St. Anthony-kyrkja i Colombo - før ho vart ramma av terror påskedag.

St. Anthony-kyrkja i Colombo - før ho vart ramma av terror påskedag.  


FØRST TRYKT SOM KRONIKK I DAGEN 26.4. 2018 (Oppdatert dødstall er minst 253, redusert med cirka 100 av myndigheten i Sri Lanka)

Påskedag på Sri Lanka: Oppstandelses- og livsfesten vart brutalt øydelagt av terror og død. Glade born som kom frå søndagsskulen var blant offera for djevelske krefter som påstår at dei drap på guddommeleg oppdrag.

Det er den yttarste forma for blasfemi.

Tilbake sit eit samfunn i sjokk, sorg og desperasjon. Mange av oss andre har tenkt altfor lite på Sri Lanka etter at borgarkrigen tok slutt for ti år sidan. No blir vi kalla til å bry oss igjen. Vi må fordømma terroren som eit angrep på menneskeslekta – og vi kan stå saman med fortvilte og sørgjande i bøn.

Det er ikkje til å fatta at eit etterretningsvarsel om eit komande stort terroråtak mot kyrkjer og turistmål visst nok aldri nådde fram til politiske styresmakter i Sri Lanka. Men kven skal vi forresten tru på i ein splitta politisk leiarskap på den vakre øya? Lat oss først låna øyra til ein fortvilt biskop.

Konkursbu
Duleep de Chickera, tidlegare anglikansk biskop i Colombo, har i ein påskerefleksjon som er trykt i fleire aviser, uttrykt fortviling over dei politiske styresmaktene i landet. Han kallar den politiske leiarskapen eit «konkursbu» og skriv så: «Våre lovgjevarar er ikkje lenger i stand til på ansvarleg vis å styra vår felles lagnad.» Han skriv at politiske leiarar styrer etter eigne interesser, ute av stand til å arbeida for det felles gode, prega av eit svarteperspel der det gjeld å kasta skulda over på andre.

Biskopen håpar at folk etter denne krisa kan «lesa teikna i tida» og danna folkelege rørsler for å «byggja sosial tillit og framheva dialog som beste middel» for å løysa konfliktar. Då vil det, skriv biskopen, «koma nytt liv ut av oska etter bombeangrepa påskedag».

Sanning
Det er viktig korleis denne gigantiske krisa blir handtert. Kyrkjeleiarar og andre religiøse leiarar har vore engasjerte i freds- og forsoningsarbeid etter borgarkrigen. President Sirisena har på si side vegra seg mot å grava i fortida. Men sanning må til for forsoning. Det gjeld etter borgarkrig som etter andre kriser.

Førebels veit vi ikkje alt om motivet for terroren og heller ikkje kor sterke dei internasjonale banda bak dei islamistiske terroristane i Sri Lanka verkeleg var. Om det skulle visa seg at motivet var å hemna terroren mot fredagsbøna i Christchurch 15. mars, og at IS stod bak, viser det berre endå ein gong kor mykje djevelsk kynisme dei styrer etter, terroristar som slaktar uskuldige for fote, same kvar dei bur..

Press mot minoritetar
Religiøse minoritetar har hatt sitt å stri med i Sri Lanka, men med press frå radikale nasjonalistiske buddhistar, ikkje frå islamistar. I skuggen av nasjonale hendingar har ikkje minst mange evangeliske kyrkjer møtt religiøs basert vald og hatefulle trugsmål. Den katolske kyrkja – som utgjer brorparten av den kristne minoriteten på sju prosent – har fått leva meir i fred.

Også muslimar er under press. Diskriminering og mindre valdsangrep retta mot både kristne og muslimar har vore i vekst dei siste åra, skriv Christian Solidarity Worldwide som er vår søsterorganisasjon i kampen for trusfridommen.
Kvar søndag i februar, mars og april i år – fram til og med palmesøndag – vart gudstenester forstyrra i minst ei kyrkje i Sri Lanka. «Kristne i Sri Lanka lid regelmessig under angrep på trusfridommen, men dei fleste hendingane blir aldri fanga opp i nyhendestraumen, knapt nok på Twitter», skriv den katolske menneskerettsaktivisten Ruki Fernando frå Colombo i ein større artikkel.

Metodistkyrkje angripen
Metodistkyrkja i Anuradhapura vart ramma palmesøndag. Ein mobb på 20-25 personar kasta steinar og slengde rundt seg med dødstrugsmål. Mobben heldt den vesle forsamlinga og to prestar som gislar i to timar fram til politiet fekk sett ein stoppar for mobben. Den same kyrkja vart angripen av steinkasting også den siste søndagen i mars. Søndag 7. april blei gudstenesta avlyst. Biskop Asiri Perera som var til stades då mobben slo til, sa at dei truande ikkje lenger hadde nokon trygg stad for å be og feira påske. Biskopen la til at angrepet ikkje var ei isolert hending, men den siste av ei rad episodar. Metodistkyrkja har lenge kjent press.

Før påskedag var minst 13 kyrkjer i ulike distrikt i Sri Lanka utsette for mindre, men like fullt hatefulle trugsmål og angrep i 2019. Minst 15 saker var melde til politiet. I nokre av sakene hadde politiet nølt med å ta imot meldingane, og jamvel i nokre saker tatt stilling for mobben, skriv Rudi Fernando.

Rotfesta vald
I ein rapport frå mai 2017 skriv den uavhengige srilankiske tenketanken Verité at «religiøs vald er djupt rotfesta». Det verste angrepet radikale buddhistar har retta mot muslimar, skjedde i Aluthgama i juni 2014. Minst fire vart drepne, 80 vart skadde og tusenvis vart heimlause.

Verité skriv at angrep på kristne i Sri Lanka er mindre kjende enn angrep mot muslimar. Forskarane har ved å dukka ned i tala, observert at mykje vald er nærast usynleg – få merkjer seg den utbreidde lokale kvardagsvalden. For det andre skjer valden mot religiøse minoritetar systematisk og kontinuerleg over heile landet. Jamvel lokale styresmakter er innblanda, påpeikar tenketanken.

Dei evangeliske kyrkjene har vore mest utsette for åtak, dei historiske kyrkjene har fått leva meir i fred. Mellom dei nyare karismatiske kyrkjelydane og dei historiske kyrkjene har det vore gnissing dei siste åra. Terroren kallar til samhald.

For påskedagsterroren endra mykje. Ingen – altså med unntak av etterretningskjelder – venta massiv påskedagsterror som i tillegg til ei baptistkyrkje, ramma to katolske kyrkjer, søndagsskular og fire hotell.

Påsketerror
Men at terrorens djevelskap slår til midt i påskehøgtida er ikkje nytt i land som har hatt kjende islamistiske terrortrugsmål. Dei siste åra har mange store terroråtak ramma kyrkjer i Egypt og Pakistan på palmesøndag eller påskedag. Den viktigaste kristne høgtida er blitt ei terrorhøgtid.

Vi må stilla opp med heilt andre krefter mot ein terror som rammar kristne i påska og andre truande på deira bønedagar (som 305 drepne i eit IS-angrep på ein sufi-moske i Egypt i november 2017).

Frå utsida skal vi gjera det vi kan. Det første vi kan gjera er å bry oss og stå saman med kyrkjer og folk – i klagesong, protest og bøn.

LES ALT VI HAR SKRIVE OM OG ETTER TERROREN I SRI LANKA