Asia Bibi vart frikjent for blasfemi og fekk omgjort dødsdommen 30. oktober i fjor. No ventar ho spent på om høgsterett står imot presset.

Asia Bibi vart frikjent for blasfemi og fekk omgjort dødsdommen 30. oktober i fjor. No ventar ho spent på om høgsterett står imot presset.  


Den nye høgsterettsjustitiariusen, Asif Saeed Khosa, skal leie eit panel på tre dommarar, melder avisa dawn.com.

– Eg føler meg trygg på at høgsterett kjem til å halda fast på frifinninga, seier Sajid Christopher Paul i Human Friends Organisation i Lahore i Pakistan. Han er Stefanusalliansens partner og ein nær støttespelar for Asia Bibi.

Han viser mellom anna til at dommar Khosa, som no leier høgsterett, også var med i dommarpanelet som samrøystes frifann Asia Bibi 30. oktober. Han overtok som leiar for høgsterett frå nyttår då den førre høgsterettsleiaren, Mian Saqib Nisar, blei pensjonert. Også han var med i dommarpanelet som frifann Asia Bibi.

Kristne i Pakistan
Asia Bibi hadde vore dødsdømd sidan 2010. Ho er kristen og mor til to døtre.

Blasfemilova vert ofte brukte mot kristne i Pakistan, men også andre vert ramma. Mange kritiserer det dei meiner er misbruk av lova – at det vert kasta fram falske klagemål for å ramma minoritetar. Sajid Christopher Paul sier at eit ekstremistisk mindretal dominerer over fleirtalet.

Frifinninga var tindrande klar. Justitiarius Mian Saqib Nisar skreiv i dommen at påtalemakta ikkje hadde skaffa fram prov «utover rimeleg tvil».

I rettshøyringa blei det mellom anna påvist at han som leverte inn politimeldinga som låg til grunn for dødsdommen – bøneleiaren i den lokale moskeen – ikkje ein gong var til stades då Asia Bibi skulle ha framsett den påståtte blasfemien. Ein av dommarane spurte i rettsmøtet om vedkomande var ein reiskap for andre.

«Mirakel»
Frifinninga vekte glede hos dei svært mange som hadde sendt appellar og bedt og på andre måtar engasjert seg for Asia Bibi.

– Bøner er høyrde, eit mirakel har skjedd, sa Sajid Christopher Paul, Stefanusalliansens partner og ein nær støttespelar av Asia Bibi.

EU hadde lenge kravd at Asia Bibi måtte setjast fri.

Sakskartet i høgsterett tysdag.

Lamma byar
Tre dagar med oppstand som lamma store pakistanske byar, vart leia av islamistpartiet Tehreek-i-Labbaik Pakistan (TLP). I starten stod statsminister Imran Khan opp mot demonstrantane og truga med å bruka makt.

Men då oppstanden ikkje gav seg, gav han etter og inngjekk ein avtale. Regjeringa skulle starta ein prosess for å plassera Asia Bibi på ei liste over folk som vert nekta å forlata landet. Regjeringa ville heller ikkje motsetja seg ein anke slik at høgsterett kunne sjå på saka endå ein gong.

Sett fri
Asia Bibi blei sett fri frå kvinnefengslet Multan 7. november. Ho vart teken med eit spesialfly til Islamabad og plassert på ein hemmeleg stad under strenge tryggingstiltak.

Qari Salaam leverte inn anken 1. november der han bad landets høgsterett sjå på saka ein gong til og omgjera frifinninga. Han bad også om at Asia Bibi blei sett på liste over folk som vert nekta å forlata landet, til dommen er sett på på nytt av domstolen.

I anken er det ikkje lagt fram nye prov. Det vert derimot mellom anna argumentert med at frifinninga ikkje var i samsvar med rettslege prinsipp og islamske ordningar og «normale rettsprinsipp i saker om blasfemi».

Advokat Saiful Mulook, som førte saka for Asia Bibi, og Sajid Christopher Paul.

Eit glas vatn
Ein glovarm junidag i 2009 hadde Asia Bibi stått tidleg opp for å plukka bær utanfor landsbyen. Asia Bibi gjekk til brønnen for å drikka vatn, og ho tilbaud ei anna kvinne å drikka. Men då ropte ei tredje kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram!»

Asia Bibi var den einaste kristne blant dei. Ho vart skulda for å ha skitna til vatnet og gjera det ureint – og forbode – for muslimar. Asia Bibi forsvarte seg – for ein gongs skuld. I krangelen vart ho skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed, ho vart hetsa og jaga vekk.

Angripen.
Fem dagar seinare våga ho seg tilbake for å plukka bær. Då ho etter nokre timar hadde senka skuldrane i frykt for mobben, oppdaga ho at mobben likevel var komen.  Asia Bibi overlevde angrepet, men denne dagen – 14. juni 2009 – vart ho kasta i fengsel. 8. november 2010 vart ho dømt til døden ved henging etter paragraf 295 i straffelova. Asia Bibi har anka fleire gonger. Men høgsterett har utsett og utsett behandlinga, heilt til oktober i 2918.

Drap
Paragrafane er vage og har dødsstraff for å fornærma islam eller Muhammed. Lovverket er kritisert også  fordi det ofte vert misbrukt til lange rettsprosessar på grunnlause skuldingar. Og mange som etter årelange rettssaker vert frikjende, må leva resten av livet på hemmelege adresser for å unngå ekstremistane. Så langt er ingen dødsdom for blasfemi fullbyrda. Men sidan 1990 er i alle fall 46 menneske drepne av ekstremistar, eller dei har døydd i ei politicelle.

Dødsdommen mot Asia Bibi er blitt ei symbolsak. I 2011 blei guvernør Salman Taseer i Punjab-provinsen drepen av livvaktene sine. Han hadde forsvart Asia Bibi og angripe dei pakistanske blasfemilovene.

Stefanusalliansens appellvenner har engasjert seg for Asia Bibi.

Støtt kampen for blasfemiofrene

Vår partner i Pakistan, Sajid Christopher Paul og hans medhjelpere, bistår ofre for blasfemilovgivningen med advokater og annen hjelp.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT