George (med den blå skjorta) takkar for innsatsen fra kyrkja.

George (med den blå skjorta) takkar for innsatsen fra kyrkja.  


George er forretningsmann i Beirut og fekk store skadar på både husværet, kontoret og alt han treng i verksemda si då eksplosjonen ramma Beirut. Hus og kontor ligg eit godt stykke unna eksplosjonen. Men trykket var så sterkt at det gjorde store skadar langt unna.

Det friviljuge hjelpetemaet frå Resurecction Church Beirut, der George er med, kom for å hjelpa han og familien med å feia glasbrot, reparera dører, vindaugo og møblar og rydda i kaoset heime. Då dei hadde hjelpt han slik at han og familien kunne bu i heimen, utbraut han:

– Eg kjenner ikkje dei friviljuge som kom frå kyrkja. Likevel arbeidde dei hardare enn meg og brørne og søstrene mine. Kristent liv er det sterkaste vitnesbyrdet. Det spelar inga rolle kva folk seier. Det som betyr noko, er det livet folk lever. Det såg eg i dag. Eg ønskjer å vera ei velsigning for andre 1000 gonger det kyrkja var av velsigning for meg i dag. Dei viser meg med sine eksempel, seier George.

Resurrection Church Beirut har berga mange  frå å bli utan tak over hovudet lenge. Dette er Stefanusalliansens partner i arbeidet for syriske og irakiske flyktningar i Libanon, eit prosjekt for skulehjelp.

 

Knust heim. Foto: RCB

Knust heim etter innsats fra hjelpeteam frå Resurrection Church.

Hjelpeteamet som sette denne heimen i stand igjen. Foto: Resurrection Church

Hjelp ofra etter katastrofen i Beirut

Våre partnarar hjelper ofra. Du kan bidra. VIPPS: 19013, eller knappen nedanfor. Merk gåva: Beirut

Gje ei gåve

AKTUELT

PROSJEKT