Asif Pervaiz (i kvitt) i lenker i retten i Lahore saman med Sajid Christopher (t.h.), advokat Saif Ul Malook (svart jakke) og ein politimann.

Asif Pervaiz (i kvitt) i lenker i retten i Lahore saman med Sajid Christopher (t.h.), advokat Saif Ul Malook (svart jakke) og ein politimann.  


– Eg er skuffa, men ikkje overraska, seier Sajid Christopher i Human Friends Organization på telefon frå Lahore 8. september. Christopher er Stefanusalliansens partner.

Pervaiz sjølv tok imot dødsdommen med sjokk og vantru, fortel Sajid Christopher. Han stod ikkje langt unna den tiltalte då den brutale dommen fall i Lahore Session Court (lågare rett).

Forsvart av muslimsk advokat
Saif Ul Malook, den muslimske advokaten som forsvarte Asia Bibi då ho vart frikjent i Pakistans øvste domstol for snart to år sidan, forsvarar også Asif Pervaiz.

– Han heldt ein to timars svært god prosedyre for å visa at Asif Pervaiz er uskuldig. Men dommaren høyrde ikkje på advokaten og dømde Asif til døden likevel, seier Sajid Christopher.

 

Lågare rett frikjenner aldri
Grunnen til at Sajid Christopher ikkje er overraska over dødsdommen, er at det aldri har skjedd at ein lågare rett i Pakistan har frikjent menneske som er tiltalte for blasfemi. Frikjenningane skjer enten i høgsterett, i dette tilfellet i høgsterett i Punjab-provinsen, eller i Pakistan øvste domstol i Islamabad, som frikjende Asia Bibi i oktober 2018. Asia Bibi hadde sete fengsla i vel ni år då ho til slutt vart frikjend, åtte av åra hadde ho sete med dødsdom.

Kunne blitt drepen av ekstremistar
Asif Pervaiz vart ført inn i retten like før dommen skulle falla. Straks dommen var lesen opp, tok politiet han ut av rettssalen.

– Dei ville hindra at han vart utsett for angrep, seier Sajid Christopher.

Ingen er så langt avretta etter å ha blitt dødsdømde for blasfemi i Pakistan. Men det har skjedd mange gonger at ekstremistar har drepe både tiltalte og frikjende i blasfemisaker. Seinast 29. juli vart ein ahmadiyya-muslim drepen i rettssalen i Peshawar.

Rettssakene dreg svært ofte ut i årevis. Mange som er frikjende, må leva på hemmeleg adresse for ikkje å bli drepne av ekstremistar.

Utdrag fra dødsdommen mot Asif Pervaiz. Foto: Human Friends Organization/Stefanusalliansen

Forkasteleg
– Blasfemilova i Pakistan er ei forkasteleg lov. Svært mange blir utsette for falske skuldingar som vert brukte for å knekkja kristne og folk frå  andre minoritetar og også moderate muslimar, seier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen.

– Eg er ikkje overraska over dødsdommen, men den er utruleg trist. Lågare rettsinstansar i Pakistan vågar ikkje frikjenna blasfemitiltalte fordi dei er redde for ekstremistar. Sjølv om dødsdømde til sist blir frikjende i høgsterett, eventuelt i Pakistans øvste domstol, dreg blasfemisakene ut i årevis og øydelegg liva både til dei dødsdømde og familiane deira, som gjerne må leva i skjul på grunn av trusselen frå ekstremistar, seier Brown.

Falsk blasfemi-sms
Asif Pervaiz vart fengsla i oktober 2013. Ein kollega påstod at han hadde fått ein sms frå Asif der den kristne mannen fornærma islam, Koranen og profeten Muhammed. Asif hadde like før krangla med kollegaer som ville at han skulle konvertera til islam, noko Asif nekta. Så vart telefonen hans borte – og brukt til å senda den fatale sms-en som førte til at Asif vart skulda for blasfemi. Asif vart straks bura inne og fysisk mishandla etter skuldingane.

Maroline, kona til Asif Pervaiz, med dei fire barna i februar 2017. Stefanusalliansens Kristin Storaker sit ved sida av Maroline. Foto: Stefanusalliansen

Tvillingar blei fødde då Asif vart fengsla
Asif er far til fire. Kona Maroline var på sjukehuset for å føda tvillingane  Brian og Jerusha då mannen blei fengsla og torturert.

Då Stefanusalliansen møtte henne i Pakistan i februar 2017, var ho redd for at det ville ta mange år før familien vart samla igjen. Sajid Christopher seier at kona får besøka Asif kvar veke i fengselet.

Tvillingane er blitt sju år, altså like gamle som lengda på fengselsopphaldet til faren. Den eldste er 10. Asif og Maroline har tre søner og ei dotter.

Stefanusalliansen hadde i 2019 ein stor farsdags-kampanje for Asif Pervaiz.

– Maroline og barna er svært urolege etter dommen. Dei bur no på hemmeleg adresse, arrangert av oss i Human Friends Organization, seier Sajid Christopher.
 

Saka held fram under videoen.

 

 

 

Ankar dødsdommen
Dødsdommen mot Asif Pervaiz vil bli anka til Lahore High Court (Punjab-høgsteretten si avdeling i Lahore).

– Vi har berre sju dagar på oss til å anka dommen, seier Sajid Christopher.

Han og advokat Saif Ul Maloook møtte Asif Pervaiz under rettsmøtet sist veke. Då dommen fall, var det altså uråd å få veksla eit einaste ord med mannen, sidan Asif vart teken rett inn og rett ut av politiet.

26 kristne sit for tida i pakistanske fengsel, tiltalte for blasfemi, opplyser Human Friends Organization. The Human Rights Commision in Pakistan er svært uroleg over veksten i blasfemitiltalar, særleg retta mot sjia-muslimar.

Ed Brown er djupt uroleg over utviklinga både i islamske Pakistan og det hinduprega India. Båe landa starta med religionsfridom. Men i aukande grad har både Pakistan og India fått regime med sterk kopling mellom stat og religion.

– Det britiske styret var dei som førte blasfemilovene dit. Men i Pakistan utvida general Zia Ul Haq på 80-talet blasfemilova og snevra den inn til å gjelda påstått blasfemi mot sunni-islam, seier Brown.
 

  • VIL DU GI EN GAVE TIL VÅRT ARBEID FOR OFRENE FOR BLASFEMILOVEN I PAKISTAN? MERK GAVEN: PAKISTAN

 

Heile dødsdommen mot Asif Pervaiz. Foto: Human Friends Organization/Stefanusalliansen

AKTUELT

PROSJEKT