Hagia Sofia vart bygt som kyrkje i Konstantinopel mellom 532 og 537, blei erobra og gjort til moské i 1453, blei museum i 1935 og moské igjen i juli 2020.

Hagia Sofia vart bygt som kyrkje i Konstantinopel mellom 532 og 537, blei erobra og gjort til moské i 1453, blei museum i 1935 og moské igjen i juli 2020.  


(Ei litt utvida utgåve av innlegg i Klassekampen, 29.7.2020)

Den tyrkiske president Erdogans omgjering av Hagia Sofia i Istanbul til moské aukar risikoen for djupe spenningar i Tyrkia. Retorikken som rettferdiggjer vedtaket, er dessutan giftig for både den kristne minoriteten og for muslimske dissidentar.

24. juli var den første fredagsbøna gjennomført i Hagia Sofia etter det kontroversielle og sterkt kritiserte vedtaket.

Makt Hagia Sofia er eit landemerke i Istanbul. Bygget vart reiset som kyrkje i Konstantinopel mellom år 532 og 537.

Då tyrkarane (ottomanarane) vel 900 år seinare knuste det kristne bysantinske riket, gjorde dei kyrkja om til moské. Under Kemal Atatürk – som grunnla den tyrkiske republikken på sekulært grunnlag – vart bygget i 1935 gjort til museum over både ei kristen og muslimsk historie. Hagia Sofia skulle ikkje lenger symbolisera makt, verken kristen eller islamsk, men religiøs sameksistens.

Men no kastar president Recep Tayyip Erdogan vrak på det fellesskapet det nya Tyrkia skulle byggja på. Den gresk ortodokse erkebiskopen Elpidophoros – sjølv frå Istanbul, no leiar for kyrkja i USA – åtvarar (i Orthodox Observer) mot at Erdogan-regimet opptrer som ein ny erobrar: «Eg er sjølv tyrkisk borgar, og eg vil ikkje ha ein stat som opptrer som erobrar, fordi eg er ikkje ein erobra minoritet, eg vil oppleva at eg er ein likeverdig borgar.»

Sverd og erobring
Erkebiskopens djupe uro er svært godt grunngjeven. Då president Erdogan på tyrkisk fjernsyn kunngjorde avgjerda, sa han at å gjera Hagia Sofia om til moské, tilfredsstilte «erobringsånda» til sultan Mehmet II. Han erobra Konstantinopel og Hagia Sofia-kyrkja i 1453.

Erdogans ultranasjonalistiske partner Bacheli har hevda at det juridiske grunnlaget for å gjera Hagia Sofia til moské, byggjer på «sverdets rett» – som Mehmet II lente seg på då han knuste Bysants. Den regjeringstru avisa A Haber publiserte på si side teksten «Kva tyder sverdets rett?» då dei rettferdiggjorde Erdogans vedtak.

Den kristne mosaikken i bygget dekt til. Konservative tyrkarar kjem for å be. Kvinner får utdelt skaut.

Skremmer opponentar
Andre fryktar for framtida både for Tyrkia og den vesle kristne minoriteten, dei som er att etter at armenarane nærast vart utrydda for hundre år sidan og grekarane i hopetal vart deporterte.

– Vedtaket rammar ikkje berre Tyrkias religiøse minoritetar, skriv det tyrkiske forskar-ekteparet Aykan Erdemir og Tugba Tanbyeri-Erdemir i magasinet Providence, utgitt av Institute on Religion and Democrazy i Washington. Det skremmer også, påpeikar dei, muslimar som opponerer.

Nestleiaren i Erdogans parti AKP har insinuert at muslimar som kritiserer avgjerda, er forrædarar – han har sagt at dei opptrer som «bysantinarar iblant oss» – med referanse til det kristne riket som vart erobra i 1453. Slik blir dei som kritiserer Erdogan, framstilte som femtekolonnistar og skremmast til å halda munn.

Politiserer religionen
Både Det Lutherske Verdsforbund (LVF) og Kirkenes Verdensråd har i sterke ordelag kritisert avgjerda. «Hagia Sofia fører kristne, muslimar og folk av ulike religionar og folk som ikkje trur saman i ei felles forståing av fortida og korleis fortida påverkar både notid og framtid», seier Martin Junge i LVF. Han appellerer om å ta vare på Hagia Sofia som rom for dialog.

Men president Erdogan politiserer religionen for å styrkja makta.

Hatefullt
Som Erdemir skriv: Hagia Sofia-saka og retorikken som følgjer med, gjer minoritetane i Tyrkia i endå større grad til mål for hatkriminalitet.

Hagia Sofia-vedtaket kjem etter at Erdogan i halvtanna år i det stille har kasta ut kring 50 utanlandske kristne misjonærar som deler trua si med muslimar som går over til små protestantiske kyrkjer. Protestantiske kristne fryktar at også dei snart vert angripne. Erdogan har dessutan stukke fleire kjeppar i hjula for historiske kyrkjer.

Avgjerda om Hagia Sofia er, for igjen å referera til ekteparet Erdemir, ei trist utvikling i eit land som i tiår har vore eit sekulært demokratisk føredøme blant verdas muslimske nasjonar.

AKTUELT

Det ble langt flere utkastelser av protestantiske utlendinger etter saken mot Andrew Brunson, her sammen med sin kone Norine.

Kraftig protest mot utkastelser

De protestantiske kirkene i Tyrkia er bestyret over at utenlandske kristne kastes ut av landet. De spør om turen snart kommer til tyrkiske protestanter.

PROSJEKT