Den amerikanske pastoren Andrew Brunson og kona Norine fekk dra frå Tyrkia i oktober 2018. Han kjempar framleis for å få oppheva straffa.

Den amerikanske pastoren Andrew Brunson og kona Norine fekk dra frå Tyrkia i oktober 2018. Han kjempar framleis for å få oppheva straffa.  


Rett nok var det i 2018 ein nedgang i direkte fysiske angrep retta mot protestantiske kristne og kyrkjene deira. Men veksten i hatefull retorikk som hadde som formål å hisse opp folk til å hate protestantiske kristne, var tydeleg.

Dette går fram av ein årsrapport for 2018 frå Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK). TEK representerer over 150 små og større protestantiske fellesskap, majoriteten av desse er i storbyane Istanbul, Ankara og Izmir. TEK er Stefanusalliansens partner og får støtte fra Stefanusalliansen til sitt arbeid for trosfrihet.

Det var ein tydeleg vekst i hatefull tale mot kyrkjer og kristne i nokre nasjonale media, i lokalmedia og i sosiale media. Verst av alt var mengda av tilfelle der kyrkjer og terrororganisasjonar vart kopla saman i nyheitssaker utan det minste prov, og utan å ta omsyn til at kyrkjelege leiarar blankt avviste at dei har noko som helst med terror å gjera. Bilete, namn og kyrkjelege aktivitetar vart brukte i publisering av saker der kyrkjer, leiar og kyrkjemedlemmer vart knytte tett saman med  terrororganisasjonar.

Hatspreiarar går fri
TEK-rapporten fortel at tyrkisk politi ikkje etterforska eller straffeforfølgde dei ansvarlege for denne bølgja av hatefull retorikk mot kristne. Dei som står for den hatefulle talen eller som oppmodar barn til verbalt hat, går konstant fri.

TEK-rapporten fortel også at det under julefeiringa i 2017 var fleire kampanjar i media og sosiale media og med store reklameplakatar i bygater. Kampanjane som hadde hatefulle angrep på kristne, skapte «ein intens atmosfære av hat» mot kristendom og kristne, heiter det i rapporten.

Skuffa
At stat og regjering ikkje løfta ein finger mot kampanjar som hissa opp til hat, skuffar protestantiske kristne djupt, heiter det i rapporten. Det heiter også at medlemmar av det protestantiske samfunnet nøler med å klaga til tryggingsstyrkane eller å politimelda hateretorikk fordi gjerningsmenn vanlegvis går fri uansett.

Andrew Brunson
Rettsaka mot den amerikanske pastoren Andrew Brunson prega 2018. Han hadde budd fredeleg i Tyrkia i 23 då han blei arrestert i 2016 og tiltalt for terror og spionasje med risiko for 35 års fengsel Han slapp ut etter rettsmøtet i oktober 2018 og vende heim til USA. Forsøket på å anka straffa er ikkje avslutta.

«Det protestantiske samfunnet i Tyrkia var sjokkert over at ein som hadde budd i Tyrkia i kring 25 år utan noko kriminelt rulleblad, utan nokon gong å ha vore involvert i noko illegalt og som hadde brukt heile livet sitt på teneste i kyrkja, vart offer for grove skuldingar basert på falske vitnemål», heiter det.

Medan saka mot Brunson gjekk i retten, vart ei rad kyrkjelydar utsette for hatefulle verbale angrep. Etter saka har fleire protestantiske familiar reist frå Tyrkia på grunn av uro og frykt. Dei mange hatefulle angrepa har gjort protestantiske kyrkjer usikre, heiter det i rapporten.

Grunnen til at mange kyrkjelydar brukar utanlandske pastorar er at dei protestantiske kyrkjene ikkje kan utdanna sine leiarar innanfor det tyrkiske nasjonale utdanningssystemet. I mangel av tyrkiske kompetente leiarar, trengst det altså utanlandske pastorar. Dette har ikkje funne si løysing. Det har heller ikkje arbeidet for å sikra protestantiske kyrkjer retten til å etablera gudshus.

Støtt Tyrkias kristne i kampen mot hatet

Stefanusalliansen støtter Den protestantiske allianse i Tyrkia. Du kan støtte dem gjennom oss. Merk gaven: TEK-Tyrkia

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT