Putin og patriark Kirill prøver å knekka dei som kritiserer krigen.
Putins velsigna atombomber
Den russisk-ortodokse kyrkja har rituale også for velsigning av atomvåpen.

En interkontinental rakett som kan bære atomvåpen, kjøres gjennom Moskvas gater i 2010.
Patriark Kirills støtte til «heilag krig i Syria» og krig for ortodokse verdiar i Ukraina, viser kor gale det går når ei kyrkje blir misbrukt til støtte for brutal makt.
I ei oppsiktsvekkjande preike søndag 7. mars forsvarte patriark Kirill den russiske invasjonen i Ukraina. Overhovudet for Den russisk ortodokse kyrkja brukte til og med Pride-paradar i vestlege land som argument for å «stogga synd og hat» retta mot russarane i Donbass. Kirill hevda at russarane i utbrytarrepublikkane er utsette for «undertrykking og utrydding» – på grunn av sin «lojalitet til kyrkja vår».
Ikkje få ortodokse ukrainske prestar som har Moskva-patriark Kirill som overhovud, kjenner sterkt ubehag ved at patriark og president har drege kyrkja deira inn i forsvaret av krigen.Frå desse kjem det no krav å bryta banda til Moskva. Inne i utbrytarrepublikkane er forresten alle andre kyrkjer enn dei som støttar patriarken i Moskva, illegale.
Kyrkja som elskar bomba
Krigsforteljingane til president og patriark liknar kvarandre, slik dei også gjorde det då Russland, ifølgje patriarken, dreiv «heilag krig» i Syria. For begge handlar krigen i Ukraina om forsvar av russiske verdiar – og av det russiske fedrelandet der Ukraina og Kviterussland høyrer med. Eivor Oftestads tekst «Krigskatedralen» (Klassekampen 15.3.) – gjev eit godt innsyn i den farlege miksen mellom krig og kyrkje, mellom Putin og patriarken. Men ho fortalde også om det ufattelege motet ortodokse prestar viser ved å protestera mot krigen.
Sidan Sovjetunionens fall har Den russisk ortodokse kyrkja fått sterkare og sterkare posisjon i statsapparat og hær. Putin knytte sterkare band til kyrkja enn andre russiske leiarar hadde gjort etter at Sovjetunionen fall. Aller mest synleg er kyrkja hos kjernevåpenstyrkane, skriv Dmitry Adamsky i Foreign Affairs.
Adamsky er professor i Herzliya i Israel. Han har vore ved Harvard – og han har vore gjesteforskar ved norske Institutt for Forsvarsstudier. I boka «Russian Nuclear Orthodoxy» forklarar Adamsky korleis Den russisk ortodokse kyrkja lærte seg å «elska bomba».
«I det russiske militæret, spesielt i atomstyrkane, leier geistlege så ofte aktivitetar for å styrkja moralen og fremja patriotismen at dei spelar ei rolle som nesten svarar til rolla som politiske offiserar hadde i Sovjettida, dei var ansvarlege for ideologisk utdanning av troppar og for sikra Kremls kontroll over militæret», skriv Adamsky.
Ortodoksi og atomvåpen
Etter at Sovjetunionen fall vart kjernevåpenstyrkane nedprioriterte, som følgje av nedrustingsavtalar. Ifølgje Adamsky såg Den russisk ortodokse kyrkja her eit høve til å styrkja seg. Kyrkja, leia av patriarken, innleia samarbeid med kommandantar for kjernevåpen og industrien bak.
I 2007 fastslo Putin at ortodoksien gjev den russiske staten intern tryggleik, medan kjernevåpena sikrar ekstern tryggleik. Denne teokratiseringa av det russiske militæret har gått under radaren altfor lenge, skreiv Adamsky i 2019.
I Moskvas gater kom den nukleære ortodoksien til syne i mai 2018. Ein konvoi av militære lastebilar kom trekkjande på langtrekkjande rakettar. To ortodokse prestar kasta heilagt vatn over dei ballistiske rakettane som kan bera atomvåpen. Det var blitt fleire slike seremoniar etter at Russland annekterte Krym i 2014.
Kvar russisk våpengrein har sin eigen skytshelgen. Atomvåpenstyrkane har St. Serafim.
Velsigning av våpen
Ei gruppe russiske prestar vil no bli kvitt velsigninga av dei mest øydeleggjande våpena og atomvåpena. Eit forslag er publisert på heimesida til patriarkatet i Moskva. Det handlar om «ortodokse kristnes velsigning av utføringa av den militære plikta».
I Noreg har vi debatt om bøn under militær oppstilling. Den russisk ortodokse kyrkja har lenge teke bøn og krigerske velsigningar til eit heilt anna nivå. Ritual med velsigning av både soldatar, våpen og utskytingsrampar er utbreidde.
Kvar russisk våpengrein har sin eigen skytshelgen. Atomvåpenstyrkane har St. Serafim. Det som var att av St. Serafim, vart oppdaga i 1991, i eit nedøagt kloster i Sarov, ein liten by der det var utplassert atomvåpen i Sovjet-tida.
Men bruken av Serafim som skytshelgen har møtt motstand, gitt at det han faktisk var kjend for, var som ein svært venleg mann, med kjærleik til ville dyr. Korleis kunne han bli skytshelgen for masseøydeleggingsvåpen?
Atommakt og ortodoks makt
Ortodokse nasjonalistar mislikar framlegget om å droppa velsigning av atomvåpena. Yegor Kholmogorov, ein nasjonalistisk skribent, har sagt rett ut: «For å verta verande ortodoks, må Russland vera ei sterk atommakt. For å vera ei sterk atommakt, må Russland vera ortodoks.»
For å verta verande ortodoks, må Russland vera ei sterk atommakt. For å vera ei sterk atommakt, må Russland vera ortodoks.
Yegor Kholmogorov
Men andre har fått nok av «giftige idear». Ein av dei, Dmitry Tsorionov, uttalte til Christianity Today i 2019 at han braut med militant ortodoksi då han såg unge russiske menn friviljug i 2015 gripa til våpen og dra til Ukraina for å kjempa for dei russiskstøtta utbrytarrepublikkane. Dei ville kriga under «Kristi banner».
Framlegget om å droppa velsigning av masseøydeleggingsvåpen skulle opp på bispemøtet i fjor haust. Men møtet blei avlyst grunna pandemien.
Difor kan prestar framleis velsigna Putins kjernevåpen. Så står det att å kva internt oppgjer det blir i Den russisk ortodokse kyrkja etter den offisielle støtta til det grufulle overgrepet på Ukraina.
FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 19.3.2022