Ei indisk kyrkje er angripen.

Ei indisk kyrkje er angripen.  


Kronikk i Klassekampen 27.4.2019

Kristne og andre religiøse minoritetar er under aukande press i fleire land i Asia. Drivkreftene bak trakassering og forfølging av menneske som «trur feil», er ulike. I Sri Lanka vart vi alle overraska: Der har ytterleggåande buddhistiske nasjonalistar lenge trakassert delar av dei kristne og muslimske minoritetane. Men så kom det eit massivt islamistisk terroråtak.

Det er fleire drivkrefter bak eit forsterka press mot religiøse minoritetar, og lat oss her sjå på tre av dei. 

Folkerike India brukar fleire veker i vår på å gjennomføra parlamentsval. Det hindunasjonalistiske partiet BJP kan gå mot attval. BJP har sidan partiet igjen kom til makta i 2014, inspirert ytterleggåande hindunasjonalistiske krefter som meiner at du må vera hindu for å vera ein god indar. Dette er eit urovekkjande utslag av religiøs nasjonalisme som gjer livet krevjande for menneske med ei anna tru enn den «nasjonsbyggjande».

India: Religiøs nasjonalisme
I India har utviklinga vore alarmerande. Sidan 2014 har det vore sterk vekst i verbal trakassering og valdsangrep retta mot muslimar og kristne, seinast dokumentert i rapporten «We are Indians too» («Vi er også indarar») frå Open Doors. Den evangeliske alliansen i India rapporterer at det dei tre første månadane i år var 77 hatefulle episodar mot kristne, mot 49 i fjor. Like før påske vart fleire bønemøte tvangsavslutta av ekstremistar eller politi. Det skjer sosial utstenging, og i februar skjedde det to mord i Odisha og Chhattisgarh som det er frykt for skjedde på grunn av den kristne trua til dei to drepne.

Alliansen har åtvara mot at den kristne minoriteten kan mista tiltrua til at statsmakta kan verna dei. Då statsminister Modi i haust starta den lange valkampen, lovde han for første gong å verna minoritetane. Så langt er det uklart om dette er meir enn tomme ord – i seinaste laget. 

Kriminaliserer skifte av tru
Åtte indiske delstatar har vedteke lover som kriminaliserer skifte av tru «etter tvang og bedrag» – i praksis å forlata hinduismen. I august i fjor tok ei liknande lov til å gjelda i hinduistiske Nepal - fire kristne blei nyss arresterte. Somme vil hevda at lova er svar på at utanlandskstøtta evangeliske kyrkjer har styrkt fotfestet etter jordskjelvet i 2015. Men det er farleg å bruka lover og straff, trakassering og vald for å pressa menneske som lever ut trusfridommen. 

Også Myanmar – der det store fleirtalet er buddhistar – kriminaliserer skifte av tru. Der fyrer buddhistiske nasjonalistar opp med hatprat mot dei statslause, muslimske rohingyane. Meir under radaren går det presset som kristne til dømes i Chin-delstaten lever under, det er mange rapportar om press til å konvertera – til buddhismen.

Blasfemilover i Pakistan
Det er elles ein viss slektskap mellom lovene som kriminaliserer skifte av tru i hinduistisk og buddhistisk dominerte land, og blasfemilovene og religionspolitikken i eit land som Pakistan der islam styrer politikken. Der blir muslimske avvikarar, kristne og andre minoritetar sette under press, ikkje minst av religiøse ekstremistar.

I Sri Lanka har eit radikalt buddhistisk nasjonalistisk parti gjort fleire forsøk – så langt utan å nå fram – på å få vedta ei lov som kriminaliserer skifte av tru. Høgsterett stoppa eit forsøk i 2004. Men presset mot muslimar og kristne har vore vedvarande. Eit brutalt valdsangrep ramma muslimar i 2014. Den uavhengige srilankiske tenkjetanken Verité skriv at den religiøse valden er djupt rotfesta og systematisk, og at mange diverre ikkje har fått augo opp for den «lokale kvardagsvalden». Verité skriv også at trakassering av kristne er mindre kjend enn trakassering av muslimar.

 

Det er livsviktig å lesa teikna i tida. Varsel skal lyttast til av oss og av politikarar. Etterretningsrapportar skal ikkje hamna i ei skuffe.

 

Diskriminering av kristne
Den nasjonale evangeliske alliansen har dokumentert innpå 1200 tilfelle av religiøs diskriminering og vald mot kristne mellom 1994 og 2017, med vekst utover i perioden. Dei evangeliske kyrkjene har vore hardast ramma, dei katolske kristne – fleirtalet av kristne i Sri Lanka – har fått vera meir i fred.

 Den katolske menneskerettsforkjempar Rudi Fernando skriv i ein større artikkel etter påskedag at det kvar einaste søndag i februar, mars og april – før påskedag – skjedde eit fysisk eller verbalt hatefullt angrep mot minst éi kyrkje i Sri Lanka. Palmesøndag vart metodistkyrkja i byen Anuradhapura ramma av steinkastarar med dødsstrugsmål. Mobben heldt forsamlinga som gislar i to timar før politiet fekk avslutta det heile. Søndagen før avlyste kyrkja gudstenesta etter å ha blitt trakassert og kasta stein på også den siste søndagen i mars. Biskop Asiri Perera som var der palmesøndag. Han minna om at dette angrepet var det siste i ei lengre rekkje, og han sa at sa at no hadde dei truande ingen trygg stad.

Avskyeleg terror påskedag
Så kom påskedag og den avskyelege terroren. Vi veit enno ikkje nok verken om motiv eller kven som drog i alle trådar og bombebelte. Men internasjonal terrorisme, i dette tilfellet islamistisk, er ei tredje drivkraft som rammar fredfulle religiøse minoritetar som kan vera under press også av andre krefter. Kristne i fleire land er dei siste åra ramma av terror nettopp i påsken.

Det er livsviktig å lesa teikna i tida. Varsel skal lyttast til av oss og av politikarar. Etterretningsrapportar skal ikkje hamna i ei skuffe. Vi må støtta modige aktørar i rettsvesen og i det sivile samfunnet i dei landa der religiøse minoritetar er under press. Vi må saman stå opp for dei som kjempar for retten til si eiga tru.

LES ALT VI HAR SKRIVE OM OG ETTER TERROREN I SRI LANKA

Støtt kampen for trosfriheten

Stefausalliansen kjemper for religiøse minoriteter i Pakistan, Myanmar og en rekke andre land. Du kan bidra.

Gi en gave