Asia Bibi er no ute av fengsel etter ni år.

Asia Bibi er no ute av fengsel etter ni år.  


Onsdag kveld kom det meldingar om at høgsterett i Pakistan hadde oppretthalde frifinninga av den dødsdømde kristne kvinna, at Asia Bibi var sett fri frå Multan-fengselet og at ho var på veg til hovudstaden Islamabad. Avisa dawn.com skreiv dette.

Andre media skreiv så at ho var på veg ut av landet.

Advokaten hennar, Saif-ul Malouk, rømde sjølv landet sist veke og har søkt politisk asyl i Nederland. Talsmann Mohammad Faisal i Pakistans utanriksdepartement kalla dette derimot «fake news», skriv avisa dawn.com.

Fawad Chaudhry, statsråd i departementet for informasjon og kringkasting, kalla det «uansvarleg» av nokre media å offentleggjera at Asia Bibi visst nok skulle vera ute av landet utan at dette var stadfesta. «Det er blitt ei norm å publisera fake news for å få overskrifter», sa han.

Stefanusalliansen fekk på si side melding onsdag kveld frå eit medlem av Pakistans nasjonalforsamling om at Asia Bibi var på veg frå Pakistan. Men dette har ikkje vi fått stadfesta.

– Saka til Asia Bibi har berørt mange over heile kloden. Det er ein tragedie at ho har site 9 år i fengsel, åtte år med dødsdom. I Pakistan er Asia Bibi i fare for å bli drepen av ekstremister. Vi ser fram til ei sikker, bekrefta melding om at ho og familien er ute av landet og i trykkleik. Den endelege stadfestinga av det har vi ikkje fått. Men vi veit at det vert arbeidd med denne saka på høgste nivå i Pakistan, seier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen.

– Vi kjem tilbake med meir så snart vi har fått meldinga hundre prosent stadfesta, seier Brown.

Presidenten i Europaparlamentet, Antonio Pajani, la ut denne meldinga på Twitter onsdag kveld:

«Asia Bibi har forlete fengselet og er flytta til ein trygg stad! Eg takkar pakistanske styresmakter. Eg ser fram til å møta henne og familien i Europa-parlamentet så snart som råd.»

Asia Bibis advokat Saif-ul Malouk og Sajid Christopher Paul i Stefanusalliansens partnerorganisasjon Human Frends Organization sammen med i Nederland torsdag.

Eit glas vatn
Asia Bibi er den kristne kvinna som har vore fengsla i ni år og sidan 5. november 2009 har vore dødsdømt for blasfemi. Under bærplukking på ein åker utanfor landsbyen vart ho skulda av muslimske kvinner for å gjort drikkevatnet «ureint», haram – og med det forbode for muslimar å røra. Asia Bibi hadde teke eit glas vatn i varmen. Asia Bibi vart jaga frå åkeren. Fem dagar etterpå kom ho tilbake saman med ei veninne. Ho trudde det hadde roa seg, men då kom det ein mobb som angreip henne. Det vart ein krangel, og Asia Bibi vart skulda for å ha fornærma islam. Ho vart ført til politistasjonen, arrestert og deretter dømt for blasfemi.

I 2010 blei ho dødsdømt. 

Kritisk
Først 8. oktober i år fekk ho ankesaka opp for høgsterett. Dommarane, leia av høgsterettsjustitiarius sjølv, stilte kritiske spørsmål til bevismaterialet og påpeika mellom anna at politimeldinga som låg til grunn av dødsdommen, var skriven av ein mann som ikkje var til stades då den påståtte blasfemien skulle ha kome. Han er bøneleiaren i den lokale moskeen. – Er han blitt brukt av andre? spurte ein av dommarane.

Høgsterett valde å venta med å koma med dommen. 12. og 13. oktober var det store demonstrasjonar som kravde Asia Bibi hengt og truga høgsterettsdommarane på livet dersom Asia Bibi skulle bli frikjent.

Dommen kom 30. oktober. Asia Bibi blei frikjent.

Eit mirakel har skjedd, sa Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization (HFO), Stefanusalliansens partner i Pakistan.

Det vart voldsomme demonstrasjonar i Pakistan. Ekstremistar sperra vegar, brende bilar og truga høgsterettsjustitiarius på livet.

— Når det ikkje er prov mot nokon, skal vedkomande ikkje dømmast, sa høgsterettsjustitiarius torsdag. Han forsvarte rettsstatsprinsipp og at sa dommarane «ikkje er dommarar berre for muslimar». Også statsminister Imran Khan stod opp mot ekstremistane og åtvara dei mot å gå så langt at staten mptte svara med harde middel.

 

Asia Bibis familie samme med Sajid Christopher Paul i Lahore i februar i fjor. Foto: Arif Bhatti

Avtale
Men etter tre dagar med demonstrasjonar som var i ferd med å lamma landet, inngjekk regjeringa og ekstremistpartiet TLP fredag ein avtale: Høgsterett skulle sjå på saka på nytt. I mellomtida skulle Asia Bibi setjast på liste over folk som ikkje fekk forlata Pakistan. Så skulle demonstrantane skapa ro.

Kritikarane kalla dette å gje etter for ekstremistkrav. Regjeringa svarte at dette var brannsløkking og at dei ikkje ville gløyma dei som hadde herja landet med vald.

– Eg er skuffa, sa Sajid Christopher Paul. Han rekna likevel med at frifinninga ville bli oppretthalden av høgsterett sidan det ikkje på ni år har vore skaffa prov.

No ventar også han på den sikre stadfestinga av at Asia Bibi er i tryggleik utanfor Pakistan. Han held tett kontakt med advokaten. Begge er i Europa.

EU kravde i januar at Asia Bibi måtte setjast fri.

Stefanusalliansens appellvenner har både appellert for henne og sendt henne oppmuntringsbrev til henne i fengselet. Stefanusalliansens bønevener har bedt for henne.

– Det er også viktig å hugsa at det sit andre som er anklaga og dømde for blasfemi i Pakistan, seier Ed Brown.

Asyl i Norge?
Venstres stortingsrepresentant Abid Raja har torsdag formiddag levert inn følgjande spørsmål til justisminister Tor Mikkel Wara:

«Vil justisministeren imøtekomme Sylvi Listhaug og undertegnedes felles ønske om å rette henvendelse til pakistanske myndigheter og tilby Asia Bibi og hennes familie opphold i Norge?

Bakgrunn:

Asia Bibi ble nylig frikjent i Pakistans høyesterett for blasfemi. Hun var dømt for å ha krenket muslimenes profet Muhammed. For det har hun sittet i snart ti år i fengsel. Opprinnelig ble hun dømt til døden.

Gleden over frifinnelse ble imidlertid kortvarig da islamister tok til gatene og krevde at hun ble hengt. Pakistans statsminister har nå inngått en avtale med ekstremistpartiet Tehreek-e-Labbaik Pakistan (TLP) om at høyesterett skal se på saken på ny.

Nå er Bibi ilagt reiseforbud. Hun sitter på isolat i et fengsel i byen Nultan i Punjab-delstaten.

Ed Brown, generalsekretær i misjons- og menneskerettighetsorganisasjonen Stefanusalliansen, har fulgt Bibis sak i lengre tid. Nå ser han ikke bort fra at hun kan bli drept i fengselet, men hun venter på endelig dom.»

Støtt kampen for trosfriheten i Pakistan

Vår partner hjelper Asia Bibi og andre blasfemioffer i Pakistan.

Gi en gave

AKTUELT

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT