei i alle fall ville ha bekrefta at dei hadde fått e-postane mine,» seier Hai-Di Nguyen

«Vil skremma folk»
Hai-Di Nguyen er ikkje i tvil om kvifor Vietnam, «som meir og meir vert ein politistat», systematisk angrip organisasjonen hennar.

 «Vi lærer opp folk i Vietnam til å dokumentera brot på menneskerettar. Slik kan vi senda rapportar til FN og ulike regjeringar. Regimet vil skremma folk i Vietnam frå å gje informasjon og skremma folk utanfor Vietnam frå å samarbeida med oss. Målet er å stogga rapportane,» seier ho.

Klørne frå Hanoi når heilt til Noreg også på andre måtar. Nettsida vietnam.vn publiserer på mange språk, også på norsk. Den 4. august vart Vietnams departement for offentleg tryggleik brukt som kjelde på at «terrororganisasjonen BPSOS» byggjer opp eit «dekknettverk».

Ifølgje departementet driv BPSOS «undergravende» verksemd, «under dekke av å beskytte flyktninger og beskytte ‘menneskerettigheter’ og ‘religionsfrihet’». Dette er, heiter det,  «en sofistikert taktikk for å lage en søt felle» for å vinne tillit hos «godtroende». Artikkelen åtvarar alle mot å delta i aktivitetar i regi av BPSOS.

Åtvaringa gjeld difor også oss i Stefanusalliansen.

Med midlar frå Utanriksdepartementet gav Stefanusalliansen i nokre år frå og med 2018 BPSOS støtte til å byggja opp dokumentasjonsarbeidet inne i Vietnam. Vi samarbeider framleis om ein årleg konferanse for trusfridom i Søraust-Asia.

Vi avviser at vi har gått i ei «søt felle». Det er ei løgn at BPSOS og MSFJ er terrororganisasjonar.

Legg press på eksil-vietnamesarar
Men Vietnam har meir på gang. Politbyrået i kommunistpartiet vedtok i august «Resolusjon 23». Der fastslår partiet at alle 6,5 millionar eksil-vietnamesarar er ein del av det vietnamesiske samfunnet. Alle vietnamesarar i eksil, altså også politiske flyktningar, har plikt til å representera politikken til kommunistpartiet.

Partiet hevdar at ei mindre gruppe vietnamesarar i eksil «saboterer einskapen i Vietnam». Det er ei alvorleg skulding som inne i Vietnam seinast vart brukt då ein kristen pastor i sommar vart dømd til sju og eit halvt års fengsel.

I resolusjon 23 heiter det at kommunistpartiet vil «renovera tankesett» og skapa «patriotisme». Vil regimet plassera representantar i eksilmiljø for å hindra folk i å samarbeida med aktivistar som Hai-Di Nguyen?

Gje henne støtte
Det er eit farleg alvor. Men då utviklingsminister Åsmund Aukrust i februar besøkte Hanoi for å snakka om samarbeid, nemnde han ikkje  menneskerettar med eitt ord.

Då Noreg/Efta tidlegare i år signerte ein frihandelsavtale med Vietnam var også utanriksminister Espen Barth Eide taus om menneskerettar.

Vietnam må konfronterast både med brota på menneskerettar i Vietnam og med den forsterka forfølginga av aktivistar utanfor landet. Aller først må Utanriksdepartementet forsikra den norske borgaren Hai-Di Nguyen om at ho har Noreg i ryggen, mot presset frå Vietnam.

FØRST PUBLISERRT I VÅRT LAND, 29.9.2026

Prosjekt