Tyrkia kastar ut utanlandsk evangelist etter at Brunson ble fri - Stefanusalliansen
David Byle er amerikansk-kanadisk statsborgar og har arbeidd i Tyrkia i 18 år.

David Byle er amerikansk-kanadisk statsborgar og har arbeidd i Tyrkia i 18 år.  

Tyrkia   

David Byle som er amerikansk og kanadisk statsborgar, blei arrestert på togstasjonen i Ankara i ein rutinesjekk av ID-kort. Han blei arrestert 13. oktober, dagen etter at Andrew Brunson vart sett fri frå fengsel i Izmir og gitt lov til å reisa heim til USA etter to år i fengsel.

David Byle har arbeidd i Tyrkia i 18 år og har fleire gonger vore forsøkt deportert på grunn av evangeliseringa si. Han vart først arrestert i 2007 på grunn av gateevangelisering, melder Middle East Concern. Han vart den gongen skulda av politiet for «misjonsaktivitet, for å forstyrra ro og orden og for å fornærma islam».

I 2009 vart han arrestert igjen, og han fekk beskjed om at han ville bli deportert. Men advokaten klarte å blokkera deportasjonen. I 2016 var han varetektsfengsla i åtte dagar. Advokaten klarte igjen å hindra deportasjon. I februar i fjor blokkerte Tyrkias konstitusjonsrett deportasjonsordren. Retten kravde at det før deportasjon måtte koma informasjon og dokument som prøvar at han anten leier, er medlem av eller støttar ein «terroristorganisasjon», eller at han på annan måte trugar offentleg orden og tryggleik.

Då han på ny vart arrestert 13. oktober, fekk han altså frist til 28. oktober med å koma seg ut av Tyrkia. Han sette seg på flyet 25. oktober. Han hadde ikkje lovleg opphalsløyve. en anti-terrorpolitiet oppdaga at han har vore verna i halvtanna år av ein dom i konstitusjonsdomstolen, melder World Watch Monitor.

Han fortel om mange timars avhøyr av fleire politimenn, ein av dei frå Tryggingspolitiet. Hans endelege deportasjonsordre er begrunna med at hans opphaldsløyve er gått ut.

Fleire andre utlendingar har enten ikkje fått fornya opphaldsløyve eller er deporterte etter at Andrew Brunson blei arrestert i oktober 2016.

 

AKTUELT

Prosjekt