President Erdogan har sett det protestantiske samfunnet i Tyrkia under press.

President Erdogan har sett det protestantiske samfunnet i Tyrkia under press.  


Tyrkiske styresmakter forsterkar presset mot protestantiske kyrkjelydar – med svartelisting av utanlandske kristne og no med forsøk på fiendtleg infiltrering.

Folk som identifiserte seg som representantar for tyrkiske etterretningstenester, prøvde i minst fem tilfelle i fjor å verva kristne tyrkarar og kristne flyktningar som informantar – spionar – om livet i protestantiske kyrkjelydar aust og søraust i Tyrkia.

– Dei tilbaud kyrkjefolk pengar eller brukte trugsmål. Flyktningar fekk tilbod om flyktningstatus. Agentane var ute etter informasjon om kyrkjene, om pastorar og om aktivitetar i dei protestantiske kyrkjene. Det fortel generalsekretær Umut Sahin i Den protestantiske alliansen (TEK) til Stefanusalliansen.

Uroleg over forsøk på spionverving
Dei fem kjende tilfella skjedde i ulike byar i to provinsar i søraust, ein sensitiv region som grensar mot land som Syria, Irak og Iran og der det bur mange kurdarar. Men det er ikkje noko som spesielt peikar på at vervingsforsøka har noko med det kurdiske spørsmålet å gjera.

– Protestantiske kyrkjer er opne, dei følgjer lovene og er transparente og ansvarlege. Slik mistenkjeleg og tildekt framferd skaper uro, skriv TEK i 2020-rapporten sin om menneskerettar i Tyrkia. Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK) vert støtta av Stefanusalliansen ikkje minst for å kunna utarbeida denne årlege rapporten.

Dei tilbaud kyrkjefolk pengar eller brukte trugsmål.

Umut Sahin

«Alarmerande», seier Tyrkia-ekspert
Mine Yildirim, tyrkisk akademikar og tidlegare vinnar av Stefanusprisen, seier til Arab News at rapportar om spion-verveforsøk frå folk som introduserer seg som sivilt politi eller etterretning, er alarmerande, men ikkje nødvendigvis nytt.

– Dersom dette er offentlege tenestemenn, er det alarmerande at styresmaktene er mistenksame i møte med opne gudshus. Dersom det ikkje var offentlege tenestemenn, er situasjonen også alarmerande. Det indikerer nemleg at det finst folk som vil «gje seg ut for å vera staten» for å overvake og skremme det protestantiske samfunnet, seier Yildirim til Arab News. Yildirim arbeider for Den Norske Helsingforskomite.

Dei protestantiske kyrkjene tel kring 7000 menneske og består i stor grad av folk som har konvertert til kristen tru, dei fleste frå islam.

Kristne i Tyrkia: Svartelisting breier om seg
Rapporten frå TEK tek føre seg heile situasjonen for protestantiske kyrkjer, mellom anna den vedvarande svartelistinga av utanlandske kristne som bur i Tyrkia og dels arbeider i eller er aktive i protestantiske kyrkjer. Den protestantiske alliansen ser på politikken som eit meir og meir målretta press mot kyrkjene.

Politikken med å kasta ut, nekta innreiseløyve etter utanlandsopphald eller nekta å fornya opphaldsløyve, skaut fart i 2019. Det skjedde etter at den amerikanske pastoren Andrew Brunson vart arrestert i 2016, skulda for både terrorstøtte og spionasje.

Han vart sett fri av ein tyrkisk domstol i oktober 2018 etter sterkt amerikansk press og etter at vitne hadde fråfalle vitnemål – som støttespelarane til Brunson heile vegen hadde kalla fabrikasjonar.

Etter Brunson-saka er utanlandske pastorar og andre blitt sett på som truslar mot offentleg orden eller nasjonal tryggleik.

Snart 70 svartelista
Gjennom 2019 og og fram til no er er talet på kjende saker nær 70, i tillegg til minst 1000 ektefeller og barn av dei svartelista. Det kan vera fleire som er ramma, som enno ikkje har fått vita det. Det har vore fleire tilfelle der folk utan å vita, har reist utanlands og møtt stengd grense på tilbakevegen  – med familie og eigedom dei ikkje kunne nå.

Stefanusalliansen svartelista
Ein medarbeidar i Stefanusalliansen vart i mars i fjor nekta innreise i Tyrkia og sendt tilbake til Norge – stempla som trussel mot nasjonal tryggleik.

Prosjektrådgjevar Vija Herefoss er ikkje busett i Tyrkia. Ho som har ansvar for å følgja opp alle tre prosjekta i landet, hadde reist inn og ut i fem år. Men nokre veker tidlegare i 2020 hadde ho delteke på ein nasjonal konferanse for leiarar i protestantiske kyrkjer i Tyrkia, på eit hotell. Fleire andre utlendingar som hadde vore på den same konferansen, blei også svartelista etterpå. Saka til Herefoss vart teken opp i eit brev til Tyrkia frå tre av FNs spesialrapportørar i august 2020.

Rammar folk med tyrkiske ektefeller
På toppen av dette kjem endå eit urovekkjande trekk: I minst seks tilfelle er no utlendingar som er gift med tyrkarar, ramma. Dei tyrkiske ektefellene av dei svartelista har sentrale leiaroppgåver i protestantiske kyrkjer.

– Dette skaper inntrykk av at det protestantiske samfunnet i Tyrkia målretta vert ramma, heiter det i den ferske TEK-rapporten.

 

Dette skaper inntrykk av at det protestantiske samfunnet i Tyrkia målretta vert ramma.

Den protestantiske alliansen i Tyrkia

 

Rapporten seier at dette er alvorlege brot på rettane til folk som ikkje har noko på rullebladet. Og det er også eit angrep på det protestantiske samfunnet.

Ein av grunnane til at utanlandske kristne er pastorar eller leiarar i protestantiske kyrkjer i Tyrkia, er at ingen kyrkjer har lov til å utdanna eigne pastorar eller prestar.

– Ingen av dei som er ramma, har noko kriminelt rulleblad, ikkje eingong ei trafikkbot. Dei har budd i Tyrkia i årevis saman med familiane sine, seier pastor Ramazan Arkan i Antalya. Han leier ein kyrkjelyd som Stefanusalliansen støttar.

«Ingen har gjort noko gale»
Mine Yildirim seier til Arab News at det ikkje har vore ei einaste politietterforsking eller rettssak mot enkeltpersonar eller kyrkjelege leiarar: Ingen er etterforska for religiøs aktivitet som skal ha brote tyrkisk lov eller menneskerettane til andre, inkludert trus- og livssynsfridomen.

Yildirim sier at dersom tyrkiske styresmakter prøver å infiltrere protestantiske samfunn, viser det at dei ikkje kan ta opp det dei finn mistenkjeleg innanfor rammene av lova.

Ho seier at både den tyrkiske borgarlova og den tyrkiske straffelova gjev juridisk grunnlag for å straffeforfølgja ulovlege aktivitetar.

«Heilt uakseptabelt»
– Tyrkias handlemåte er heilt uakseptabel, seier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen. Han viser til traumatiske opplevingar for lovlydige enkeltmenneske som har gjort teneste i lovlege kyrkjelydar og delteke på opne og lovlege konferansar.

Han legg til:

– Når mange titals utanlandske kristne vert stempla som ein trussel mot «nasjonal tryggleik», fortel det dessutan korleis styresmaktene i Tyrkia ser på dei protestantiske kristne i Tyrkia. Dette er eit angrep retta også mot dei, seier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen.

Ramma av stenging
Rapporten frå TEK fortel også om kor vanskeleg det er at protestantiske kyrkjelydar ikkje får godkjent bygga sine som kyrkjer og trussamfunn. Difor er det mange som registrerer seg som foreiningar eller stiftingar. Denne situasjonen blei kritisert i eit FN-brev til Tyrkia i 2020. 

Tyrkia avviste kritikken.

Men dei protestantiske kyrkjene har på dette viset dårlegare vern enn andre trussamfunn. Dette har også vist seg under pandemien. I eit distrikt i Istanbul blei tre protestantiske kyrkjer stengde – av omsyn til smittevern, og inntil «den legale statusen» til slike bygg «tilhøyrande utlendingar er endeleg avklart», heiter det i TEK-rapporten om menneskerettar i Tyrkia i fjor.

Under pandemien har Tyrkia i lengre periodar hatt full stenging av samfunnet laurdagar og søndagar og hatt delvis opning på dagtid i vekedagane, som no sidan november. Det inneber at kyrkjene som har søndag som gudstenestedag, er blitt ramma hardare enn moskeane som – innanfor reglane for smittevernet – har kunna avvikla den viktige fredagsbøna.

– Dette ser vi som diskriminering, seier Umut Sahin i Den protestantiske alliansen (TEK) som vert støtta av Stefanusalliansen.

– Det er god grunn til å uroe seg for situasjonen for den kristne minoriteten i eit meir og meir autoritært, ultranasjonalistisk og islamisert Tyrkia, seier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen.

Støtt kjempende kristne i Tyrkia

Stefanusalliansen støtter Den protestantiske alliansen og en evangelisk menighet i Antalya. De kjemper for sin trosfrihet. Merk gaven: Tyrkia.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT