Moraline og dei tre sønene Ibarham, Hazail og Brian ber – saman med dottera Jaroosha (som ikkje var med i intervjuet) ber om hjelp til å få Asif – mann og far – fri.

Moraline og dei tre sønene Ibarham, Hazail og Brian ber – saman med dottera Jaroosha (som ikkje var med i intervjuet) ber om hjelp til å få Asif – mann og far – fri.  


– Hjelp oss så Asif blir fri og snart kan koma ut av fengselet, seier Moraline Pervaiz i eit videointervju med Magasinet Stefanus. 

I ein domstol i storbyen Lahore blei den kristne mannen Asif Pervaiz 8. september dømt til døden på grunn av påstått blasfemi. Asif har vore fengsla i sju år etter arrestasjonen i oktober 2013. Ein kollega hadde prøvd å få han til å konvertera til islam, men Asif nekta. Då blei telefonen hans borte – og misbrukt til å senda ei blasfemisk tekstmelding. Asif blei skulda for blasfemi og straks bura inne. Sju år etter kom dommen: Henging. 

– Dødsdommen var eit sjokk, seier kona Moraline. 

Fekk vita at faren skulle hengast
Ho og tre av dei fire barna sit på kontoret til Human Friends Organization (HFO) i Lahore for å bli videointervjua av Magasinet Stefanus på WhatsApp, med HFO-leiar Sajid Christopher som tolk. Straumen har gått i Lahore. Naudaggregatet fungerer av og til. I 37 glovarme grader og høg luftfukt sveittar Moraline seg gjennom intervjuet medan lyset går på og av. Luftanlegget er ute av drift. 

Dagen før var Moraline i fengselet, saman med advokat Saif-ul Malook som fører saka. Ho hadde barna med. Moraline hadde ikkje fortalt barna om dødsdommen. Men no fekk dei vita at faren er dømt til å bli hengt i ein galge. Dei gråt og vart redde. 

Fekk dødsdom på barnas fødselsdag 
Tvillingane – dei to yngste – var nettopp fødde då Asif blei arrestert. Dødsdommen fall til overmål dagen dei to fylte sju. 

– Asif bad barna passa godt på meg og gjera skulearbeidet godt slik at dei får utdanning. Til meg sa han at eg må ta vare på meg sjølv og barna. Han bad om støtte og forbøn frå folk som kan protestera mot den urettferdige dommen. Han sa at dersom Gud vil, vert han snart ein fri mann. 
I sju år har Moraline altså hatt eineomsorga for fire barn. 

– Det er svært vanskeleg å vera åleine med fire barn, men eg har gjort det med glede. 
 

Svima av i fengselet
Men Moraline er så prega av dødsdommen at ho svima av i fengselet dagen før dette intervjuet. Ho måtte hjelpast ut. 

Familien bur i den kristne bydelen Johannabad i Lahore. Dei leiger av ein kristen mann. Han har likevel bede henne og barna om å flytta før oktober er omme. Han er redd islamske ekstremistar vil angripa fordi han leiger ut husvære til familien til ein blasfemi-dødsdømt. Sajid Christopher i HFO fortel at dei leitar etter ein ny stad for Moraline og barna. 

Dødsdommen er omtalt både i aviser og sosiale media. Moraline føler seg ikkje trygg. 

– Ein slektning bad meg konvertera til islam, fordi då ville eg bli trygg, sa han. Men eg kan ikkje gje opp trua på Jesus Kristus, sjølv om vi vert forfølgde. 

Under pandemien har Moraline ikkje kunna gå i kyrkja slik ho pleier. Men ho ber tre gonger om dagen og les Bibelen. 

 

Ein slektning bad meg konvertera til islam, fordi då ville eg bli trygg, sa han. Men eg kan ikkje gje opp trua på Jesus Kristus, sjølv om vi vert forfølgde. 

Moraline Pervaiz
 

Asif Pervaiz (i kvitt med lenke om hendene) saman med Sajid Christopher (t.h.), advokat Saif-ul Malook og ei politivakt (t.v.) under rettshøyringa nokre dagar før dødsdommen blei lesen opp. Foto: HFO/Stefanusalliansen

 

Takkar for støtte 
Tidlegare har Stefanusalliansen hatt appell for Asif Pervaiz. Moraline takkar då ho får vita at Stefanusalliansen har alarmert norske styresmakter og at dødsdommen er teken opp i Stortinget. Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide har der svart på eit skriftleg spørsmål frå KrFs Geir Toskedal om kva Noreg vil gjera for trusfridom og rettstryggleik i Pakistan, på bakgrunn mellom anna av dødsdommen mot Asif Pervaiz. 

Utanriksministeren svarte at Noreg tek opp menneskerettsspørsmål med Pakistan. Ho sa at Pakistan i ei landhøyring i FNs menneskerettsråd i november godtok at alle tilfelle av vald mot religiøse minoritetar må etterforskast og at gjerningspersonane må haldast ansvarlege. Neste år har Pakistan vertskapet for eit møte i «Istanbul-prosessen» om kamp mot religiøs intoleranse, hat og vald. 

Ber om hjelp 
Sajid Christopher er svært glad for at utanriksministeren er varsla. Han er skuffa og trist over dødsdommen, men ikkje overraska. Han seier at det ikkje har skjedd at ein lågare rett i Pakistan har frikjent menneske som er skulda for blasfemi. 

– Frikjenningane kjem i høgare domstolar, men først etter årelange fengselsopphald og lange rettsprosessar, seier Sajid Christopher. 

–  Vi treng støtte frå regjeringar og andre for at Asif skal bli fri, seier Moraline. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2020. 

 

 

Hjelpe fengslede fedre og deres barn

Til farsdagen i år kan du kjøpe et slips fra Stefanusalliansen og støtte fengslede fedre og deres familier.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT