Leah Sharibu har fylt år to gonger i slaveri hos Boko Haram.

Leah Sharibu har fylt år to gonger i slaveri hos Boko Haram.  


I to år har den kristne skulejenta vore fange hos den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram. Leah Sharibu var 14 år og gjekk på skule i Dapchi i delstaten Yobe då ho 19. februar 2018 blei bortført. Leah var den einaste kristne blant 110 skulejenter som vart kidnappa og tekne med av Boko Haram eller ISWAP (Den islamske staten i provinsen Vest Afrika) som organisasjonen no kallar seg.


Nekta å gje opp kristen tru
Namnet Boko Haram betyr kort og godt at «vestleg utdanning er synd». Det er grunnen til at dei kidnappar og bortfører skulejenter – og at dei den grufulle februardagen i 2018 kidnappa 110 skulejenter i Dapchi. Fem kom ikkje frå det i live. Dei 104 overlevande klassekameratane til Leah, alle muslimar, kom heim ein månad seinare etter at den nigerianske regjeringa hadde forhandla med gisseltakarane. Men Leah slapp ikkje fri. Ho ville ikkje konvertera til islam. 


To kvinner drepne
Hausten 2018 vart to bortførde hjelpearbeidarar, som vart kidnappa 1. mars 2018, kaldblodig drepne. I oktober 2018 erklærte så terroristane at Sharibu og den tredje kristne sjukepleiaren Alice Ngaddah frå kidnappingsaksjonen i mars, ville bli «slavar for livet». No var det «lovleg» for terroristane å «gjera kva dei ville med dei». Då hadde mor til Leah trygla regjeringa om hjelp.

I juli 2019 sende Boko Haram – eller ISWAP – ut ein video av seks hjelpearbeidarar for den franske hjelpeorganisasjonen Action Against Hunger (ACF). Dei blei bortførde 18. juli 2019. Ein av gislane, Grace Taku, sa noko som kunne tyda på at både Sharibu og Ngaddah var blitt drepne. Dette vart raskt avvist.


Livsteikn frå Leah
I januar fekk vi indirekte eit livsteikn frå Leah. Det kom frå ein annan frigjeven gissel 
– Jennifer Ukambong Samuel. Ho arbeider for Action for International Medical Alliance (ALIMA) og vart sjølv bortført like før jul 2019.

Jennifer Ukambong Samuel sa til nigerianske medier at sjølv om ho ikkje hadde sett verken Leah Sharibu eller Grace Taku, var ho blitt informert av Ngaddah, som ho skal ha besøkt i heimen hennar nær Tsjad-sjøen, at begge er i live på ein hemmeleg opphaldsstad.  Ngaddah som har bytta namn, gir skadde terroristar medisinsk behandling.


Farleg terrorgruppe 
Det er oppmuntrande å høyra at Leah Sharibu og dei to andre gislane lever og har det bra. Men dei er framleis i hendene på ei svært farleg og valdeleg terroristgruppe. Det verserer rykte og historier om kva som har hendt med Leah Sharibu i det Boko Haram-folka kallar slaveri. Men historier som vi ikkje kan verifisera, går vi ikkje ut med.
 

• VIL DU JEVNLIG FÅ NYHETSBREV OM TROSFRIHET? Meld deg på her.

Krigsbotsverk
Leah er uansett utsett for grove brot på både trusfridom, retten til utdanning, omsorg, fridom og tryggleik. Ho er gjort til slave i det vi rett ut kan seia er krigsbrotsverk.  Regjeringa i Nigeria gjorde i 2018 det den kunne for å få dei andre skulejentene fri. No må regjeringa dobla innsatsen for å få Leah og dei to andre fri – og for å gjera livet tryggare for alle. Den norske regjeringa bør senda sitt klare påtrykk.

Livsteiknet kjem midt i ei bølgje av valdsangrep, drap og kidnappingar nord i Nigeria. Valdsbølgja bør skremma regjeringar opp til politisk press.


Protest og bøn for kristne i Nigeria
Vi i Stefanusalliansen har tidlegare sendt appell for Leah Sharibu til den nigerianske regjeringa. Vi gir ikkje opp håpet om at ho og dei to andre gislane ein dag på mirakuløst vis blir sette fri frå slaveriet. Igjen faldar vi hendene.

I dag er dagen for å be ei bøn for Leah Sharibu.

PUBLISERT I DAGEN 20.2.2020

AKTUELT

PROSJEKT