Påskegudsteneste i syrisk-ortodoks kyrkje i Marin søraust i Tyrkia 2018. Foto: Johannes Morken/Stefanusalliansen

Påskegudsteneste i syrisk-ortodoks kyrkje i Marin søraust i Tyrkia 2018. Foto: Johannes Morken/Stefanusalliansen  


 

Fram til for 100 år sidan var Tur Abdin søraust i Tyrkia eit kristent kjerneområde. I dag klorar eit par-tre tusen kristne seg fast. Bokstaveleg talt. Snart kan endå eit fysisk uttrykk for det kristne nærværet ryka for godt. Ei kyrkje frå det fjerde hundreåret er lagt ut for sal. Dei private eigarane av Mor Yuhanon-kyrkja (St. Johannes) som har brukt bygget som lager, har millionar å tena.

 

Kyrkja ligg i ein forstad til byen Mardin. Den er verdsett av meklaren til ein sum som svarar til 8,3 millionar kroner.

Den syrisk-ortodokse kyrkja vil at bygget skal bli kyrkje igjen og ikkje forsvinna frå kulturarven. Men dei har ikkje midlar. Erkebiskop Saliba ber tyrkiske styresmakter stogga salet og overføra kyrkja til ei kyrkjeleg stifting som alt eig Safranklosteret ikkje langt unna.

Opp med rot
Erkebiskop Saliba er Stefanusalliansens partner. Vi støttar den syriske-ortodokse kyrkja sitt harde arbeid for å ta vare på den rike, gamle kulturarven. Kyrkja er Guds folk, ikkje bygningar, seier mange. Så enkelt er det ikkje søraust i Tyrkia. I Tur Abdin er banda tette mellom kyrkja som folk og det fysiske kristne nærværet frå apostlane si tid. Å fjerna bygg er ein måte å riva arven og nærværet opp med rot.

Her budde det fleire hundre tusen kristne fram til kring 1915, til den tyrkiske nedslaktinga og utdrivinga av armenarar og andre kristne minoritetar, ei nedslakting som Tyrkia blankt avviser var folkemord. Mellom 1914 og 1916 vart innpå ein halv million syriakarar drepne. Dette kom i tillegg til minst ein million armenske kristne. Syriakarane kallar året 1915 for Shato d'Seyfo – sverdets år.

Det siste hundreåret har det ei vedvarande kristen utvandring. Historia til Mor Yuhanon-kyrkja viser den triste lagnaden til den historiske og åndelege arven i Tyrkia. Eigedomsrettar til kyrkjelege eigedomar er i tiåra etter 1915 overtekne av privatpersonar eller av den tyrkiske staten.

Kloster i Tur Abdin søraust i Tyrkia. Foto: Bjørn Wegge/Stefanusalliansen

Mesopotamia
Vi er ikkje langt frå Syria. Mot sør ser vi den fruktbare og flate Mesopotamia-sletta, i det eldgamle kulturområdet mellom elvane Eufrat og Tigris. Tur Abdin tyder «gudstenarens fjell». Ein del av den åndelege arven finst i eremittholer, der einebuarar søkte Gud.

Folket kallar seg syriakarar. Dei må ikkje forvekslast med syrarar som er borgarar i Syria. Syriakarane har sine kjerneområde i Syria og i Irak. Dei fleste høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkja som fører røtene tilbake til Antiokia. Det var der dei kristne ifølgje Apostelgjerningane, kapittel 11, første gongen vart kalla «kristne».

Lever i liturgiar
Syriakarane er ei eiga etnisk folkegruppe som har levd her i fleire tusen år, etterkomarar av aramearane. Det gamle arameiske språket ligg tett opp til Jesu eige tungemål. Det vert ikkje brukt i daglegtale, men lever vidare i liturgiane i kyrkja.

Difor er klostra i Tur Abdin viktige. Her får ungdommar opplæring i språket og i teologien. Ifølge tyrkisk lov er det forbode for kyrkjene å utdanna eigne prester. Syriakiske elevar går på vanleg skule på dagtid, og i klosterskole på ettermiddagar og i helgane. Klosteret Mor Gabriel er det eldste og viktigaste.

Det var i Tyr Abdin koret Skruk og Kirkelig Kulturverksted, i samarbeid med Stefanusalliansen, i 2013 laga CD-en «Sangen fra katakombene». Ein måte å ta vare på arven på.

Dersom det ikkje vert tekne tydelege grep for å stansa den vedvarande utvandringa, vil dette området innan ein generasjon eller to vera utan kristent nærvær.

 

Fader Aho er tiltalt for terror han gav ein svolten mann mat. Foto: Stefanusalliansen

Fader Aho kjenner skvisen
Frå 1980-talet eskalerte konflikten mellom det tyrkiske regimet og kurdarane, som det er mange av her i aust. Dei kristne kom i ny skvis og utvandringa auka på. Dette er eit hardt prøvd folk.

Skvisen har variert, frå tider med militære trefningar til periodar med meir ro. Fader Aho, ein syrisk-ortodoks munk, veit alt om skvisen. Han vart arrestert 9. januar i ein politirazzia mot klosteret Mor Yaokub. Fader Aho hadde teke i bruk igjen klosteret etter at det hadde stått tomt i ei årrekkje på grunn av konflikten mellom Tyrkia og den kurdiske PKK-geriljaen.

Så kom politiet. Fader Aho hadde gjeve mat til ein svolten krigar frå PKK. For han var det kristen kjærleik og ikkje politikk. det han gjorde, er eit farleg brotsverk i Tyrkia. Fader Aho vart tiltalt for å vera med i ein terror-organisasjon. Totalt grunnlaus påstand, seier støttespelar. Men det er ikkje første gongen Tyrkia skuldar kristne for å støtta PKK, fjernar dei frå stillingar og pressar dei ut av landet.

Fader Aho, sett fri mot kausjon, har venta på at saka skal koma opp. Ho var vore utsett mange gonger, men er no tidfest til midt i januar, eitt år etter arrestasjonen.

Han vart arrestert omlag samstundes med at ekteparet Hurmuz (71) og Simoni (65) Diril vart borte. 20. mars vart Simoni (65) funnen drepen. Det er ingen spor etter mannen. Sonen deira er kaldeisk, katolsk prest i Istanbul.

Skal det gå med den kristne minoriteten som med Hurmuz Diril? Eller stoggar vi utraderinga av den kristne arven i Tur Abdin og hjelper den kristne minoriteten til å klora seg fast?

AKTUELT

Kristne i Tyrkia: Konvertittar frå islam kjem til protestantiske kyrkjer.

Sultan Erdogans maktgrep

Tyrkias president Erdogan kastar ut utanlandske misjonærar og let syriske islamistar truga på livet menneske som har konvertert frå islam.

PROSJEKT