Pastor Ramazan Arkan er fortvilt over at kyrkja vert tappa for to leiarar etter at utanlandsk medarbeidar er blitt svartelista.

Pastor Ramazan Arkan er fortvilt over at kyrkja vert tappa for to leiarar etter at utanlandsk medarbeidar er blitt svartelista.  


Hollandske Faven fekk brev frå det tyrkiske utanriksdepartementet i slutten av februar: Ho fekk ti dagar på seg til å forlata landet. Faven har budd i Tyrkia i fem år og i tre år vore sentral i arbeidet for barn i kyrkja i Antalya.

Mannen Emre er tyrkar. Dei gifta seg i fjor. Emre er ein av dei yngre det er satsa mykje på, han er med i leiargruppa i kyrkja. Den dagen Faven må dra, dreg også ektemannen.

– Dette vil ramma kyrkja svært hardt, seier pastor Ramazan Arkan. Mange andre kyrkjelydar er ramma av det same.

– Det er ille – og det er ille at vi ikkje lenger vert overraska, seier Ramazan.

«Trussel mot nasjonal tryggleik»
Faven har ikkje fått vita grunnen. Eit par andre har også fått same beskjed – utan oppgitt grunn.

Sidan 1. januar 2019 er minst 67 utanlandske kristne enten blitt kasta ut eller er blitt nekta innreise etter utanlandsopphald. Ingen med N82-kode – «trussel mot nasjonal tryggleik» –  har fått nytt visum. Andre har ikkje fått fornya opphaldsløyvet.
 

Dersom Faven og to til også vert rekna som truslar mot nasjonal tryggleik, blir det samla talet minst 70. I tillegg kjem kring 100 ektefeller og barn av dei svartelista.

Svartelistinga rammar altså i aukande grad utlendingar som er gift med tyrkiske borgarar som på si side er pastorar eller leiarar i protestantiske kyrkjer. I fjor var det minst fem slike saker. Utviklinga held fram i år.

Ingenting på rullebladet
Det er reist sak for å få omstøytt vedtaket til Faven. Pastor Ramazan reknar med at ho får vera i landet til saka er avklart. Ingen har så langt fått medhald i domstolane.

– Dette er folk som ikkje har noko som helst på rullebladet, ikkje eingong ei trafikkbot. Dei vert kasta ut berre fordi dei er kristne og har kontakt med kyrkjer eller har delteke på heilt lovlege konferansar, seier Ramazan Arkan.

 

Dette er folk som ikkje har noko som helst på rullebladet, ikkje eingong ei trafikkbot.

Pastor Ramazan Arkan

 

I mars 2020 vart prosjektrådgjevar Vija Herefoss i Stefanusalliansen nekta innreise i Tyrkia og sendt tilbake til Norge – av «nasjonale tryggingsrunnar». Andre utlendingar som hadde delteke på den same konferansen som Herefoss nokre veker tidlegare, er også svartelista.

Fleire av dei som er blitt svartelista, deltok på ein nasjonal konferanse i 2019, for arbeid blant barn.

«Stempla som kriminelle»
I sin 2020-rapport om menneskerettar i Tyrkia skriv Den protestantiske alliansen (TEK) at «det gjer oss svært vondt at kyrkjene vert framstilte som kriminelle og at folks liv vert snudde opp ned som om det var eit brotsverk å delta på lovlege møte.»

Det er, heiter det, ekstra krevjande for utlendingar som er gift med tyrkiske borgarar.

– Dei fleste av desse har inga leiarrolle i kyrkjene, dei er heimearbeidande kvinner. Konsekvensen er at kyrkjeleiarar som er tyrkiske borgarar, må dra frå Tyrkia, eller sjå familiane rivne i stykke.

– Vi respekterer landets suverene rettar, også til å avgjera kven som kan eller ikkje kan bli verande innanfor landets grenser. Men samstundes ser vi at handlingane vert sette i verk eine og åleine fordi personane er kristne. Det er alvorlege brot på rettane deira og er diskriminerande, heiter det i rapporten frå TEK som organiserer storparten av dei protestantiske kyrkjene i Tyrkia.

– Vi sit med det inntrykket at det protestantiske samfunnet er eit mål for vedtaka. Dette skaper djup uro, skriv TEK.​

 

 

Støtt kirkene i Tyrkia

Stefanusalliansen støtter kirken i Antalya og Den protestantiske alliansen som dokumenterer brudd på trosfriheten. Du kan støtte dem gjennom oss. Merk gaven Tyrkia

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT